fredag 30. november 2007

Fin økt.......

Kva skal vi trene no ?

Denne fine kombinasjonen teikna eg meg i dag. No skal eg for alvor følgje opp treningsplanen som eg har laga meg.
I dag var det slalominnganger som står for tur. Eg har ein rask hund som må kunne slalom inngangane sjølvstendig. Det viste seg at kombinasjonen var nett så genial som eg hadde håpa på.
I tillegg til slalominnganger fekk vi fletta inn både serpentiner, threadles og push- through.
Desse tinga har eg tatt tak i dag :
- Fart inn i slalomen :
- Innganger frå alle hindera på bilete : Det som blir vanskelegast er hinderet som står til høgre for hjulet.
- Framforbytte før og etter slalom : Her er han og blitt trygg og god, så lenge eg gjer min jobb, ( ikkje legg byttene mine på hans linje og jobbar meg ferdig med hinderet) så gjer han jobben sin, artig å sjå.
- Sideveis avstand : her jobbar han godt og sjølvstendig, og let seg ikkje uroe av at eg søker lengre og lengre avstand sideveis
- Avstand i fartsretning : dette kan vere vanskeleg i enkelte tilfeller, at hunden sløyfer siste porten i slalomen fordi eit anna hinder ligg og drar. For min hund er tunnelen absolutt ein favoritt, derfor kan du lett oppleve at hunden forlet slalomen til fordel for tunnelen som ligg på linja. Men det gjekk alldeles strålande i dag, ikkje ein gong prøvde han seg på å fuske tross i at eg låg langt føre han mot tunnelopningen.
I dag har eg vore god å planleggje og gå ut å gjere akkurat det eg planlagte. DÅ BLIR DET GODE TRENINGSØKTER.
I morgon skal eg jobbe litt med hinder som står 90 grader på stigenedgangen. Det er superkjekt å jobbe med ein hund som er så flink og motivert........

torsdag 29. november 2007

Det enkle er ofte det beste........

Mammo og Tedden har ein pause ein fin vinterdag......
Denne kombinasjonen har eg øva på i dag.

Det heiter det iallefall i reklamen, og eg trur at det stemmer i mange tlfeller. Dei siste månadane har det vore veldig mykje trening. Det er stadig nye ting som dukker opp som ein berre MÅ trene på. Eg og Ted har mange prosjekt. Det har ført til at vi har vore litt trøtte begge to denne veka. Det er mørkt når eg går på jobb om morgonen og det er mørkt når eg kjem att og det er vanskeleg å finne energi. Når eigar ikkje heilt har piffen så får ikkje hunden det heller.
Vel gjennombruddet mitt kom i går når eg faktisk satt ute på hagemuren og surmula fordi eg ikkje hadde fått gjort noko konstruktivt denne veka og hunden min verka daff.
Bjørnar kom ut og trøsta så godt han kunne, og sa gi han ein dag pause så er det nok betre i morgon. Vel det er ein grunn for at eg høyrer på Bjørnar og det er fordi han stort sett har rett. Han fekk faktisk rett denne gongen og.
I dag har eg og Ted hatt ei enkel og grei treningsøkt med mykje springing der vi var topp motiverte begge to, kjempegøy. I dag har eg vore flink å dele treninga opp i fornuftige bitar og belønna ofte, då vaknar dyret mitt (Ted) Eg merkar spesielt i agility er det lett å bli ein "lumper" i staden for ein "splitter". Det er så lett å ta for mykje. Men i dag klarte vi og gi oss mens hunden var heilt på topp.
Målsetninga med dagens treningsøkt var korte, effektive svingar, samt ein handler som er foutsigbar. Trente og mykje startprosedyre, veksla mellom at han får gå til leike som eg kastar bak han eller få gå på hoppet. Han sit veldig fint no. I dag var alt godt planlagt og vi var godt samkøyrde, då er det supert trene.
Trente og fri ved foten, vendingar og holdt, samt å halde fokus over lengre tid.
Trente og stimuluskontroll på sitt,dekk og stå under marsj. Målet er å få stålkontroll på dette slik at han fint greier å skilje mellom desse øvelsane. Han er flink og skil no veldig godt mellom sitt, dekk eller stå. Men no ventar senga, i morgon er det nok ein arbeidsdag...

torsdag 22. november 2007

Grunnferdigheter i agility...



I to år no har eg jobba intenst både eg og Ted for å bli flinkare i klikkertrening, all treninga begynner å hjelpe og då er det jo ganske kjekt. Der eg har lært aller mest nytt er nok på lydighetsfronten, og det er jo litt interessant. Ted var tiltenkt ein karriere innan agility, men eg finn faktisk ut at det er utruleg kult og ha ein apporterende hund med god bakpartskontroll. Eg har jobba meg gjennom alt frå grunnferdigheter til delmomenter og øvelser og kjeding. Det har vore ein utruleg interessant prosess. Ikkje minst ser eg viktigheten av ein plan og ei god målsetnad. Dei siste vekene har eg jobba med å lage ein utdanningsplan til Ted i agility, i den forbindelse kom eg på at eg skulle lage grunnferdighetsskjema for agility. Så no har eg altså laga meg ei lita bok om korelsi utdannelsesforløpet til ein agility hund kan sjå ut frå grunnferdigheter til begynnende hinderinnlæring og fram til konkurranse.

Det er utruleg mange ting å tenkje på, og alle detaljer teller. Men når du får det til er det verdt all planlegging. Eg har og laga meg eit ferdighetsskjema i agility, det inneheld to ting, ein oppsummering på kva vi er rimeleg gode på og kva vi må leggje oss i selen for verkeleg bli betre på. La meg seie det slik at lista mi blir stadig lengre, det spørs om eg nokon gong blir fornøyd. Men eg har ein flink hund og det er inspirerande, det er heilt utruleg å sjå han gå agility, HAN GIR ABSOLUTT ALT. Difor har eg funne ut at då skulle det berre mangle at ikkje eg verkeleg skulle leggje meg i hardtrening. Vi har begynt å springe om kveldane, god kondisjon er viktig for å yte. Men eg begynner no å få eit system der eg og Ted stadig kommuniserer betre.

Vi satsar på sterkt på 2008 sesongen både i lydighet og agility. Hovudmålet er Vikingskipet på Hamar i november og det er absolutt innanfor rekkevidde., Ted manglar to napp så er det i boks. Vi skal i allfall gå mange fleire stemner enn vi har gjort dette året, det har nesten ikkje blitt nokre. I lydighet håper eg på opprykk til klasse 3 i februar, og så er tanken å starte i klasse 3 på vårt stemne i april. Men først skal vi trene, trene og trene.......

mandag 12. november 2007

Treningsstatus....

Her den alltid blide og trivelege agilityhunden til mammo....
Vel her har typen tatt ein liten rest på sofaen.......


I dag har eg laga meg ei liste på treningsutfordringer framover, og lista vart lang. Døgeret har berre ikkje nok timar. I dag har vi jobba med klasse 3 øvelsar.

Hopp over hinder med treapport :

På denne øvelsen er delmomenta så bra at det berre er til å kjede saman. Ted synes det er kjempkult og fly over hoppet med apporten i munnen, han er faktisk veldig stilig der han kjem svevande.

Metallapporten :

Denne øvelsen er og veldig fin, det hjelper på og ha sånn omtrent 5000 repetisjoner på grepet. HAn heldt kjempefint i eit fast grep, farten er god.

Fri ved foten :

Denne øvelsen har eg ikkje heilt sansen for, så her må det full skerpings til. I dag har eg jobba med lynraske holdter, venstre og høgre vendinger, ser ikkje så aller verst ut.

Flatdekk :

Denne øvelsen har eg foreløpig prioritert å få flyt på inne før eg tar den ut. Foreløpig status er 1 min på 5 meter ( eg har prøvd nokre gonger å skjule meg litt, dette har han tatt kjemperaskt). Det er nesten synd at det er så lenge til neste agility og lydighetskonkurranse for vi er klare. Men eg får nok smøre meg med tolmod.

PÅ onsdag hadde eg gebursdag, vanlegvis når ein har gebursdag så får ein fine dameting hos mannane sine. Gåva frå Bjørnar i år var berre heilt alldeles genial, ei vippe og ein slalom til agilitien. Han har nok jobba ein del overtid for å få råd til det.

Det vil seie at eg og måtte kjøre ei god økt med agility, feltene jobbar eg med kvar dag, det må til for at det skal bli bra på sikt. Startane har vi og jobba med og det begynner å bli riktig fint synes eg. Eg varierer mellom å starte han på hinderet, og å la han gå bak til leike, funker kjempfint..

Nei no skal eg sove, så får eg så i morgon kva vel vel å ta tak i......

søndag 11. november 2007

Deby LP 2.....

Tedden er godt fornøyd han.......

Laurdag morgon for meg og Bjørnar og Tedden til Stord for å gå lydnad. Vi hadde med oss Kerstin, Synnøve og Natasha som og skulle gå i klasse 1. Vi har ikkje hatt lange tida på oss sidan eksamen og trene inn programmet, men vi bestemte oss for å hoppe på. Konkurransen foregjekk inne på glatt golv, så eg såg ikkje akkurat fram til alle fartsøvelsane.
Desse poengsummane fekk vi.
1. Fellesdekk : der fekk vi 0 poeng, han reiste seg 10 sekunder før endt tid, han blei liggjande midt mellom ein puddel hann og ein schafer. Vi må berre erkjenne at her må ein strekkje strikken mykje meir for å få tryggheti denne øvelsen. HAr allereie byrja å trene inn flatdekk.
2. Fri v/fot : her fekk han 8 på grunn av at det stod ei kjegle i første venstresvingen, denne snusa han på og dermed fekk vi heilt korrekt trekk for det.
3.Dekk under marsj : her fekk eg og 8 eg var litt nervøs på starten og gjekk før han var klar, dermed vart hunden liggjande litt etter i starten, men neddekken var perfekt, han berre smalt i golvet.
4. Innkalling fra sitt med stå : her fekk han 10, absolutt perfekt. Han hadde faktisk bonn gass på det glatte dekket, og han stoppa perfekt, flinke gutten min.
5. Stå under marsj : her fekk han og 10, fungerte heilt optimalt.
6. Apportering : her fekk han 9,5, han sat ikkje heilt vinkelrett på leggen, han hadde så god fart då han kom inn at han sklei på det glatte golvet.
7. Fritt over hinder med sitt : her fekk han og 10.
8. Fremsending med stå og på plass : her fekk han 9 , han tjuvstarta litt på innkallinga frå kjegla.
9. Avstand : her fekk han og 10.
10. Heilhet : 9,5
Dommaren sa etterpå til meg at ho fekk frysningar på ryggen av hunden min, i positiv fortstand. Det eg er veldig stolt over er at han er godt grunntrent, øvelsane fungerer bortimot optimalt noko som gjer at eg trur at kjedane er gode. Det eg må ta tak til neste konkurranse i februar er å bli kommandert+ fellesdekk der eg må trene på at hunder ved siden av reiser seg utan at han skal bli usikker å reise seg. Men eg må seie at eg er kjempestolt av hunden min. Eg vil og seie at Kerstin og NAtasha tok likegodt og vann klasse 1 , velfortjent og opprykk. Du er kjempedyktig Kerstin....Men no blir det agility framover, lydnaden får vike ei stund, men vi kjem sterkt tilbake...

lørdag 3. november 2007

Naboens nye spikerpistol........

Mathias meinte det var så varmt at han ikkje trong jakke, vi skriv i dag 3 november. Det høyrer med til saken at jakken kom på i etterkant av dette biletet. Men dei ser veldig fornøyde ut her...
I skogen er det mange rare ting....



Naboen vår er verdas kjekkaste mann, han er hyggeleg og smiler alltid, men vi har forøvrig eit problem og det er at han har gått til anskaffelse av ein spikerpistol. Noko som alle veit er at når du har fått deg ein ny ting som er hot så bruker du det ustoppeleg. Slik er det med naboen og, han har nesten nye spikarprosjekt kvar einaste dag. Kva har så dette med hundetrening å gjere ? Vel Ted er ein liten skuddredd fyr. Når helgene nærmar seg blir eg fylt av fryd, då kan eg trene litt meir enn ellers. Det var min første tanke når eg stod opp. Eg tenkte eg skulle kjøre i gjennom nokre av øvelsane til neste helg. Når det nærmar seg konkurranse så blir det mykje trening. Eg var fylt av optimisme til eg kom ut i hagen. Ted smalt inn i utgangsposisjon og var klatr for ei apporteringsøkt, men uheldigvis så hadde naboen bestemt seg for å lage nok eit prosjekt og avfyrte første spikarpistolskuddet. Ted sprang under hagebordet og der blei han liggjande, dette var farleg. Vel då hadde eg to valg, la panikken ta meg eller å vente på bedre tider. Eg valgte heldigvis det siste. Eg fekk faktisk trent godt med Bonzo medan Ted lag og såg på. Bonzo var full i fryd og elska all oppmerksomheten, han er ein fin fyr sånn. Så lenge det vankar godbitar og ros så er det ingenting som kan skremme han. Eg fekk trent på fri ved foten og apportering. Bonzo har alltid vore veldig god på øvelsen fri ved foten, han går nydeleg, men han klarer ikkje alltis å holde munn. Så i dag har vi hatt supre økter der pelsefyren har holdt heilt munn, dette heng jo sjølvsagt godt i lag med kriteriesetting og timing der eg ikkje alltid har vore like flink med Bonzosom eg har med TEd.


Etter treningsøkta tok vi oss ein tur i skogen. Heldigvis vart då spikarpistolen fort gløymd. Eg køyrde utgangsstilling, fokus og faktisk heile avstandsøvelsen inne i skogen, det funka heilt topp.. Gutten var tilbake på nett.. Då eg kom tilbakl køyrde eg ein apportsekvens og innaklling med stå, fortreffeleg......Tedden er dyktig han.. Litt slalom innganger fekk vi og trent på. Ellers likar eg og ta med gode visdomsord, eg fann eit i dag og som står i bloggen til Bud Houston, ein flink agilityfyr som eg gjerne skulle hatt til nabo for å spørre han ut om agility. Han snakkar i bloggen sin om " The Three qualities of success. 1 Ha den riktige planen 2. Gjer det du har planlagt. 3 Det som ingen nokon gong tør å nevne FLAKS........... Vel det synes eg er godt sagt, eg har iallefall erfart at det stemmer. Ei treningsøkt blir så mykje betre når den er gjennomtenkt...


Nei støvsugaren ventar. No skal eg til med å utsetje meg sjølv for ubehag, nemleg vaske hus....

fredag 2. november 2007

Gridwork and commitmentpoint......

Teambonzo på agilitytrening.........Det er nokre stilige gutar mammo har....
Klar til avsats.......Fann nokre gamle bilete frå eit tidleg stadium i felttreninga, der han faktisk ikkje engasjerer bakparten pluss at ha virrer med hovudet. Skal ta nokre nye bilder av korleis det faktisk har blitt etter nokre små justeringer.


Skriv norsk tenkjer du sikkert no, det bruker eg å vere flink å gjere men i og med at dei fleste termer innen agility nettopp kjem frå England så kan det vere vanskeleg å unngå det.

Gridwork blir brukt mykje i hestetrening, og det er utelukkande for å hjelpe dyret til å få rett hoppteknikk, til å få rett avsatspunkt. Ein har då ei rekkje hinder etter kvarandre med kort avstand der dyret må lære å løfte seg over med rett teknikk. Dette er og så veldig viktig i agility. Denne veka har eg og Ted jobba mykje med hoppteknikk slik at han verkeleg skal bruke bakparten til å skyve i frå med. Eg har sett opp 5 hopphinder på rad med 3 meter i mellom, han må sjølv finne ut kor han må satse og lande for å klare å komme seg opp på neste hinder. Dette er veldig god trening.

Parallelt har vi jobba med commitment point som er det punktet før eit hinder der hunden forpliktar seg på hinderet, det vil seie at ein ikkje kan kalle hunden til seg att. Grunnen til at eg tar tak i dette er at timinga mi må heile tida forbedras. Viss kommandoen kjem for tidleg eller for seint så blir det like gale. Derfor må eg lære meg til å sjå kortid dei verbale og fysiske kommandoane må komme. Når ein har ein rask hund så er ikkje dette alltid like lett, men det har utruleg mykje å seie på resultatet. Når eg trener commitmentpoint set eg opp fem hopphiner i ein ellipse (ein slags oval sirkel).Eg har ulik høyde på hoppa og ulik avstand, dette for at eg lettare skal sjå kortid han forpliktar seg på hinderet.
Eg har og jobba mykje med lydighet dei siste dagane, det nærmar seg konkurranse og det er mykje å finpusse på. Feilen med meg er at det nesten aldri blir bra nok, men no har eg bestemt meg for at det får vere godt nok.
I dag har eg tenkt å jobbe med slalom +inngang, dette er veldig viktig arbeid, då sjølvstendigheten i ei bane må vere stor. Eg skal og trene avstandsdirgering og fri v/foten, eg blir aldri fornøyd. Men ein ting er i allefall sikkert, kjekke treningskompisar det har eg i allefall......så lenge det vankar belønning så er dei firbeinte med....