mandag 10. september 2007

Kvifor system er så viktig ?



Innan agility finn ein mange termer; framforbytter, bakombytter, blind cross., serpentiner, threadles, push trough, post turn, mykje bruk av armer, lite bruk av armer, bruk av blind cross eller ikkje, running contacts eller to på to av osv. Ein kan nevne i hopetal av ulike metoder og innfallsvinkler. Det fins enorme mengder med informasjon i bøker og instruksjonsvideoar. Likevel det er veldig lett å gå seg vill i alt dette landskapet som ein kallar for å gå "agility".
Når du har gått ein del kurs, vore med på ein del stemner tenkjer ein gjerne etterkvart at ein begynner å få det til. Når det gjeld agility har eg alltid mangla ein ting, nemleg system.
Eg har tilbrakt dei siste dagane framfor tv-en(eg har gjort ein god del anna og slik at det er sagt)og sett på Susan Garett sin Dvd "Success with one jump", og eg seier berre gosh..... Skulle berre ønskje at ho var naboen min slik at eg kunne spørre ho om alt eg lurer på når det gjeld agility. Denne sommaren her har det begynt å gå rette vegen for meg og Ted og eg har leikt litt med tanken på at no begynner vi å bli gode og stabiliserer oss. Vel det trudde eg før eg såg dvd'en.
Men det eg ser veldig klart er at det er store bruddstykker i utdanninga til Ted. Susan legg vekt på mykje grunntrening og bakkehandling lenge før ho bringer hunden på eit hopp. Hunden må vite kva du prøver å fortelje den først, kva signaler du vil ta i bruk for at hunden skal forstå kroppsspråket ditt. Dette er faktisk nøkkelen til all suksess. Folk trur faktisk at agility handler om hindera ute på banen, det er berre delvis rett. Det handlar og om tett kommunikasjon i stor fart. Det eg har merka veldig er at når Ted forstår signala mine på "bakken" er det ingen trøbbel og setje det på hinder etterpå. Men å gå motsatt er derimot vanskelegare. Det eg prøver å seie er at GRUNNTRENING er alt. Og for at ting ikkje skal gå i stå både for hund og fører treng du eit fast SYSTEM som tyder det SAME alltid. Det er altfor mange som gir hunden skulda for dårleg trening. Med mindre du har lært hunden kva respons han skal ha på kvart signal du gir, så har hunden faktisk ikkje ein sjanse til å forstå kva som blir forventa av han, og i allefall ikkje når den har stor fart og attpåtil skal forsere hinder etter hinder.
Eg synes faktisk vi skal vere litt ydmyke i forhold til hundane våre, det er heilt utruleg kva dei får med seg sjølv om føraren slurvar. Så eg har tatt meg sjølv skikkeleg i nakken eg jobbar no i forhold til eit system som eg trur fungerer, og at det gir hunden mi ei kjensle av tydeleghet og forutsigbarhet for det er nødvendig i agility.....
Men la meg seie det slik at ; desto meir eg lærer desto meir ser kor lite eg eigentleg kan....

onsdag 5. september 2007

Konsentrasjon..........

Tedden og mammen er konsentrert før dei skal starte i agility.....

Denne veka har eg stort sett hatt Susan Garett si stemme i bakhovudet, ho har skrive boka "Shaping sucess" som handlar om hennar eiga hund Buzz frå han er ein fersk unghund til ein agilitymester av dei store. Susan skriv i boka si mange ting som er særedeles interessante som feks "your dog is a mirror image of your abilities as a trainer". Det er ganske sterkt sagt, men desto meir eg tenkjer over det desto riktigare er det. Vi seier kanskje ofte at "med min neste hund skal eg eg gjere det og det, i staden for å ta seg sammen i nuet med den hunden ein faktisk har.
Denne veka har eg levd etter ein del treningsreglar som nettopp Susan Garett har skissert og som skal effektivisere treninga mi, og om eg må seie det sjølv så er eg veldig godt fornøyd.
1. Arbeid-leik-arbeid-leik-arbeid-leik-pause, det vil seie at eg gjennom ei økt har full konsentrasjon til eg er ferdig. I det eg tar hunden ut av bilen skal alt vere klart, utstyr, kva eg skal trene på og belønning, under økta er det fullstendig fokus på hunden og det ein heldt på med, utruleg effektivt.
2. Positiv trening betyr ikkje at ein ikkje skal setje krav, men det må vere krav som står i forhold til det hunden og fører kan makte.(gode kriterier er ein forutsetnad).
3. All atferd er skapt av konsekvensane det får. Eg hadde nemleg ein episode ute i hagen der eg fekk sjå at Ted gjekk i frå treningssituasjon i lag med meg til å finne ei atferd som var sjølvforsterkande, nemleg å kjefte som ein gal og springe rundt plenklipparen. Eg berre stod som ein mumie. Det er veldig lurt å vere klar over kva som forsterker hunden din, det er utruleg kor mange atferder ein kan få med på lasset som ein ikkje ynskjer.
4.Think-plan-do. Denne er utruleg viktig for at ein treningssekvens skal bli bra, tenkje over kva skal eg trene på, kva mål skal eg ha og korelis skal ein oppnå måla, vanskegrader i miljøet, kva lomme skal forsterkereren vere. Dette er viktig, i agility skal ein alltid belønne med den handa nærast hunden, og då må du absolutt vite at belønningen ligger i den lomma det skal.
5. Tren for å forbedre dine svakheter. Vi mennesker likar godt å trene på det vi får til, men vi lar kanskje vere å trene på det vi ikkje får til, det er ikkje forsterkande. Eit stort mål som eg har er at kvar veke skal eg ta tak i ting som eg enno ikkje er god nok til.
6. Kriterier. Ein kjem aldri unna kriteria, å bruke tid på dei før du skal trene er alfa og omega.
7. Aldri ignorere hunden din når du trener. Det er veldig lett for å miste fokus når ein trener, i det sekundet ein har blikket vekk finn hunden på andre ting, det er utruleg øydeleggjande for treninga.. Ein skal alltid følgje med hunden sin det fortjener den.
Kan vere at ein del tenkjer etter denne oppramsinga at , kva er vitsen med å gjere treninga så komplisert. Men eg har tvert i mot erfart at dette er huskereglar som er viktige og som gjer at treninga blir kjekk for både hund og fører, og det er vel meininga. Vi er raske med å setje krav til hundane våre med det som er endå viktigare er krava vi må setje til oss sjølve.
Eg veit iallefall at desse treningsråda lkjem alltid til å surre i hovudet mitt, og det føles godt når du ser at det git umiddelbart resultat. Så eg seier berre tusen takk til alle der ute som fyller meg med nye tankar og inspirasjon kvar dag............

mandag 3. september 2007

"Shaping Sucess "....

Full fart......på Stovner si agilitybane....
Shaping i praksis, her heldt vi på med å shape to av to på atferden på felter i agility......

Ted viser stolt fram rosetten sin.....


Gamle mann er minst like stolt....



Vel vi er i live sjølv om det blir særdeles lite blogging. Eg får berre ikkje tid til å setje meg ned framfor dataen...
Dei siste vekene har vore veldig travle, forrige helg var eg i regi av Canis på agilityseminar med Eva og Emilie og det er noko av det mest inspirerande eg nokon gong har vore med på.
Det sette store krav til hjernecellene hos oss tobeinte, vi jobba oss i herdig gjennom to dagar. Det handla mykje om grunntreninga korleis den bør vere før du i det heile tatt tar hunden ut på apparat. Eg trur mange misforståingar kunne vore unngått viss folk hadde gjort ein betre jobb med grunntreninga før dei begynner å gå agility. Viss eg skulle oppsummere denne helga hadde eg blitt sitjande ut veka å skrive. Utruleg flinke instruktørar og riktig godt selskap av dei andre i gruppa som går instruktørkurset, dåke er veldig inspirerande....Eg håpar verkeleg eg får anledning til å vere med på fleire kurs med Eva og Emilie......
VEl denne helga har eg vore på Sunnmøre for å hjelpe søsteren med å flytte, og så kom eg på i farten at det skulle vere enkeltstemne i regi av Sunnmøre hundeklubb, eg meldte meg på( kan ikkje gå glipp av eit stemne når det er like i nærleiken). Det var eit grusomt drittvær med mykje regn og vind, men det brydde ikkje karane mine seg om. Det lag ein diger sølepytt i startområdet så det var ingen av mine hundar som ville sitje i starten, så det må vi nok heim å trene på( eg forstår dei veldig godt).
KArane mine var i kjempeform. Bonzo vann agility klasse 3 og Ted vann agility klasse 2. Dei går utruleg godt begge to no om dagen.Veldig kjekt og effektivt arrangement og mykje trivelege folk. Så no ser eg fram mot neste helg som fohåpentlegvis blir litt rolegare. Men no skal eg rett i seng..........




søndag 5. august 2007

Ting som eg gler meg over.......

Mathias og hesten vår Pernille er ute på tur..........
Fann eit kvalpebilete av Ted, skikkelig fin hund mammo har........

Bonzo elskar å leike, han er mammo sin største kosebamse, han ligg alltid i armkroken i sofaen..


Min beste ven gjennom 16 år som dessverre ikkje er blant oss lenger, men som har lært meg alt om kor viktige læremeistrar dyra er.




Her er den vesle brannmannen min..........(Brannmann Sam er den store helten, foruten Sabeltann sjølvsagt).




Pappen i huset. Mannen i mitt liv, alltid blid og hjelpsom; køyrer rundt land og strand på stemner og kurs.
I fleire år no har eg eitt rituale om morgonen som eg har fast. Når eg vaknar tenkjer eg over fem ting som gledar meg i kvardagen. Det rare er at eg kvar dag kjem opp med denne fine lista som dykk ser på bileta. Det er viktig å sjå livet litt i perspektiv av og til.
I dag har eg gått og tenkt over Rema 1000 reklamen, "Det enkle er ofte det beste". Det viser seg at dette ofte er tilfelle.
I dag var eg ein tur på treningsplassen for å trene hund. Vi trener på eit stort hestesenter.
PÅ vegen vart eg stoppa av to unge jenter som spurte om eg hadde sett ein hest. I augekroken såg eg ein stor flott hest som galloperte over bakken. Eg spurde dei kva som hadde skjedd, og dei kunne fortelje at dei hadde prøvd å få hesten på hengar. Eg parkerte bilen for å hjelpe jentene å få tak i hesten. Ingenting hjalp, hesten var livredd og holdt seg på avstand. Når dei forklarte meg korleis dei skulle få hesten på hengaren byrja eg å forstå hesten sin redsel. Desse jentene var på veg på stemne og hadde sjølvsagt dårleg tid. MEd seg hadde dei ein far og ei mor + diverse stallkameratar. Dei hadde utstyrt seg med tau på rompa på hesten samt to piskar til å gi den rapp med viss ikkje den ville gå inn. Faren til ein av jentene hadde funne på den geniale ide å binde ei jakke framfor augene på den stakkars hesten. Då hadde det gått gale og hesten hadde forsvunne( ikkje så vanskelig å forstå det). Eg sette meg ut på bakken til å lese i ei bok. Etter nokre minutter vart hestn nyskjerrig å kom bort for å helse på. Eg tok han forsiktig i leietauet, når vi nærma oss hengaren gjekk han opp på to. Vel eg tenkte som så at eg fekk prøve å hjelpe desse jentene, og hesten ikkje minst. Eg henta meg ei kjegle, klikker og godbitar. Hesten forstod veldig fort kva det var som førte til godbitar. Kjegla brukte eg til target som han kunne berøre., eit skritt nærmare hengaren for kvar gong. Eg brukte ca 40 min, så stod hesten på hengaren. Jentene vart veldig overraska at det gjekk an til å få inn hesten uten makt. Eg må jo sie at eg vil heller seie det omvendt. Det må vere lettare å bruke hjernen når du skla ha ein fullblodshest på 600 kg inn i ein hestehenger enn å bruke musklane. Mot ein hest taper du uansett. Kvifor er det så vanskelig å tenkje enkelt ?
Vel noko skal eg lære kvar dag.........
Det same gjeld jo for all god trening, du kjem veldig langt med å kople inn hjernen....




fredag 20. juli 2007

Styrker og svakheter........


Det er berre heilt utruleg kva det er som rører seg i hjernen min for tida. Ein treng ikkje vere professor for å finne ut at det meste av tankeverksemda handler om NETTOPP Hund og hundetrening. Eg trur at eg faktisk i ein alder av 30 år begynner å få grå hår. Det første eg tenkjer på når eg står opp er grunnferdigheter og korleis få flyt og når eg legg meg er det akkurat same sak. Eg er faktisk så pass stressa om dagen at i går kom eg heim med godbitar til hundane frå butikken, men middagsmat til dei tobeinte gutane mine det hadde eg gløymd å kjøpe. No tenkjer du sikkert at denne dama må vere forferdeleg å bu i hus med, og av og til har du nok rett, kva desse godgutane mine må finne seg i. Eg veit ikkje kor mange timar i all slags vær Bjørnar har stått og filma, sett på og kommentert. Så eg har ein mann som berre er FANTASTISK.
Men eg hadde faktisk ein tanke med overskrifta mi. Frå vi er ganske små får vi bekrefta frå omverda rundt oss kva vi er gode til og kva vi kanskje ikkje er så gode til. Ein snakkar om at personar har både sterke og svake sider og at slik må det nødvendigvis vere fordi vi er ulike og vektlegg ulike ting. Eg jobbar som lærar og har 30 barn i klassen. Ein dag kom Espen i klassen grinande til meg og seier ; Erlend seier at eg ikkje er flink å klatre. Eg svarte til Espen, då går vi og øver oss og så viser vi Erlend etterpå. Vi så gjorde, vi øvde oss ei lita stund og plutseleg sat Espen på toppen i klatrestativet og ropte triumferande; sjå Erlend eg kan faktisk klarte, eg er kjempeflink til det.Espen sier til meg etterpå, eg er jammen glad for at eg prøvde, eg ante ikkje at eg var så flink..... Det seier litt om poenget mitt at ein svakhet er ikkje noko som treng å henge ved. Ting som vi absolutt ikkje får til det har vi ikkje særelg lyst til å gi oss i kast med. Det blir så lett å unnskylde seg med at ; dette er mi svake side: I staden for å ta oss i sammen og hoppe i ting med begge beina å trene så kjem vi opp med dumme unnskyldninger i staden ,noko som gjer at nettop denne atferden som vi er redd for utføre eller ikkje føler at vi kan godt nok blir hengjande ved. Alt kan du nesten trene deg til, men det avhenger av mange ting om du er mann eller kvinne, alder fysisk og psykisk form, kunnskap, tilgang, ressurer og ikkje minst tid og kor mykje energi du gidder å leggje i ting. Det eg vil fram til her er at vi nesten alltid finn oss unnskyldninger for å få sleppe å gjere noko som vi ikkje føler oss bekvem med. Eg har lenge gått å tenkt på grunnferdigheten kryp og både Ted og eg har slite litt med å komme i gang. Eg har ingen erfaring med kryp og ikkje TEd heller. Det er kanskje nok til at ein tenkjer, søren dette får eg ikkje til. No har eg trent kryp ei lita stund og det eg ser er at det nyttar å gi seg i kast med ting du ikkje kan.
Det eg har oppdaga litt etter litt er at di meir en får til desto større blir sjølvtilliten. Mestring er lik sjølvtillit. Det eg tenkjer når eg får til ein ting som er kanskje ikkje trudde eg kunne få til er at eg er jammen glad for at eg prøvde. I hundtrening møter du mange utfordringar som verkar vanskelege og nesten umogeleg å løyse ved første augekast, men litt etter litt ser ein eit lys i enden av tunnellen. sider I dag har eg vore i Bergen og hatt nok ei konstruktiv økt med Kerstin og Anette der vi trener og diskuterer ulike ting (helst hunderelatert, vi er temmeleg einspora der), og det får deg til å tenkje på godt og vondt. Det eg ser heilt klart er at dette året har eg lært utruleg mykje av mine såkalla både sterke og svake sider, men det eg gladeleg nok ser er at det eg sleit med for eit halvt år siden det slit eg ikkje lenger med fordi eg har tatt tak i det og trena. Legg du opp gode og fornuftige kriterier så kjem du langt. Eg har i allefall bestemt meg for at eg skal gjere mitt beste for å bestå instruktørutdanninga. Eg har ein god hund, eg er ikkje redd for å bruke tid på og trene, eg har ein flott treningsgjeng som bakkar meg opp, Suverent.......Så kva eg skal bruke resten av sommaren på, jå kva trur du, hundetrening..................................

tirsdag 17. juli 2007

På jakt etter FLYT........

Mammen og klikkerhunden Ted i mål etter eit løp med flyt frå start og til mål
(fotografiet er tatt av Helge Himle)

Vel i dag har eg gjort meg nokre tankar om omgrepet flyt. Kva er eigentleg det og kva forutsetnader set dette til hund og fører ?. Eg har vel aldri hatt eit slikt utfordrande og kjekt år når det gjeld hundetrening, møte flinke og engasjerte mennesker. Men det eg ser er at til meir eg lærer desto meir ser eg kva det faktisk krev av ein ekvipasje for å nå toppen og ikkje minst halde seg der.

Flyt er ein automatisert handling der oppgåva skal følast sjølvsagt og gitt for hunden. Alle atferder skal kunne utførast med slik fart og presisjon at atferden til slutt vert automatisert.

Alle dagar er ulike, nokre er prega av at ein får det til og ein føler treninga går framover, andre dagar er litt prega av stress og nedtelling til eksamen i oktober. Sist eg rekna hadde eg 102 grunnferdigheter som skal ha flyt før 14 oktober, det er ikkje så lenge til. Eg trener flittig kvar dag, men er framleis usikker på om eg vil nå målet mitt. Ein annan ting som har slått meg er jo at viss hunden skal få flyt på atferdene så må jo og hundefører ha flyt på korleis du trener hunden opp og fram. Eg trur det er dette som er vanskeleg for min del. Dette er min første klikkerhund og det er stadig nye ting som ein heile tida skla lære. Vegen fram er ikkje berre prega av framsteg men og at ein må stoppe opp og revurdere om det var så lurt det eg nettopp gjorde. Men når tida er knapp og det enno er mykje som manglar kjenner eg at eg blir veldig stress, fordi eg så veldig gjerne vil få dette til.

Men tru på ingen måtte at eg har gitt opp... Dei to siste åra sidan eg byrja på trenar kurset hos Marianne har gitt meg utruleg mykje verdifull trening, og at eg stadig blir flinkare og flinkare til å setje gode kriterier å sjå kva som er god trening og kva som ikkje er det. Kor viktig smådetaljane i treninga er for at det skal fungere når du set ein øvelse saman.

I dag har vi trena mykje på rygging og litt apportering samt framsending til musematte, den kjem eg til å få god bruk for når eg no skal byrje å sjå på klasse 2 programmet. På torsdag skal eg trene med Kerstin, Anette og Siv og takk og lov for det. Flinke folk med mykje god kunnskap opg som gir meg mykje inspirasjon......

mandag 9. juli 2007

Tur til Lillehammer..........

Velfortjent leikestund etter ferdig lydighetsøkt....
Bonzo klar for klasse 3.

Flinke gutane til mammen...


Så var vi komen heim igjen frå ei lita rundreise. Det eg i allefall kan slå fast er at været har vore aller best heime på Vestlandet. Austpå har det vore mykje regn.

Det har vore ei innhaldsrik helg. Vi reiste bort til Lillehammer ein heil gjeng fra klubben Bodhild og Gunnar med heile familien ,Sissel og Audun, Mette og Aslaug og eg , Bjørnar og Mathias.

Tross været har det vore ei fin helg med mange bra prestajoner i klubben. Det er veldig kjekt å sjå at dei unge jentene i klubben gjer det så bra. Marthe og Kristine hadde nokre kjempeflotte løp, det er ein god prestajon når det er så mange med. Stemner austpå er som regel større enn stemner vestpå.

Vanlegvis er det agility eg konkurerrer i, men denne helga skulle og Ted debutere i lydighet så det vart ekstra spanande. På LAurdagen var det Bonzo som gjorde det aller best han gjekk heilt feilfritt med god tid og fekk siste opprykket sitt til klasse 3, han var tydeleg stolt han gjekk berre og brumma heile dagen og at griseøyrer så det skvatt ( det er nemleg livretten til Bonzo).

Ted gjorde og to gode agilityløp, men på grunne av ein fører som til tider kom litt langt bak på fekk han med seg to pinner i kvart løp, men det begynner å fungere veldig godt no han går optimalt og han har fått ein meir stabil bli. Det gjer at eg får ro over startane mine.

Det er nokre dyktige gutar eg har. Det slår meg faktisk på kvart stemne eg er på at det er eigentleg er fantastisk kor mykje hundane våre kan, kor dei føl det minste vink fra føreren sin og kor dei alltid strekker seg til det ytterste. Det er ei FANTASTISK kjensle å gå ut på der når hunden forserer hinder etter hinder det fortaste dei kan. Det gir meg eit skikkeleg adrenalinkikk.

På søndagen skulle meg og Ted gå lydighet og agility, det som var dumt er at begge delar starta klokka 9. Men i lydighet var det så mange startande i klasse 1 (25) at eg kunne få vere med i 2 fellesdekken, då rakk eg å gå agility hopp først. Ted gjekk eit kjempeløp. Han gjekk ei bane på 145 meter på 24 sek, det er faktisk 6 meter i sek. HAn fekk dermed siste nappet sitt i hopp1 og er klar for klasse 2 hopp. Då er første målet for sesongen oppnådd, Ted er i klasse 2 både i agility og hopp og Bonzo er i klasse 3. DYKTIGE GUTAR....

Så var det å spurte frå agilityringen til lydigetsringen. Den låg faktisk eit lite stykke unna. Vi kom akkurat til andre fellesdekken skulle starte. Det eg kvidde meg mest til var tannvisninga, Ted er ganske usikker på framande, men det gjekk kjempefint. Det var kjemepekjekt å gå, han var utruleg flink både på lineføringa og fri ved foten gjekk han til 9,5 og det er kjempebra.

Øystein Ødegård var dommar han var utruleg flink å veilede. Eg har nemleg aldri gått lydighetskonkurranse. I fellesdekken låg han kjempefint, men eg må nok kvalitetssikre oppsitten min litt bedre. Han fekk litt trekk for din han hadde ein for rask oppsitt. Elles gjekk han kjempebra, det var litt småplukk her og der. Han endte opp med 9 i heilhet. Han fekk 180 poeng og 3 plass av 25 startande, dermed opprykk til klasse 2 i lydiget. Oppfordringa frå Øystein Ødegård var klar ; fortsett med lydighet..... Det skal vi.

Takkar alle for ei fin helg. No blir det ei stund med trening til neste konkurranse.