lørdag 3. november 2007

Naboens nye spikerpistol........

Mathias meinte det var så varmt at han ikkje trong jakke, vi skriv i dag 3 november. Det høyrer med til saken at jakken kom på i etterkant av dette biletet. Men dei ser veldig fornøyde ut her...
I skogen er det mange rare ting....



Naboen vår er verdas kjekkaste mann, han er hyggeleg og smiler alltid, men vi har forøvrig eit problem og det er at han har gått til anskaffelse av ein spikerpistol. Noko som alle veit er at når du har fått deg ein ny ting som er hot så bruker du det ustoppeleg. Slik er det med naboen og, han har nesten nye spikarprosjekt kvar einaste dag. Kva har så dette med hundetrening å gjere ? Vel Ted er ein liten skuddredd fyr. Når helgene nærmar seg blir eg fylt av fryd, då kan eg trene litt meir enn ellers. Det var min første tanke når eg stod opp. Eg tenkte eg skulle kjøre i gjennom nokre av øvelsane til neste helg. Når det nærmar seg konkurranse så blir det mykje trening. Eg var fylt av optimisme til eg kom ut i hagen. Ted smalt inn i utgangsposisjon og var klatr for ei apporteringsøkt, men uheldigvis så hadde naboen bestemt seg for å lage nok eit prosjekt og avfyrte første spikarpistolskuddet. Ted sprang under hagebordet og der blei han liggjande, dette var farleg. Vel då hadde eg to valg, la panikken ta meg eller å vente på bedre tider. Eg valgte heldigvis det siste. Eg fekk faktisk trent godt med Bonzo medan Ted lag og såg på. Bonzo var full i fryd og elska all oppmerksomheten, han er ein fin fyr sånn. Så lenge det vankar godbitar og ros så er det ingenting som kan skremme han. Eg fekk trent på fri ved foten og apportering. Bonzo har alltid vore veldig god på øvelsen fri ved foten, han går nydeleg, men han klarer ikkje alltis å holde munn. Så i dag har vi hatt supre økter der pelsefyren har holdt heilt munn, dette heng jo sjølvsagt godt i lag med kriteriesetting og timing der eg ikkje alltid har vore like flink med Bonzosom eg har med TEd.


Etter treningsøkta tok vi oss ein tur i skogen. Heldigvis vart då spikarpistolen fort gløymd. Eg køyrde utgangsstilling, fokus og faktisk heile avstandsøvelsen inne i skogen, det funka heilt topp.. Gutten var tilbake på nett.. Då eg kom tilbakl køyrde eg ein apportsekvens og innaklling med stå, fortreffeleg......Tedden er dyktig han.. Litt slalom innganger fekk vi og trent på. Ellers likar eg og ta med gode visdomsord, eg fann eit i dag og som står i bloggen til Bud Houston, ein flink agilityfyr som eg gjerne skulle hatt til nabo for å spørre han ut om agility. Han snakkar i bloggen sin om " The Three qualities of success. 1 Ha den riktige planen 2. Gjer det du har planlagt. 3 Det som ingen nokon gong tør å nevne FLAKS........... Vel det synes eg er godt sagt, eg har iallefall erfart at det stemmer. Ei treningsøkt blir så mykje betre når den er gjennomtenkt...


Nei støvsugaren ventar. No skal eg til med å utsetje meg sjølv for ubehag, nemleg vaske hus....

fredag 2. november 2007

Gridwork and commitmentpoint......

Teambonzo på agilitytrening.........Det er nokre stilige gutar mammo har....
Klar til avsats.......Fann nokre gamle bilete frå eit tidleg stadium i felttreninga, der han faktisk ikkje engasjerer bakparten pluss at ha virrer med hovudet. Skal ta nokre nye bilder av korleis det faktisk har blitt etter nokre små justeringer.


Skriv norsk tenkjer du sikkert no, det bruker eg å vere flink å gjere men i og med at dei fleste termer innen agility nettopp kjem frå England så kan det vere vanskeleg å unngå det.

Gridwork blir brukt mykje i hestetrening, og det er utelukkande for å hjelpe dyret til å få rett hoppteknikk, til å få rett avsatspunkt. Ein har då ei rekkje hinder etter kvarandre med kort avstand der dyret må lære å løfte seg over med rett teknikk. Dette er og så veldig viktig i agility. Denne veka har eg og Ted jobba mykje med hoppteknikk slik at han verkeleg skal bruke bakparten til å skyve i frå med. Eg har sett opp 5 hopphinder på rad med 3 meter i mellom, han må sjølv finne ut kor han må satse og lande for å klare å komme seg opp på neste hinder. Dette er veldig god trening.

Parallelt har vi jobba med commitment point som er det punktet før eit hinder der hunden forpliktar seg på hinderet, det vil seie at ein ikkje kan kalle hunden til seg att. Grunnen til at eg tar tak i dette er at timinga mi må heile tida forbedras. Viss kommandoen kjem for tidleg eller for seint så blir det like gale. Derfor må eg lære meg til å sjå kortid dei verbale og fysiske kommandoane må komme. Når ein har ein rask hund så er ikkje dette alltid like lett, men det har utruleg mykje å seie på resultatet. Når eg trener commitmentpoint set eg opp fem hopphiner i ein ellipse (ein slags oval sirkel).Eg har ulik høyde på hoppa og ulik avstand, dette for at eg lettare skal sjå kortid han forpliktar seg på hinderet.
Eg har og jobba mykje med lydighet dei siste dagane, det nærmar seg konkurranse og det er mykje å finpusse på. Feilen med meg er at det nesten aldri blir bra nok, men no har eg bestemt meg for at det får vere godt nok.
I dag har eg tenkt å jobbe med slalom +inngang, dette er veldig viktig arbeid, då sjølvstendigheten i ei bane må vere stor. Eg skal og trene avstandsdirgering og fri v/foten, eg blir aldri fornøyd. Men ein ting er i allefall sikkert, kjekke treningskompisar det har eg i allefall......så lenge det vankar belønning så er dei firbeinte med....

tirsdag 16. oktober 2007

Så var det over........

Ferdige med eksamen.....I bagrunnen ser du den nydelege trøndelagsbygda. (bilete er tatt av Cecilie Køste).
Ei stor takk til den dyktige hunden min.......
Vel etter ei hektisk helg i trøndelagen har vi endeleg landa her heime. Det har vore ei utruleg innhaldsrik helg med alt frå klikkertrening av hest til eksamen. Det har vore tre veldig travle dagar der eg har lært mykje nytt. Det er heilt utruleg kor mykje kunnskap hovudet rommar. Det er godt å vite at ein er ferdig med eksamen, men samtididg var det trist å seie farvel til alle som gjekk på kurset og som ein har blitt godt kjend, og til Morten og Cecilie som må vere nokon av dei dyktigaste instruktørar eg veit om. Dei diska opp med både instruksjon, sosialt samvær og kjempegod mat. Fredag hadde vi klikkertrening av hest, eg hadde Cecilie sin hest Rufo, ein andalusier og ein meget spesiell herremann. Utruleg dyktig hest, og det var festleg å få sjå ein ekte klikkertrent hest. Eg fekk utruleg mange gode tips, så dno heldt eg allereie på med egne hestar, eg skal lære dei å apportere. Vi hadde og om servicehund, det var veldig interessant.
Laurdag var det konkurranselydighet og baklengskjeding som stod på programmet, eg fekk fullstendig kick av heile greiene, så no har eg likegodt meldt meg på lydighet på Stord i klasse 2, det blir spanande. Søndag var det duka for eksamen og det var ikkje fritt for at nervene var litt i spenn. Heldigvis så klarte vi oss med glans og det var kjempekjekt, det er mykje trening som har blitt lagt ned. Men og eg skal seie det sjølv, så har eg ein UTRULEG DYKTIG HUND som eg er veldig stolt over. Så var det å reise heim igjen, 12 timar i bil. Det tar på både menneske og dyr.
No står senga for tur, eg er underernært på søvn.......

onsdag 3. oktober 2007

Glade dagar.........

Dette har eg trent på idag. Få hunden i mellom og på baksida av eit hinder.
Her er min vesle Canis konsulent......som alltid har med smil og gode råd......

Apportering har det vorte mykje øving på siste tida.

Litt klisjeisk overskrift dette, men det er no slik det ein gong kjennest. Vel eg er jo lærar og alle lærarar i Hordaland har haustferie denne veka, heldigt for meg. Eksamen er berre 1 veke unna og det gjer meg mildest talt litt stressa. Eg jobbar i grunn i forhold til litt mange kriterier om dagen. 1. Handling og kommunikasjon i agility.2. Innlæring av øvelsane i klasse 2 og ikkje minst det vikitgaste akkurat no EKSAMEN og BAKLENGSKJEDING....

Heldigvis blir det meir trening enn det blir blogging om dagen, ellers hadde eg lege seriøst dårleg an. Men for å seie det slik så er Ted og Bonzo dei beste treningskompisane ein kan ha så det bruker ikkje vere vanskeleg å setje i gong med ei økt.
I dag har eg trena på delmomneta på stå under marsj i klasse 2. Brå stoppen+ fri ved foten er kjempefin. Har og jobba med delmomentet å springe frivillig ut til apportbukken, eg har jobba lenge med innkomsten og den begynner å bli riktig bra. Jobbar og med framsening til kjegle m stå som eg har kjeda ferdig, der er eg spesielt nøgd med den eksplosive starten han har i frå kjegla og inn til fører. Når ein er tidleg oppe så er det ikkje måte på kva ein rekker på ein dag.
For ei lita tid tilbake fekk eg ein dvd hos min kjære, som Susan Garett har laga, "Success with one jump". Vel det er til no den beste treningsvideoen eg har sett . Den tar for seg det heilt grunnleggjande når det gjeld hundetrening og agility.
Det farlege med å sjå slike dvd ar er at ein nok ein gong oppdagar at ein ikkje har gjort ein slik god jobb med agilityhunden sin som ein burde. Men i staden for å deppe over det, er det berre å gå ut å trene. Alt er trenbart....
Eg forstå i allefall veldig godt kvifor det av og til går gale uta på bana, meg og Ted manglar ein del viktige signal. Bjørnar har no laga ei super agilitybane til meg, dei siste 14 dagane har eg jobba med å setje signal på tre svært viktige atferder i agility, nemleg serpentiner, threadles og push trough. Dette er det mykje av ute i banene og eg vil vite heilt sikkert at min hund forstår meg ute i bana. Med ein slik hund som eg har er SYSTEM absolutt alt. I dag har eg alttå jobba med å få han i mellom hindera og på baksida (sjå teikning over). Eg kjenner at handlinga mi kjem meir og meir på flyt, eg har drive utruleg mykje tørrtrening utan hund, og eg trur heilt sikkert at det er grunnen til at vi no får det så bra til. Eg må først vite kva signal eg skal bruke og korleis eg skal formidle det til hunden på ein tydeleg og forutsigbar måte.
Vel det er berre til å stå på framover så får vi inderleg håpe at det heldt.......

mandag 10. september 2007

Kvifor system er så viktig ?



Innan agility finn ein mange termer; framforbytter, bakombytter, blind cross., serpentiner, threadles, push trough, post turn, mykje bruk av armer, lite bruk av armer, bruk av blind cross eller ikkje, running contacts eller to på to av osv. Ein kan nevne i hopetal av ulike metoder og innfallsvinkler. Det fins enorme mengder med informasjon i bøker og instruksjonsvideoar. Likevel det er veldig lett å gå seg vill i alt dette landskapet som ein kallar for å gå "agility".
Når du har gått ein del kurs, vore med på ein del stemner tenkjer ein gjerne etterkvart at ein begynner å få det til. Når det gjeld agility har eg alltid mangla ein ting, nemleg system.
Eg har tilbrakt dei siste dagane framfor tv-en(eg har gjort ein god del anna og slik at det er sagt)og sett på Susan Garett sin Dvd "Success with one jump", og eg seier berre gosh..... Skulle berre ønskje at ho var naboen min slik at eg kunne spørre ho om alt eg lurer på når det gjeld agility. Denne sommaren her har det begynt å gå rette vegen for meg og Ted og eg har leikt litt med tanken på at no begynner vi å bli gode og stabiliserer oss. Vel det trudde eg før eg såg dvd'en.
Men det eg ser veldig klart er at det er store bruddstykker i utdanninga til Ted. Susan legg vekt på mykje grunntrening og bakkehandling lenge før ho bringer hunden på eit hopp. Hunden må vite kva du prøver å fortelje den først, kva signaler du vil ta i bruk for at hunden skal forstå kroppsspråket ditt. Dette er faktisk nøkkelen til all suksess. Folk trur faktisk at agility handler om hindera ute på banen, det er berre delvis rett. Det handlar og om tett kommunikasjon i stor fart. Det eg har merka veldig er at når Ted forstår signala mine på "bakken" er det ingen trøbbel og setje det på hinder etterpå. Men å gå motsatt er derimot vanskelegare. Det eg prøver å seie er at GRUNNTRENING er alt. Og for at ting ikkje skal gå i stå både for hund og fører treng du eit fast SYSTEM som tyder det SAME alltid. Det er altfor mange som gir hunden skulda for dårleg trening. Med mindre du har lært hunden kva respons han skal ha på kvart signal du gir, så har hunden faktisk ikkje ein sjanse til å forstå kva som blir forventa av han, og i allefall ikkje når den har stor fart og attpåtil skal forsere hinder etter hinder.
Eg synes faktisk vi skal vere litt ydmyke i forhold til hundane våre, det er heilt utruleg kva dei får med seg sjølv om føraren slurvar. Så eg har tatt meg sjølv skikkeleg i nakken eg jobbar no i forhold til eit system som eg trur fungerer, og at det gir hunden mi ei kjensle av tydeleghet og forutsigbarhet for det er nødvendig i agility.....
Men la meg seie det slik at ; desto meir eg lærer desto meir ser kor lite eg eigentleg kan....

onsdag 5. september 2007

Konsentrasjon..........

Tedden og mammen er konsentrert før dei skal starte i agility.....

Denne veka har eg stort sett hatt Susan Garett si stemme i bakhovudet, ho har skrive boka "Shaping sucess" som handlar om hennar eiga hund Buzz frå han er ein fersk unghund til ein agilitymester av dei store. Susan skriv i boka si mange ting som er særedeles interessante som feks "your dog is a mirror image of your abilities as a trainer". Det er ganske sterkt sagt, men desto meir eg tenkjer over det desto riktigare er det. Vi seier kanskje ofte at "med min neste hund skal eg eg gjere det og det, i staden for å ta seg sammen i nuet med den hunden ein faktisk har.
Denne veka har eg levd etter ein del treningsreglar som nettopp Susan Garett har skissert og som skal effektivisere treninga mi, og om eg må seie det sjølv så er eg veldig godt fornøyd.
1. Arbeid-leik-arbeid-leik-arbeid-leik-pause, det vil seie at eg gjennom ei økt har full konsentrasjon til eg er ferdig. I det eg tar hunden ut av bilen skal alt vere klart, utstyr, kva eg skal trene på og belønning, under økta er det fullstendig fokus på hunden og det ein heldt på med, utruleg effektivt.
2. Positiv trening betyr ikkje at ein ikkje skal setje krav, men det må vere krav som står i forhold til det hunden og fører kan makte.(gode kriterier er ein forutsetnad).
3. All atferd er skapt av konsekvensane det får. Eg hadde nemleg ein episode ute i hagen der eg fekk sjå at Ted gjekk i frå treningssituasjon i lag med meg til å finne ei atferd som var sjølvforsterkande, nemleg å kjefte som ein gal og springe rundt plenklipparen. Eg berre stod som ein mumie. Det er veldig lurt å vere klar over kva som forsterker hunden din, det er utruleg kor mange atferder ein kan få med på lasset som ein ikkje ynskjer.
4.Think-plan-do. Denne er utruleg viktig for at ein treningssekvens skal bli bra, tenkje over kva skal eg trene på, kva mål skal eg ha og korelis skal ein oppnå måla, vanskegrader i miljøet, kva lomme skal forsterkereren vere. Dette er viktig, i agility skal ein alltid belønne med den handa nærast hunden, og då må du absolutt vite at belønningen ligger i den lomma det skal.
5. Tren for å forbedre dine svakheter. Vi mennesker likar godt å trene på det vi får til, men vi lar kanskje vere å trene på det vi ikkje får til, det er ikkje forsterkande. Eit stort mål som eg har er at kvar veke skal eg ta tak i ting som eg enno ikkje er god nok til.
6. Kriterier. Ein kjem aldri unna kriteria, å bruke tid på dei før du skal trene er alfa og omega.
7. Aldri ignorere hunden din når du trener. Det er veldig lett for å miste fokus når ein trener, i det sekundet ein har blikket vekk finn hunden på andre ting, det er utruleg øydeleggjande for treninga.. Ein skal alltid følgje med hunden sin det fortjener den.
Kan vere at ein del tenkjer etter denne oppramsinga at , kva er vitsen med å gjere treninga så komplisert. Men eg har tvert i mot erfart at dette er huskereglar som er viktige og som gjer at treninga blir kjekk for både hund og fører, og det er vel meininga. Vi er raske med å setje krav til hundane våre med det som er endå viktigare er krava vi må setje til oss sjølve.
Eg veit iallefall at desse treningsråda lkjem alltid til å surre i hovudet mitt, og det føles godt når du ser at det git umiddelbart resultat. Så eg seier berre tusen takk til alle der ute som fyller meg med nye tankar og inspirasjon kvar dag............

mandag 3. september 2007

"Shaping Sucess "....

Full fart......på Stovner si agilitybane....
Shaping i praksis, her heldt vi på med å shape to av to på atferden på felter i agility......

Ted viser stolt fram rosetten sin.....


Gamle mann er minst like stolt....



Vel vi er i live sjølv om det blir særdeles lite blogging. Eg får berre ikkje tid til å setje meg ned framfor dataen...
Dei siste vekene har vore veldig travle, forrige helg var eg i regi av Canis på agilityseminar med Eva og Emilie og det er noko av det mest inspirerande eg nokon gong har vore med på.
Det sette store krav til hjernecellene hos oss tobeinte, vi jobba oss i herdig gjennom to dagar. Det handla mykje om grunntreninga korleis den bør vere før du i det heile tatt tar hunden ut på apparat. Eg trur mange misforståingar kunne vore unngått viss folk hadde gjort ein betre jobb med grunntreninga før dei begynner å gå agility. Viss eg skulle oppsummere denne helga hadde eg blitt sitjande ut veka å skrive. Utruleg flinke instruktørar og riktig godt selskap av dei andre i gruppa som går instruktørkurset, dåke er veldig inspirerande....Eg håpar verkeleg eg får anledning til å vere med på fleire kurs med Eva og Emilie......
VEl denne helga har eg vore på Sunnmøre for å hjelpe søsteren med å flytte, og så kom eg på i farten at det skulle vere enkeltstemne i regi av Sunnmøre hundeklubb, eg meldte meg på( kan ikkje gå glipp av eit stemne når det er like i nærleiken). Det var eit grusomt drittvær med mykje regn og vind, men det brydde ikkje karane mine seg om. Det lag ein diger sølepytt i startområdet så det var ingen av mine hundar som ville sitje i starten, så det må vi nok heim å trene på( eg forstår dei veldig godt).
KArane mine var i kjempeform. Bonzo vann agility klasse 3 og Ted vann agility klasse 2. Dei går utruleg godt begge to no om dagen.Veldig kjekt og effektivt arrangement og mykje trivelege folk. Så no ser eg fram mot neste helg som fohåpentlegvis blir litt rolegare. Men no skal eg rett i seng..........