mandag 3. november 2008

Felter, felter og atter felter......

Har i dag jobba med denne kombinasjonen, feltapparater og diskriminering. Eg har jobba mykje med at Ted skal få fine, effektive svingar uta av tunnel, dette får du nokså ofte på konkurranser. Det eg ser han har blitt veldig flink på er å lese når TA (treadle arme ) kjem opp. Ellers så kjem eg no til å prioritere små feltkombinasjoner framover, rett og slett for at det blir mykje både for meg og Ted og tenkje på. Du har timing, setje gode kriterier og ikkje minst følgje dei du har til punkt og prikke. Dessutan skal du og lade verdi for hunden for å stå på feltet, der har eg gjort ein dårleg jobb med Ted, han synes det er mykje kjekkare å få lov til å springe videre.
Handlinga begynner å fungere riktig bra, eg ser og av tørrhandlinga eg har gjort at han har blitt utruleg mykje bedre på høgre hand, det ser du og ute i bana, han er utruleg fin og lydhør.
Vi har og jobba mykje med akkselerasjon og deakkselerasjon, Ted har no veldig fin forståelse og er blitt flink til å legge inn eit ekstra skritt når han deakkselerer.
Til helga skal eg og TEd til Stord for å konkurrere, det gledar vi oss veldig til. 14 dagar deretter skal eg og Bjørnar til Hamar. Eg skal gå med Ted lørdag, resten av helga skal eg berre sjå , det er jo nordisk i agility.
I den forbindelse vil eg gratulere Dorthe og Luke som har blitt tatt ut til nordisk. Dei er berre kjempeflinke. Så vi heier på deg Dorte.....


Tedden konsentrert...

Full fart....



Litt for sein inn i ein threadle......noko som Tedden håndterte på beste vis. Dette er forøvrig det beste løpet vi har gått i år 5,6 meter i sek i agility.




Ingen kommentarer: