fredag 1. januar 2010

Bonzo...

Desse to banene blei testa ut i dag i godt selskap...




I dag har vi feira Bonzo sin 12 års dag. Han har fått sin favorittmiddag vom etterfulgt av vafler, det er ikkje akkurat noko slankekost, men pytt.....I desse dagar har eg hatt Bonzo i ni år, det har for det meste vore gode år fylt av mykje god læring. Bonzo var min første utfordring, vi fekk han av nokre som skulle ta livet av han. Han var så fin og snill, men han hadde med seg mykje ballast, han var blant anna ikkje sosialisert så han bjeffa på alt og alle var redd for alt. Det var vanskeleg å ha ein slik hund, heime med meg og Bjørnar var han kjempesnill men ute var han ein katastrofe... I 2002 fekk eg tilbud om å vere med på eit kurs i regi av Canis på Fjellanger. Eg kasta meg med og eg fekk mange og gode erfaringer, denne ideologien som dei lanserte appelerte både til meg og til Bonzo og sakte men sikkert så begynte Bonzo og stole på dei rundt seg. Vi fekk og muligheten til å begynne med agility noko som stryrka sjølvtilliten hans enormt. Eg og Bonzo kom oss i klasse 3 i agility og hadde utruleg mykje kjekt saman. Då Bonzo var ti år måtte eg trappe ned agilitien på grunn av forkalkninger i ryggen. I dag lever han livets glade dager, han er min vikitgaste ressurs på kvalpekursa med både sosialsering og triks......Verdas beste venn, håpar at han skal vere like sprek i mange år framover. I dag har og eg Og Hilde og Charlotte hatt ei lita agilityøkt, kjempemoro.....Her er dei to løypene eg testa, desverre så ville ikkje videokameraet meir på andre runde så det fekk eg ikkje filma....

tirsdag 29. desember 2009

Bakombytter....




For nokre år tilbake fekk eg ofte høyre at bakombytter var noko ein ikkje hadde bruk for, ein skulle holde seg til framforbyttene og liggje framfor hunden og dra. Etterkvart som eg har lært Ted og kjenne så veit eg at bakombytter er eit heilt nødvendig verktøy. Bakombytter er ganske avansert å få skikkeleg til. Det er veldig lett å få ein flick, det vil seie at hunden vender vekk frå deg. Det er viktig at ein har ein hund som er flink å drive framover i et bakombytte, det er litt av grunnen til at eg har utsett bakombyttene med Kelly, ho har ikkje hatt nok drivkraft framover, men no ser det ut til at det løsner.Kelly er tilbake i lett trening igjen noko som er veldig kjekt, ho viser gode takter synes eg. Eg har fokusert mykje på sirkelarbeide med henne og hoppteknikk, dette gjer at ho har begynt å hoppe ganske bra på 65 cm. I dag har eg jobba mykje med innvendige sirkler noko som er viktig for å lære hunden at ein trykkjer på linja bak den. Dessutan skifter hundens gallopp i et bakombytte. Det å presse på hunden lærer hunden å bytte galopp som man trenger i et bakombytte.

Andre ting som eg og fokuserer på i sirkelarbeid :

  • Lære hunden å elske å springe ved min side, skape fart og motivasjon, då er det lettare å skape motivasjon når ein set opp hinder
  • Lære hunden å følgje kroppen min , aldri vende seg vekk
  • Lære hunden akkselerasjon /deakkselersjon ( då kan hunden venne seg på kva som teknisk skjer i hundekroppen når dei må bremse og når dei kan lange ut, steglengden blir ikkje den samme)
  • Anti blindbytte øvingar, lære hunden å gjere 360 graders svinger rundt meg utan å bytte bak ryggen min
  • Glimrende øving til oppvarming før agilitytrening.
  • Jobbe mykje med at hunden skal drive inn til belønningssona, der forsterkninga er
  • Lære hunden å akkselere på ei rett linje
  • Jobber mykje med posisjonsignaler og at når eg spring skal hunden springe og ta dei hindera som ligg i dens veg, når eg bremsar skal hunden samle seg og bremse inn, når eg stoppar skal hunden drive inn til meg til belønningsssona...

lørdag 26. desember 2009

Dobbelboks....

Her er berre ein av dei mange alternativa eg jobba med i dag. Fordi Ted er veldig opptatt av tunnelar la eg den til forstyrrelse, den er dessutan om utmerket å trene threadle på...

I dag har eg og Ted trena litt dobbelboks.
Målsetninga med dagens trening var først og fremst og sjå på ein del grunnleggjande ferdigheter som eg er avhengig av at hundane mine utfører når eg ber dei om det. Fordelane med å trene dobbelboks er mange og dette er punktene som blei dagens hovudfokus..
  • Akkselerasjon versus deakkselerasjon.

  • 270 graders sving versus threadle ( altså ta hunden mellom hindera i svingen)

  • Lead out ( lære hunden ulike posisjoner som fører kan stå i )

  • Timing framforbytter

  • Diagonale framforbytter

  • Lære hunden å jobbe selvstendig i svinger uten å komme inn til fører i boksen

  • Du har uttalige handlingsalternativer

  • Du får ein indikasjon på sirkelarbeide, forståelsen hunden har for å komme inn til belønningssona..

  • Fotarbeide og belønning av threadle arm..

Det er litt variabelt kor mange meter eg har i mellom hindera i ein boks av og til set eg opp ein lite boks med 5 meter mellom hindera medan eg andre gongar har opp til 10 meter mellom hindera. Eg har fått meg nytt videokamera til jul så Bjørnar har filma meg og Ted litt. Men sidan det å sjå meg sjølv på film gjer meg litt kvalm så kan eg ikkje love at det blir film så veldig ofte....


tirsdag 22. desember 2009

Eit lite tilbakeblikk....

Finaste Tedden min...

Bonzo syng likegodt jula inn.....
Finaste Kellymora ute å busar i snøen....



Fine hesten min Pernille...


Som som alltid ligg eg etter på bloggfronten. Alt går så fort og det er alltid noko som skal gjerast. Eg har vore med på mange kjekke ting siste tida. Eg og Bjørnar har vore på tur til søta bror og blant anna gått kurs med Greg Derrett og vore på Hund 2009 i Stockholm. Det har
vore diverse avsluttninger med Mathias og på skulen, eg forstå berre ikkje kor tida vår blir av.

Greg kurset var i Malmø og ja ca ein 15 timars kjøretur unna, eg og min kjære Bjørnar kjørte natt til onsdag og kom akkurat fram til Malmø når kurset skulle starte klokka 10, eg veit ikkje men eg har alltid hatt litt ærefrykt for Greg, eg har aldri møtt han sjølv men eg har høyrd mykje om han at han blant anna var veldig streng, så meg hadde litt sommarfuglar i magen. Kursdagane gjekk som ein røyk, kjekke og hjelpsomme kursdeltakere og verdas finaste Ted som alltid gjer sitt beste, som Greg sa fleire gongar på kurset " Ted takes his job very seriously ". Vi fekk mykje skryt, mest av Ted " he is a brilliant dog ". Eg derimot har mykje å jobbe med , men Greg han trøsta og sa til meg at med ein slik hund som eg har så viser feila ein gjer i bana mykje tydelegare og ein veit då kva ein må gjere for å rette det opp, mens andre hundar kjøper det vi gjer og systemet bli då kanskje litt innkonsekvent fordi vi ikkje er klar over at det blir feil.... Vi har mykje å jobbe med , men samtidig å gå med ein hund som Ted krever alt av deg fart, presisjon, smidighet den gongen du skal ut å sprionge skal alt klaffe og det gledelege er at det gjer det meir og meir. Ein av dei tinga eg beit meg mest merke i var dette utsagnet " people just want to work with the sexy stuff, dont the boring ones like cirlework osv. Dette er sant det ser ein rundt omkring ofte. Det er mykje kjekkare å gå baner å springe en å belønne felter og starter, sirkelarbeid, belønne bra og jobbe med alle smådetaljane som betyr så mykje når du kjem ut på bana. Heilt topp kurs der eg fekk mange gode ting som eg kan jobbe vidare med...

Frå Malmø reiste vi til Stockholm som er ca 60 mil, men med nokre bedre veg enn i Norge så gjekk det unna ganske kjapt. Vi var så heldige at vi fekk bu hos Anna og Krille som er verdas hyggelegaste vertar, FAnny kom og innom og vi hadde mykje god hundeprat... Lørdags morgon var det opp klokka fem og sette nasa mot Stockholm og Hund 2009 brifeing for stor begynte halv åtte og før det veterinærkontroll på både Ted og Kelly. Ted skulle gå agility og lille Kelly skulle stillast ut. Ted og Kelly oppførte seg eksemplarisk gjennom veterinærkontrollen. I og med at det var 138 startende i klasse large og eg var nummer 115 så måtte eg vente til tredje briefing. Hoppbanen av Mia Laamanen er akkurat slik ei bane skal være teknisk, fine linjer det krever god handling. Eg og Ted fekk 10 feil i denne banen, han fekk ei sklitakling i ein sving, og så rota eg det til slik at han fekk ei vegring, det blei ein 28 plass for den innsatsen, men det er kjekt å sjå at tidsmessig så hadde Ted like god tid som finnane. Dagen blei lang for å seie det slik, men etter hoppen vandra eg og Dorthe bort til utstillingsringen. Kelly oppførte seg eksemsplalarisk og dommaren var spesielt fornøyd med korleis ho bevegde seg, dommaren synes likevel at ho var vakker men litt liten og spinkel, men vi fekk vår blåe sløyfe som vi treng. Ho klarte til og med å seie til meg at eg stilte ho fint ut, kanskje har eg no fått eit nytt talent, bytte rase å begynne med utstilling i staden ? Dorthe og Luke fekk ei fin raud sløyfemed og gratulere så mykje med tittel. Kelly helsa og på broremann Keep ikkje det at ho synest at han var so grei, ho freste til han når han prøvde og yppe seg, men fin var han... Bort igjen å gå agility denne gangen ei bane av Ninnie Lindvall fin bane, teknisk. Eg hadde igjen eit seint startnummer 101 , men det gjekk heilt greitt. Eg løyste banen fint og hadde bra flyt til 3 siste hinder der klarer eg det kunststykke å dra han forbi siste tunnelen og disk, men det er ingenting å gjere med det. Dorthe fekk ein fin 5 plass, godt jobba. Vi kjem sterkt tilbake, Ted går som ei klokke noko vi har tenkt å vise framover....Ellers så er eg ikkje skremt av nivået klarer ein å gå feilfritt så er ikkje finnane umoglege å slå, sjølv om det var akkurat dei som vann alt i large både lørdag og søndag. Det var kjekt å følgje med søndagen mykje god agility og det er alltid kjekt....Grattis og til Line med ein flott andre plass i ag en lørdag, og til Diesel som då er svensk ag champion....Så var det å ta farvel og ta til på den laaaaange reisa heimover, men med Bjørnar som selskap går det som ein draum, vi kjem oss då heim i løpet av mandagen med mange gode erfaringer i bagasjen.... NO fortida er det mykje skriving om mål rundt omkring i bloggar , kortsiktige mål og langstiktige. Mål er viktig å ha det kan vi alle vere eninge om det å jobbe mot noko og det å sjå at treninga faktisk går framover. Mitt store problem har alltid vore å legge ut måla slik at andre kan sjå dei , det er ikkje fordi at eg ikkje har treningsmål for eg har mange.
Eg har alltid vore impomert av dåke som legg ut gode og foruftige treninsmål og forteller om visjoner om å komme med på landslag i både lydighet og agility. Dette er ting som eg og ønsker men eg tør ikkje å skrive det ned slik at andre kan sjå det.
Ein god del av desse tinga handler om ulike personligheter. Nokre mennesker har stor tru på seg sjølv, andre må gjerne jobbe litt for det. Vi hår i løpet av året oppnådd mange av måla våre , men det viktigaste målet eg har jobba med handler om meg sjølv, det å ha tru på seg sjølv det å kunne seie takk når nokon seier noko positivt ikkje berre le det vekk, det å ikkje vere så nervøs når eg skal ut å konkurrere i agility. Ha tru på at eg kan vere best og at eg har vore det mange gonger i løpet av sesongen. Gi seg sjølv tid til å bli god å utvikle seg. Eg har ein enorm sjølvdisiplin og det fører ikkje berre gode ting med seg. Viss ting går gale så er eg rask med å skulde på meg sjølv. Det eg ser er at det å vere fokusert på desse tinga har hjolpe meg igjennom mykje dette året, og kan med handa på hjarte seie at alle skal kunne unne seg å være stolt over eigne prestasjoner, eg har ikkje kome heilt i mål men det blir stadig bedre. Takk til Bjørnar som alltid har tru på meg og som køyrer meg overalt og til alle venner som har tru på meg og gir meg støtte..... Kanskje skal eg legge ut måla for neste året i bloggen vi får sjå men i mellomtida ha ei riktig god jul til alle der ute.......

mandag 30. november 2009

NM.....

Vel i dag er det mange tankar som går gjennom hovudet mitt. Har nettopp spandert 2000 kroner på å røngte Kelly. Etter vi kom heim frå Lillestrøm i går skulle eg løfte henne for å kløppe negler og då skreik ho til . Eg fekk erklært i dag at ingen ting var brukket men at ho var veldig forslått, det gjer sjølvsagt at samvittigheten min er svart som jord i dag .Kelly er sjukmeldt i allefall i 14 dagar. I helga hadde eg meldt på Ted som skulle gå NM Kelly skulle gå hopp 2 lørdag og lydighet klasse 3 søndag. Det var ein fin hall vi var i heilt for oss sjølve og det var god stemning, og dommarane hadde gjort ein veldig god jobb med baner og gjennomføring. MEn det som eg derimot IKKJE var fornøyd med var underlaget., Hopp gjekk først, eg såg meg gjennom small og medium og eg var ikkje imponert, for mange av dei raskaste hundane resulterte det i mykje knall og fall. Det var til og med hundar som skreik av at dei slo seg. Så kom vi til klasse stor og dei var ei fin bane av den engelske dommaren, men det hjalp lite før Ted kom til hinder 4 hadde han tryna to gonger , med den energien han har så er det ikkje så lett å tilrettelegge. Eg gjorde så godt som eg kunne, vi kom oss heilskinna igjennom med ein vegring, han sklei nesten i eit hopp og eg måttie hive på ein threadle for å få litt avstand til hinderet og då fekk eg sjølvsagt vegring. I agilitien gjekk Ted kjempebra han stoppa momentant på alle feltene og hadde god fart tross det glatte underlaget, så gjekk det som det måtte gå, han sklei i oppsatsen på eit hopp og ramla i heile hinderet, ergo 5 feil og ingen finaleplass, det er surt synest eg to gode løp spolert av dårleg underlag. TEd kom inn til suverent beste tid 2 sekunder framfor den som vant. Kelly skulle og få lov å gå hopp 2 på lørdag, men allerede på dei fire første hindera var ho i golvet to ganger, på hinder 10 sklei ho i oppsatsen og landa rett i hinderet, då takka vi for oss. Det kan vel kanskje vere orsaken til at ho ikkje var interessert i å jobbe i lydighetsringen neste dag, at det gjorde vondt i kroppen. Men alt hell og lykke til dei som gjorde det bra, det var kjekt å sjå på dåke. MAnge gratulasjoner til finske Jenni Lethinen som vann i klasse stor du er suveren, og til JAn Egil som dessverre var uheldig men gjekk kjempegode løp. Inger Elise som kom til finalen godt gjort og til Dorte som med Pytt vann to løp på suverent beste tid..... Heia Bergen. Vel dette er definitivt mitt første og siste mesterskap på eit sånt dekke, den aller viktigaste ingrediensen i agility er hundane så derfor kjem deira sikkerhet framfor ALT................

onsdag 11. november 2009

Fri ved fot....

Kelly ut av ein tunell, ho begynner å bli ivrig..... fotograf er Karin og John...
Ted i eit luftig svev...
For alle øvelser som eg er innom uansett kva gren eg jobbar med så har eg alltid eit bilde av korleis eg vil det skal sjå ut. Både i agility og lydighet så har eg nokre momenter eg er veldig fornøyd med, MEN eg har og til gjengjeld ein heil del å trene på. Eg vurderte faktisk tidlegare i dag å begynne å samle på frimerker, men det varte heldigvis berre ei lita stund....

I dag har eg jobba mykje med fri ved fot, av ein eller annan grunn så finn eg akkurat denne øvelsen heilt umogeleg enkelte gonger. Ein av dei største problema mine er at eg griper om for mange ting på ein gong når eg skal trene...

Så målet for dagen med Kelly :

- Nasedutter : dette begynner faktisk å sjå riktig bra ut, eg vurderte ei lita stund å starte ho i agiliten og på Lillestrøm, men eg slo det frå meg, eg har meir enn nok både og tenkje på og gjere den helga. Målsetninga med Ted må jo vere å komme med til finalen søndag, så får vi sjå om eg faktisk klarer det. Men debuten med Kelly blir vel i januar eller februar tenkjer eg.

-Fri ved foten :
Eg har tatt for meg stegforflyttningane i fri ved foten i dag.
For det første trene mykje på at ho 1. oppsøker meg når vi skal trene og 2. Kan holde god fokus i utgangstilling. Dette er veldig viktig for resultatet.
Deretter gjorde eg som følger :
- to steg til høgre og sette seg
- to steg til venstre og sette seg
- holde posisjon to steg bakover
- to steg framover
- vending til høgre
- vending til venstre
- helt om
Det blir enklare å trene når ein faktisk konkret går inn å jobber med enkelte moment i staden for å trene litt på alt slik som eg gjer....Kelly begynner å bli flink å holde posisjon, ho går med fin attityde, men eg kjenner at eg ofte blir ustødig når eg går , vel eg får berre trene meir på det så kjem eg vel til å gå så støtt som nokon til slutt....EG må heilt klart gjere ein god innsats framover med fri ved foten ellers kan eg likegodt leggje lydigheten på hylla. Det er litt av problemet at det er mykje å trene på men lite tid til å trene lydighet, men det er jo no alt kjem til alt ei prioritering. Viss ikkje agility hadde vore så kjekt så hadde det gjerne vore lettare å trene meir lydighet.

Eg har og hatt ein runde med luktdiskriminering og det begynner å sjå riktig bra ut. Ho plukkar til og med rett pinne etter eg sette saman diskrimineringa med sjølve apporteringa. Forhåpentlegvis sit det til den 29 november, det er lov å håpe. Har og fått trent litt agility det vil seie hoppteknikk, det er viktig å få løyse opp litt innimellom. Når eg heldt på dette fann eg ut at eg på samme tida kunne la ho få bere apporten medan ho hoppar det var slik Ted lærte deg å holde metall, det var faktisk ikkje eit klirr å høyre , veldig bra.....
Men no er det leggetid på MAthias og då er det fast speletid på sengekanten, Uno heiter spelet og det er like fasinerende for både liten og stor.....Så ha det godt alle saman..