
Denne klasse 3 hoppbana endte vi opp med denne dagen. Ei fin fartsfylt bane med med handling der hundane fekk strekke seg litt.
Målsetninga for denne treninga var to ting, god fart og flyt. FArten til Ted har alltid vore god men når timinga mi blir dårleg misser vi presisjon og flyt og då er det veldig lett at feila kjem snikande, då blir det veldig lett pinneriv. Timing er ein vitenskap i seg sjølv når det gjeld agility, den er utruleg viktig og desto kjappare hund du har desto vanskelegare blir det. Som ein agilityfrende sa ein gong på eit agilitystemne då han diska med sin raske aglityhund; eg gløymde å trekkje pusten. Her kjem begrepet om THINK-PLAN- DO inn. Du kan ikkje tenkje underveis i ei agilitybane, du må vite kor du skal setje foten kor du skal ta framforbytter, kvar hunden lander etter neste hinder og kor mykje plass hunden må ha for å ikkje rive med seg eit hinder, foruten om dette går det i ein forrykande fart. Så for dei som trur at agility er lett og at det er lært i ein fart må nok revurdere synet sitt litt. Men det eg ser er at for meg og Ted sin del går samarbeidet betre og betre, han er veldig lydhør og det skal ikkje mykje bevegelse til før han snur på ein tiøring. Men eg kan seie så mykje at eg har hatt mykje igjen for loggføringa mi. Det fører til at du er førebudd på ein god måte og det er då lang t lettare å gjere treninga effektiv og feilfri.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar