Her er den store kelly 7 mnd gammal.......Lykke til med henting av Squid i helga Fanny, bruk tida godt for du ser det går fort....Hels Mikaela og Anna frå meg....
Her er lille Kelly for nokre månader tilbake.........Tida går fort..I går var eg og Kelly på fellestrening i lydighet. Det var veldig kjekt og konstruktivt, vi fekk gått igjennom mange ting som er vanskeleg å øve på når ein er åleine slik som tannvisning og fellesdekk.
Ho blir fort litt ivrig på tannvisninga, men i går sat ho veldig fint i ro.
Fellesdekken synes eg og er veldig bra, i går trilla Torunn ballar, og gjekk i mellom hundane medan dei låg i fellesdekken, veldig god trening. Eg ser at det å liggje i lag med fremmede hunder på ulike plasser er veldig viktig. Eg vart og kommandert på fri ved foten, dette var veldig nyttig synes eg, Kelly går veldig fint i posisjon, slit litt med høgrevendingar men det er nok fordi det er dei vi har trent minst på. Ellers synes eg at ho har fint fokus og ho klarer å jobbe konsentrert lenger. Eg vart og kommandert på dekk fra holdt og den sitter veldig fint no. Ellers tok eg nokre innkallinger, ho kjem i stor fart og har veldig fine innsitt....
Det går framover med oss litt etter litt. På agilityfronten trenar vi og jamnt og trutt vi jobba med 270 graders sving i går, og uansett kor lang avstand der er mellom hoppa så gå ho på utsida. Det er utruleg kjekt å sjå kor flink ho har blitt, og kor stor forståelse ho allerede har for min posisjon og ulike signal.
Tusen takk til Sonja , Tore og Torunn for ei flott trening....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar