fredag 4. juli 2008

Agility, ein stor lidenskap

Badeliv er i grunnen ganske kjekt det og.....

Ted speider etter måkene...
Fine Kelly har hatt ein svømmetur...


Vel no har det faktisk blitt så gale at eg tenker på agility når eg står opp og siste tanke før eg legg meg til å sove om kvelden. No har eg brukt nokre dager til ferie og bading slik som alle andre vanlege mennesker. Neste veke blir det agility heile veka. Eg er så heldig at eg skal til Thomas og Fanny på agilityleir, og før eg reiser heim skal eg teste den nye kunnskapen på Lillehammer neste helg. Då er det agilitystevne og det trur eg blir kjempegøy. Ted gir alt og det kan du vere SIKKER PÅ AT EG OG SKAL....
Ved sida av agilitytreninga med TEd er det mykje trening med Kelly.
Vi har komme godt i gang med mange grunnferdigheter (mest i agility).
Desse tinga har vi jobba med dei siste vekene :
- Nouse touches og travel plank ( eg har ein ide om at eg skal øve inn løpende felt, parallelt så skal eg øve inn to av to på).
- Eksplosive starter i frå stå dekk og sitt. Dette blir viktig i startprosedyrer både i lydighet og agility. Sitt kjem til å blir Kelly sin startposisjon.
- Leikutvikling, her er ho blitt veldig flink, leiker godt med ulike gjenstander og har fått ein fin slipp kommando, har og vorte veldig flink å komme tilbake med leiken og oppfordre til ny drakamp. Veldig fin vektforskyvning. Lært seg til å ta leiken på ta den kommando.
- Appportering, ho er veldig glad i å bære, har fått prøvd Ted sin store metallapport, den bær ho så fint avgarde.
- Klossen, ho går kjempefint inn på både venstre og høgre side både på klossen og på bakken
- Rygging , vi har brukt mykje trappa heime til å rygge opp, ellers berre å rygge bakover på golvet.
- Fri ved foten og vendingar, ho har veldig god bakpartskontroll ho rygger i firkant og har veldig fine vendinger, ho har og sideforflyttninger både til høgre og venstre heilt facinerande å sjå det vesenet kor konsentrert ho er no ho jobbar. Ellers så tilbyr ho frivillig ein veldig fin fri ved foten god attityde og mykje energi.
- Mykje innkalling med både framforbytter, oppbremsing, og snu 180 grader.
- Tørrhandling, ho går no fint i sirkel rundt meg både høgre og venstre utvendig og høgre og venstre innvendig.
- Crate games, dette har vi grunn fått jobba alt for lite med, men vi er komen i gang og ho har relativt fint driv inn i buret. Det blir bedre for kvar dag som går.
Kelly er flink og har god arbeidskapasitet. Gledar meg no til reise avgarde å få ny inspirasjon og nye idear til kva ein kan gjere bedre.
- Feltene til Ted har eg og begynt å ta tak i , han har ein heilt grei stopp med to av to på, men eg ser at han belaster kroppen for mykje i stoppen, har ikkje god nok vektforskyvning, eg jobbar og med nouse touches med han slik at han lettare skal kunne drive inn i rett posisjon, senke hovudet.
Vel til resten gjenstår det berre å seie god ferie vidare no blir det iallefall bloggtørke ei veke.

torsdag 3. juli 2008

På badestranda.....
























































I dag har vi vore ved sjøen og bada. Det var ingen der utanom vi så hundane har fått springe laus i heile dag. Dermed har eg fått fotografert flittig....

På Fløyen.....

Bergen sentrum frå Fløyen..
Dei andre tok Fløybanen opp, eg og hundane gjekk, det var ein bratt men nydeleg tur...

Hanne og Kelly, to supergode veninner....


Ola og Bonzo....




Fine skulegutten min....



Fine troll i skogen.....






Alle samla på ein benk på Fløyen.
Det har blitt særdeles lite blogging siste tida. No er det ferietid og eg NYT det.......
Litt hundetrening det blir det......
Vi har vore litt rundt omkring og eg har nytta tida godt til sosialisering og habituering.......

lørdag 14. juni 2008

Puppy games....

Nydelege gutten min....
Spiderman, mammas tøffe og gode skulegutt....

Lille søte Kelly...


Vel alt går i hurten og sturten for tida. Full jobb, avsluttninger, eksamen, familei, tre hunder to hester + at eg har tre paralelle kurs om no om dagen. Det er slitsomt, men veldig kjekt. Ein blir kjend med mange nye inspirerende sjeler.
No har Kelly vore hos oss i fire veker, det er heilt utruleg kor tida går. Sjølv om eg har det veldig travelt jobbar me jevnt og trutt.
Eg brukar mykje Susan Garett sine puppy games, dette er fine leikar der ein lærer inn fokus, innkalling, omvendt lokking, leikutvikling og så vidare.
Vi har og trent mykje kloss og no går ho inn både på venstre og høgre side utan kloss. Denne veka har eg og trent eksplosive starter frå sitt, dekk og stå ho begynner å bli riktig flink. Har og blitt veldig flink på å apportere ulike gjenstander. Vi har og besøkt mange ulike miljøer både med og utan lyd, ho verkar veldig trygg og god, og ikkje minst elskar ho alle mennesker.
I dag har vi vore på agilitystevne og der fekk vi mange fine økter. Ho har allereie blitt god til å jobbe når det er mykje forrstyrrelser+ mykje god sosialisering.
Ein annan gledeleg ting er at Ted gjekk hen og vann sin klasse i hopp i dag, dermed ennå eit napp, klasse 3 here we come. TEd er dyktig og det er berre så herleg når ein treff og får FLYT frå start til mål.
NO skal eg ete pizza og kose meg.............

mandag 2. juni 2008

Tur til Oslo....

Super Ted


Mathias



Ted og pappen ventar medan mammo briefar...


Lille Kelly etter ein liten middagslur....




Pappa og Kelly på fjellet på turen bort...





Lille filosofen vår..






Vakre Bonzo....







Full fart...









Alltid like blid store gutten vår....
I helga har eg, Bjørnar, Mathias samt tre stk hunder vore til Oslo på agilitystemne. Det var ein flott og varm opplevelse. I løpet av helga var det ca 1750 startande, så det var mykje flott agility og sjå. Lørdagen for min del vart ein trist opplevelse, det vart ikkje mykje agility på meg, eg hadde sterk migrene og måtte dessverre berre innsjå at senga var beste staden. Eg putta i meg medisin og la meg til å sove i håp om at eg iallefall kunne slå til søndag å få gå agility. Lørdag var det 33 grader i skyggen, det var varmt for både msnk og dyr. Søndag då eg vakna følte eg meg faktisk bedre, eg skulle ikkje gå noko løp før i halv elleve tida. Det var mange fantastiske baner, gode ,tekniske raske baner. Ted var i toppform. Av 65 hunder så starta vi omtrent midt i . Ted låg som ei spent fjør på startstreken, på 24 sekunder var det over. Ted gjekk eit kjempeløp 24 sek og feilfri. HAn fekk hard kamp, det var mange gode ekvipasjer med. Men han vann med over to sek på neste border collie. Han hadde ca 5,65 m i sek. I ein slik teknisk hopp bane er eg utruleg fornøyd med det.....Det er fantastisk å ha ein slik hund..........
I agility gjekk det og veldig bra men der drog vi med oss ein pinne, som Greg Derret ville ha sagt det "great dog , shame about the handler".
Ei stor takk til Mathias og Bjørnar for mange tolmodige timar og ikkje minst til dei tre beste hundane i verda, Ted; Bonzo og lille Kelly som fekk mykje god sosialisering gjennom helga.....









torsdag 29. mai 2008

Lille Underbara Kelly


Skal seie tida går fort, no har eg hatt Kelly i snart to veker. Ho er eit lite eventyr, både arbeidsvillig og sosial. Dei to andre gutane i huset har tatt godt i mot henne og det er kjekt. Eg var litt bekymra for Ted men han har tatt det veldig fint. No ho blir for voldsom spring han bort til meg så eg synes han er veldig flink.

Desse tingene har eg jobba mykje med

- Lek ( leke med ulike gjenstander)

- Lekapportering

- Handtouches

- Trening med kloss

- Rygging

- Omvendt lokking (sjølvkontroll)

- Restrained recalls (blir viktig i agilityen seinare)

Lille Kelly er arbeidsvillig, det eg heile tida er opptatt av er at øktene blir korte med god attityde før kvalpen blir trøtt.

Ellers har eg lagt vekt på å oppsøke mange ulike miljø med ulike bakgrunnslyder, ho er i allefall ikkje lett skremt.

Eg har hatt ho med meg på jobb desse dagane ( for dei som ikkje veit det jobbar eg som lærar på ein stor 1-10 skule)ho helst på mange barn og voksne, ho er nesten litt for overbegeistra for mennesker ( det er luksus i forhold til korleis eg hadde det med Ted). Tusen takk Mikaela for fine Kelly, ho sjarmerer alle kor ho enn går.

Eg og Ted trenar agilty for harde livet, no til helga er det Oslo hundeshow, eg gledar meg. Det er 64 hundar påmeldt i Ted sin klasse og vi skal gjere vårt ytterste for å få til gode løp. Eg har stor sjølvtillit når det gjeld hunden min, berre eg klarer å holde meg til min del av planen så blir det knall........

mandag 26. mai 2008

Supergutten.......

Vel no har eg fått masa meg til nytt fotoapparat, dåke ser at det er på høg tid.....


Fine Ted, det er ein flink gutt mammo har....

I helga har vi vore i Ålesund og konkurrert eg og Tedden. Ted vann likegodt 3 av 4 løp, han gjekk kjempebra og handlinga satt som berre det. Eg føler verkelg at ting begynner å løsne for oss to, vi begynner å finne kjemien ute på banen ein tør meir og følger hunden bedre opp. Vi hadde gode og utfordrande baner med alt som det skal vere i ei bane, serpentiner, threadles, lead out pivot. Eg er faktisk veldig stolt over at vi satsa alt vi hadde. Eg briefa godt og holdt meg til planen. Fekk og roa han godt ned i forkant, vi gjekk litt lydighet medan vi venta.
Eg er skikkeleg stolt av Ted, slike agilityhunder fins det ikkje mange av, han gir absolutt alt.......Eg er heldig som får suse rundt ei bane i lag med han, det gir deg eit skikkeleg adrenalinkick. Neste helg står Oslo hundeshow for tur, det blir spennande.
Elles får eg skrive litt om " Underbara "Kelly i eit seinare blogginnlegg. Men vi er godt i gang med det meste. Og den nye frøkna er eit eventyr å jobbe med....
Vi koser oss... God natt