søndag 17. juni 2007

Ted i farta.....

Flinke voffen min.......
Klare for klasse 2..............

Vel det dumme i agilitysporten er at ein ikkje kan seie at i dag skal eg vinne og ta eit napp. Tenkjer ein slik har det ein tendens til å gå gale.

Vel eg bestemte meg laurdags morgon når eg reiste til hundestemnet at i dag skulle det vere full skjerpings. Vi kom til stemne plassen, og tok oss ein god luftetur. Ted verka frisk og rask, kanskje litt overenergisk. Eg kan ikkje gire han for mykje opp før eg skal starte. Rett stressnivå er ein forutsetnad for å kunne gjere det bra.
Eg gjekk ut på brefinga mi med ein tanke i hovudet, finne raskaste veg og leggje god til rette alle svingar og feller i banen. Det var Per Berg Kirkevoll og Eskil eit eller anna som var dommarar. Dei laga gode handlingsbaner heile helga, så banene var det ingen som kunne klage over.
Første løpet ut var agilitien. Vi gjekk eit veldig godt løp meg god flyt og fin handling, fekk likevel to pinneriv, der eg bomma litt på nokre avstander, noko som førte til ein fin tredjeplass.
I hoppen gjekk det likedan, vi fekk med oss to hårfine riv, noko som nok ein gong førte til ein 3 plass. TEd var 10 sek raskare enn vinnaren i både hopp og agility, så det går verkelg unna i svingane. Så var det dei to siste løpa, eit i ag og eit i hopp. La meg seie det slik at i agilitien var Ted suveren. HAn gjekk ein 165 meter lang bane på 30 sek, det vil seie ca 5,5 meter i sekundet, og denne gongen hadde vi ikkje ein einaste feil. Så vi blei suverent Best og det var ei kjempegod kjensle. Dette ligg det mykje hard jobbing bak, og det begynner og gi resultater.
I hoppløpet gjekk det likedan, han segla inne med null feil i dette løpet og. Gjett om eg var stolt av gutten min. 6 løp gjekk han utan disk. Det vil seie at vi fekk opprykk til klasse 2. Eg er veldig nøgd med debuten i klasse 2 i dag han gjekk eit fint løp, men førar mista hunden sin i tunnelen, det er fort gjort. Neste stopp er Sandefjord om 14 dagar, då får vi sjå.......

1 kommentar:

Marianne sa...

Gratulerer, Bodil:)
Du og Ted er suveren!!!