fredag 25. april 2008

Lille Kelly.....

Ted og mammen har hatt seg ei flott treningsøkt i dag.....


Vakker og god er iallefall Kelly.......

Vel det nærmer seg avhenting av eit nytt lite familiemedlem. Det blir veldig kjekt, men eg er veldig spent på korleis ho passer inn. Eldstemann i flokken; Bonzo er så god og snill som dagen er lang, han elsker kvalper og gir dei all verdens oppmerksomhet så han kjem til å prege ho godt. Eg er litt meir redd for Ted. Han er ikkje verdens mest sosiale fyr, men eg har god tru på at det skal gå veldig greitt. Mathias var litt snurt fordi han ikkje fekk igjennom sitt navneforslag, Mira. Det var ikkje lett å forklare han at det måtte vere noko på k.
Det blir spennande i allfall.
Eg har og hatt meg ei god treningøkt med dobbelboks, det er alltid nye varianter og trene på, ein får inn både foranbytter, bakombytter, serpentiner, threadles og push through. Det å kunne variere er veldig viktig, at hunden veit nøyaktig kva kvar enkelt signal betyr. Eg har og jobba med "Dig command", det vil seie å få hunden til å runde så tett som mulig i hinderstøtta, slik at ein får gode og effektive svinger. Ted begynner å bli riktig flink, og armane mine begynner å komme under kontroll, ikkje fult så mykje flaksing. Vel det føles bra, no håper eg berre at vi får overføre alt det gode vi trener på til konkurranse......

2 kommentarer:

Fanny sa...

Gud vilken liten sötnos!

Kerstin sa...

Så skjønn Kelly er. Gleder meg til å møte henne.