mandag 16. april 2007

Vitamininnsprøytning !!!




Vel utruleg merkeleg overskrift, men det er akkurat slik det kjennes dagen derpå. I helga har eg vore på konkurransekurs med Åsa Emanuelsson og Jan Egil Eide. Skal eg oppsummere det med eit ord : det var KNALL....
Eg har jo tidelegare trudd at eg har vore flink i forhold til å sjå i riktig retning dit du skal i banen og ikkje minst holde kontakt med hunden heile vegen i banen, men der tok eg feil gitt.
Dette jobba vi utruleg mykje med i helga, ikkje slepp kontakten med hunden i noko ledd på banen, samt å tilrettelegge for hunden i banen og alltid ligge framfor hunden.

Mykje bruk av armane til å dirigere med, det eg merka for min del var at det var utruleg effektivt, og hunden min gjekk som aldri før akkurat fordi eg på kvart einaste hinder var forbedt på kor eg skulle setje foten. For min eigen del var det eit kjempekurs med mykje handling noko som eg har veldig bruk for......
Ei sstor takk og til gjengen som var med på kurset. Flott oppbakking.
Tusen takk Jan Egil og Åsa, dåke er berre kjempeflinke.....

mandag 2. april 2007

Ei travel helg !!!!!!!!

Agilitytrening Søndag 1 april
Denne klasse 3 hoppbana endte vi opp med denne dagen. Ei fin fartsfylt bane med med handling der hundane fekk strekke seg litt.
Målsetninga for denne treninga var to ting, god fart og flyt. FArten til Ted har alltid vore god men når timinga mi blir dårleg misser vi presisjon og flyt og då er det veldig lett at feila kjem snikande, då blir det veldig lett pinneriv. Timing er ein vitenskap i seg sjølv når det gjeld agility, den er utruleg viktig og desto kjappare hund du har desto vanskelegare blir det. Som ein agilityfrende sa ein gong på eit agilitystemne då han diska med sin raske aglityhund; eg gløymde å trekkje pusten. Her kjem begrepet om THINK-PLAN- DO inn. Du kan ikkje tenkje underveis i ei agilitybane, du må vite kor du skal setje foten kor du skal ta framforbytter, kvar hunden lander etter neste hinder og kor mykje plass hunden må ha for å ikkje rive med seg eit hinder, foruten om dette går det i ein forrykande fart. Så for dei som trur at agility er lett og at det er lært i ein fart må nok revurdere synet sitt litt. Men det eg ser er at for meg og Ted sin del går samarbeidet betre og betre, han er veldig lydhør og det skal ikkje mykje bevegelse til før han snur på ein tiøring. Men eg kan seie så mykje at eg har hatt mykje igjen for loggføringa mi. Det fører til at du er førebudd på ein god måte og det er då lang t lettare å gjere treninga effektiv og feilfri.

Må og nevne at vi hadde uoffisiell agilitykonkurranse laurdag 31 mars. Nydeleg solskinn og 97 startar. Det var kjempegøy og det var mange flinke folk i klubben som prøvde seg. Eg var med å arrangere og det er faktisk litt av ein jobb å få i hamn eit slikt arrangement. Det gjekk nok litt ut over konsentrasjonen for min eigen del. Men Bonzo gjekk kjempebra og fekk to 3 plassar, han blei berre slått på tid. Med Ted fekk eg nok ikkje nok tid til førebuing så han reiv med seg nokre pinnar, men alt i alt var han flink. Bonzo er meir rutinert så du kan gjere ganske store feil i ei bane som fører for å vippe han av pinnen. Men det kjem litt om senn for Ted og , han manglar denne rutinen. Men alt i alt ei kjempeflott helg. Tusen takk og til Siri som tok dette vakre bilete av oss der til og med eg ser OK ut, godt gjort Siri......