fredag 25. april 2008

Lille Kelly.....

Ted og mammen har hatt seg ei flott treningsøkt i dag.....


Vakker og god er iallefall Kelly.......

Vel det nærmer seg avhenting av eit nytt lite familiemedlem. Det blir veldig kjekt, men eg er veldig spent på korleis ho passer inn. Eldstemann i flokken; Bonzo er så god og snill som dagen er lang, han elsker kvalper og gir dei all verdens oppmerksomhet så han kjem til å prege ho godt. Eg er litt meir redd for Ted. Han er ikkje verdens mest sosiale fyr, men eg har god tru på at det skal gå veldig greitt. Mathias var litt snurt fordi han ikkje fekk igjennom sitt navneforslag, Mira. Det var ikkje lett å forklare han at det måtte vere noko på k.
Det blir spennande i allfall.
Eg har og hatt meg ei god treningøkt med dobbelboks, det er alltid nye varianter og trene på, ein får inn både foranbytter, bakombytter, serpentiner, threadles og push through. Det å kunne variere er veldig viktig, at hunden veit nøyaktig kva kvar enkelt signal betyr. Eg har og jobba med "Dig command", det vil seie å få hunden til å runde så tett som mulig i hinderstøtta, slik at ein får gode og effektive svinger. Ted begynner å bli riktig flink, og armane mine begynner å komme under kontroll, ikkje fult så mykje flaksing. Vel det føles bra, no håper eg berre at vi får overføre alt det gode vi trener på til konkurranse......

onsdag 23. april 2008

Trening, trening og atter trening.....


Dei siste dagane har det vorte mykje trening. Thomas Stokke har vore i Bergen, og vi har fått nokre supre treningsøkter. Det er veldig kjekt å ha nokre konkstruktive auge til å sjå små unoter som ein legg seg til i kvardagen, samt ting som er bra. Vi har hatt lett blanding av agility og lydighet. Eg har og fått sett når han trenar Pavlov og Missy, det var veldig interessant. Ein kan trygt seie at eg har plukka opp mange gode treningstips.

Eg trur rett og slett at Thomas og Fanny får emigrere til Bergen for ein periode. Eg har slite litt med fri ved foten, den øvelsen fekk eg gode tilbakemeldinger på, at det var ein pen øvelse, det er kjempegøy når du klarer å snu ein øvelse fra å vere eit ork til å bli ein kjekk og super øvelse. Og ikkje minst har eg fått trent masse FELLESDEKK med ukjente hunder. Thomas har eit lass med hunder i bilen så der er mulighetane mange til å få trene med ulike hunder. Ted ligg utruleg fint ned i med haka no, sjølv med forstyrrelser og nye hunder tilstades, dette er eg veldig fornøyd med. Vi jobba og ein del med agility, Lead out Pivot, serpentiner og threadles. Det kjem seg, og han har blitt veldig flink til å skilje dei ulike signala.

Tusen takk Thomas for nokre kjekke og lærerike dagar.....

tirsdag 15. april 2008

Konkurransetrening.......

Ingenting i vegen med fokuset her i gården..........
Denne bana har eg gått i gjennom konkurransemessig i dag. Det vil seie at du får ein mulighet til å kjøre i gjennom bana 1 gong. Det gjekk strålande.... Han låg kjempebra på startstreken.
Hinder 1-2-3 handla eg som ein serpentin. Hinder 4-5-6 på venstre hånd.
Framforbytte ved hinder 7 og vidare på høgre hånd i stjerna. Hinder 13-14-15 handla eg og som ein serpentin.
Dette var ei veldig fin hopp 3 bane, med gode linjer og akkurat passe teknisk. Det som blir vanskeleg synes eg i ein bane er kortid du må gire ned og kortid du må ha full gass. Timing er eit veldig viktig stikkord her, at byttene kjem akkurat når dei skal, viss ikkje får du ofte riv. Det samme viss du ligger for langt ute i ein serpentin, då river ofte hunden. Du skal i praksis ligge så nære hinderstøtta som mogeleg utan å vere i vegen for hunden.
Eg har hatt ein veldig interessant dag med mykje god trening og bekreftelser på at vi nok kjem strekt tilbake i konkurransesammenheng.........

mandag 14. april 2008

Dagens Quiz........


Denne kombinasjonen har eg jobba med i dag......

I helga har det vore stevne og eg trur faktisk ikkje eg kan huske å ha gjort det så dårleg nokon gong. Så i dag er eg rett og slett sliten og ikkje mykje motivert for noko eigentleg. MEn kva er det det heiter, etter alle slag så må ein opp igjen på hesten.
Eg har fundert mykje siste døgnet på kva det er som går gale. Eg kjem fram til ein ting som kanskje er det viktigaste, spring som om du har styggen i helane, satse på at hunden følgjer med. Dette er eit viktig poeng, viss eg nøler eit lite mikrosekund ute i banen då resulterer det som oftast i ein disk, pluss at viss du snur deg mot hunden i banen så er skuldrene ute av posisjon, det skal ikkje så mykje til. Ein annan ting er at tenkinga må vere unnagjort i briefinga, det er viktig å leggje mykje energi ned i briefinga. Når løpet ditt begynner må du vite nøyaktig kvar føtene dine skal vere til ei kvar tid.
I tillegg har vi vore arrangørar og då har du hovudet ditt fleire plassar, du spring heile dagen, hit og dit. Men det kjem fleire sjanser.......

I dag har eg jobba med kombinasjonen som står ovanfor...
Tok den tre gonger der slalom vart første hinder så tunnel og deretter grinda med tre hinder der eg veksla mellom serpentin, threadle og push through.
Enkel og grei øvelse som iallefall bekreftar at han har full kontroll på kva dei ulike signala betyr. Ted er utruleg dyktig, det er berre så utruleg synd at føreren ikkje klarer å følgje opp.....
Resten av dagen skal gå med til å jobbe med heilt enkle ting slik at vi kjem oss litt ovanpå igjen...........

tirsdag 8. april 2008

Tur til Sandane.....

I helga reiste eg og Anette opp til Sandane for å besøke Marianne. Vi tok ut fredagskveld og Marianne tok godt i mot oss, like blid som alltid. Når det gjeld lydighet så er faktisk Marianne mitt store forbilde. Tenk å bu slik til , trene mykje åleine og likevel vere så god, det sier litt om karakterstyrken hennas.
På lørdag jobba eg med fri ved foten, Ted har no ein veldig god attityde som eg er godt fornøyd med. Vi jobba mykje med temposkifte. Anette og Marianne meinte eg måtte gjere noko med den sakte marsjen min, ligna meir på vanleg marsj. Dette kan eg vere godt einig i , eg har det ofte for travelt. Trente og rute, innkalling, luktdiskriminering og fellesdekk. HEilt topp og trene fellesdekk med framande hundar. På lørdagskvelden sette eg meg opp ei provisorisk agilitybane av Marianne sine solstolar, snakkar om frekkhet.
Helga gjekk som ein røyk, mange gode innspel på kva eg må jobbe meir med.
Marianna og Joffen var perfekte vertar på hotell Sandane, mykje god mat og drikke.
Tusen takk til Anette for godt reisefølgje og gode tilbakemeldingar.
Eg ser allerede fram til gjentakelse...........
Anette har forresten ENDELEG somla seg til ein blogg, BRUKSHUNDEN.

Hva skal barnet hete ?

Kan berre ikkje bestemme meg for kva barnet vårt skal heite. Det står mellom Krutt og Kellie. Eg har fått ein del tilbakemeldinger på at Krutt IKKJE er noko jentenavn, men ver enig at det er tøft........


tirsdag 1. april 2008

Valpen....


I dagens blogg eit lite bilete av K-kullet til Kennel EmenEm.

Ein eller annan plass i denne flokken ligg mammas nye gjeterhund, EmenEm s Krutt...........