onsdag 31. januar 2007

Ag - trening, onsdag 31 januar.




Vel no er eg nettopp ferdig med ei vellukka økt på agility. Vi har trent litt handling samt at vi har sysla ein del med felttrening. I dag var det framfor bytter foran felter som stod for tur.
Ted er utruleg flink på felta no, full fart opp full fart ned til han bråstopper med to på og to av, det er fasinerande å sjå han jobbe på eiga hand. Vi har faktisk jobba opp mot 100% i heile økta vår og dette føles veldig godt.
HAn er full i intensitet, dette kan jo då av og til bli eit lite problem når han vert for ivrig, og spesielt når det ligg ein tunnel i nærleiken.
Vi øvde mykje på framsending til tunnel i dag, det er noko som mange agility hunder på jevna slit litt med, handlinga funka flott, han hadde faktisk berre eitt riv i dag på tre økter og det er eg kjempefornøyd med.

Det har faktisk vore til stor hjelp å tørrtrene uten hinder, vi kommuniserer rett og slett betre no. ( Greg darett er jo ein kjempeinspirasjon der). Vårt motto i dag var å gjere det enkelt og gjere det tydeleg, forsterke ofte. Dette klarte eg i dag og det resulterte i ein hund som var topp motivert.

Men Ted er jo berre 2 år og nett så vidt starta sin agilitykarriere, så vi må belage oss på mykje hard jobbing framover. Men det er kjempegøy, og han er berre ein drøm å jobbe med.
Men eg har og bestemt meg for at det og skal satsast på lydighet, og eg håpar at vi er klare til sommaren ein gong.

Ted var utruleg fin på innkalling i dag, han begynner å få god bakpartskontroll, sit veldig fint og beint no på svenskeinnsitten. Det skal bli spanande framover. Ted har alltid vore ein ganske skvetten hund og eg har hatt trøbbel med å få andre til å berøre han, spesielt med tanke på tannvisning i klasse 1. Vi har trent på det no i lengre tid, og endeleg ser det ut til at det skal løsne, no sit han pent og venter til tennene har blitt sjekka.

Vel i morgon er det lydighet som står for tur og apportering, gledar meg allereie.

God natt.................




Onsdag 31 januar 2007

TRENINGSBLOGG
Vel dette er de spede begynnelse på ein treningsblogg som for det meste kjem til å omhandle dei to bordergutane mine Ted og Bonzo. Eg trener agility og lydighet med begge to, det meste går i hund. Hundane mine er utelukkande klikkertrente og dette er utruleg fasinerande og holde på med, kreativiteten blomstrer. Dette er berre ein test. Eg håpar bloggen min blir meire kreativ enn dette fremover.