søndag 28. desember 2008

Vel overstått.........

Lille fine Kelly...
Denne jula har Pernille vore flittig brukt til både kjøring og ridning. Verdas finaste og snillaste hest....


Og så har ho ein fin bestevenn, Mathias..




Er du klar mor til litt work out spør Tedden... ?



Vel så har vi kome over i nytt år. Etter hardt press frå dei eg bur i lag med så har ikkje akkurat julehelga bestått av mykje trening ( vel litt har eg snike meg til). Men vi har hatt ei roleg og god jul med mykje god mat og besøk av gode venner og familie.
Eg har sett ein del filmar i jula blant anna Susan sin dvd om 2 gonger 2 metoden (slalom) og Greg Derrett sin nyaste dvd. Å det som er farleg med å få nye dvd ar i hus er at det nok ein gong blir hundre nye ting og trene på. Så no har eg ein del prosjekt gåande med hundane.
Med Kelly så har dette vore prioritert :
- Fri ved fot, her har eg hovedsakleg jobba mykje med proofinga (forstyrrelsar), og med utholdenhet, ho går veldig fint i posisjon no og har ein fin attityd.
- Apportering : når det gjeld apportering så har vi jobba med både treapport og metall. Eg har og sett til hopphinderet rett og slett for å lære ho til å hoppe med apportbukk, dette gjekk veldig fint ho skyt etter apportbukken som ein rakett, ho er mykje meir gjenstandsinteressert enn Ted nokon gong har vore.
Ho har veldig fint opptak no synes eg, men eg trur nok at eg har vore litt for dårleg på å tenkje proofing der må eg vere flinkare og både utfordre meg sjølv og henne.
- Stå under marsj : Dette har blitt ein veldig fin øvelse, ho har ein flott stopp og står fint og er rask i på plassen.
I denne øvelsen har eg jobba mykje med å få ho ut av posisjon, noko som gjer at ho er blitt veldig trygg på kva ho skal gjere....
Kelly har no inne heile klasse 1 programmet, men det som er viktig framover no er å konkurransetrene slik at ho ikkje lar seg distrahere når vi skal konkurrere (det er inga lett oppgåve med lille Kelly, ho er nyskjerrrig som få og så elskar ho absolutt alle).

Men eg må innrømme at det meste av treninga vår går i favør av agility. VI har jobba mykje med ulike Lead Outs (innkalling med framforbytte) siste tida. Der har Ted alltid hatt litt trøbbel, han har aldri fått lære viktigheten av å sjå rett fram og finne linja i banen, han ser på meg. Kelly derimot har lært seg å sjå fram og finne linja og du kan plassere deg i relativt vanskelege lead outs og ho klarer det lett som berre det.
Har og jobba mykje med ulike øvelser der vi veklser mellom akkselerasjon og deakkselerasjon og ho les kroppen min veldig fint.
- Har og fokusert på bakombyttene og serpentin. Ho har begynt å få fint driv framover og derfor har eg kunna begynne med bakombytter på hinder.
- Naseduttane, her har eg som målsetning at dei skal vere ferdig baklengskjeda til mars, håper berre eg greier det. Ho har fine duttar no. Nasedyttane kjem eg hovedsakleg til å ha bruk for på vippa, eg har lyst til å trene inn løpende felt på Kelly. Kelly er ein veldig fin hund og jobbe med, ho er energisk, snill og mykje tøffare enn Ted nokon gong har vore. Ted er ein veldig forsiktig hund mens Kelly er meir utadvendt og pågåande..

Med Ted :
- Eg og Ted driv mykje med finjustering for tida, det vil seie at eg prøver å kombinere ulike handlingsmanøvre i ulike baner, dette er utruleg viktig at du kan setje saman alle dei ulike signala du har i ein bane.
Eg har jobba med nokre kombinasjoner i den siste dvd en til Greg Derrett " On course to Excel ".
I desse kombinasjonane har eg veksla mellom å bruke framforbytter/bakombytter/threadle/serpentiner, push through, LOP (lead out pivot).
Eg ser at eg har begynt å favorisere bakombytter, du får utruleg fine og effektive svingar. Eg tok faktisk tida på TEd i ein kombinasjon der eg først tok berre framforbytter og deretter berre bakombytter. Kombinasjonen med bruk av bakombytter var sekundet raskare enn med framforbytter. Ein anna viktig grunn til at bakombyttene blir valgt er at viss du ikkje klarer å deakkselrere før du skal inn i eit bytte så får du rett og slett eit veldig dårleg positional cue. Viss du fortsatt er i ein akkselreasjon framover så trur hunden at han skal fortsette fram over på linja og så plutseleg snur vi oss i eit bytte, og då får hunden i beste fall ein veldig stor sving og verste fall slår hunden ned ein bom i bakken. Så viss du ikkje kan få bremsa inn i eit framforbytte så er det eit betre alternativ å ta eit bakombytte i staden. Min fremste jobb som handler er heile tida og vise hunden kor vegen går vidare. Ted er rask og dermed er det utruleg viktig at han er godt grunntrent og sjølvstendig i banen slik at eg som handler kan ta kortaste veg og at han sjølv må fullføre slalom og 270 svingar osv då kjøper eg meg tid og kan plassere meg heile tida slik at eg gir hunden min det beste positional cue.

Eg har og for min eigen del blitt flinkare til å tenkje " Desicion making " som i realiteten betyr at du planleggjer kva som blir den raskaste vegen rundt banen ikkje den tryggaste vegen. Dette har eg lært utruleg mykje av. Eg trudde at Tedden var rask, men det eg ser er at viss eg gjer jobben min som handler og tar dei rette valga i banen så går han endå fortare. Og som Greg så så fortreffeleg på dvd at viss du ikkje gjer ein god jobb med å finne raskaste vegen i eit stort mesterskap så har du tapt allerede før du går inn på banen. Der er ikkje problemet at hundane ikkje går feilfritt men det er ti og hundredelar som rår. Det er ufatteleg mange dyktige agilityekvipasjer og det gir eit skikkeleg adrenalin kick og sjå på god agility.....

Det er morosamt å leggje merke til skilnaden på Kelly og Ted. Ho er inne i ein fase med mykje nyinnlæring, medan med Ted er eg beynt å kjenne på tilfredstillelsen dete er å ha ein hund som verkleg begynner å gjere tinga sine riktig bra.
Ambisjonane med TEd i 2009 er rett og slett og gå mange gode og feilfrie løp, gjer vi det så lagar vi iallefall god konkurranse. Eg har og ambisjon om å stille Tedden i klasse 3 i lydighet viss tida mi tillet det..
Med kelly så bør eg kunne klare å starte ho i klasse 3 i lydighet i løpet av året. Agility kjem og med Kelly til å vere hovudfokuset mitt. Eg har merka av første stemne med Kelly på heimebane i august då blir det forttrinnsvis hopp.....Eg er ikkje så sikker på om feltene mine er ferdige innan den tid.

Eg har komme inn på FAnny sin agilityutbilding og gjett om det skal bli fantastisk kjekt, eg gledar meg kjempemasse.........




2 kommentarer:

Simen sa...

Dette må vel være noe for http://www.kennelrealscoop.com/test/AgilitykursSilviaTrkman09.htmdeg?

Anonym sa...

Så spennende! Når er stevnet?