onsdag 23. april 2008

Trening, trening og atter trening.....


Dei siste dagane har det vorte mykje trening. Thomas Stokke har vore i Bergen, og vi har fått nokre supre treningsøkter. Det er veldig kjekt å ha nokre konkstruktive auge til å sjå små unoter som ein legg seg til i kvardagen, samt ting som er bra. Vi har hatt lett blanding av agility og lydighet. Eg har og fått sett når han trenar Pavlov og Missy, det var veldig interessant. Ein kan trygt seie at eg har plukka opp mange gode treningstips.

Eg trur rett og slett at Thomas og Fanny får emigrere til Bergen for ein periode. Eg har slite litt med fri ved foten, den øvelsen fekk eg gode tilbakemeldinger på, at det var ein pen øvelse, det er kjempegøy når du klarer å snu ein øvelse fra å vere eit ork til å bli ein kjekk og super øvelse. Og ikkje minst har eg fått trent masse FELLESDEKK med ukjente hunder. Thomas har eit lass med hunder i bilen så der er mulighetane mange til å få trene med ulike hunder. Ted ligg utruleg fint ned i med haka no, sjølv med forstyrrelser og nye hunder tilstades, dette er eg veldig fornøyd med. Vi jobba og ein del med agility, Lead out Pivot, serpentiner og threadles. Det kjem seg, og han har blitt veldig flink til å skilje dei ulike signala.

Tusen takk Thomas for nokre kjekke og lærerike dagar.....

2 kommentarer:

Siv sa...

Heldiggris, jeg vil også trene agility!

Thomas sa...

Takk i like måte! Dette har vært både hyggelig og veldig nyttig. Og for et strålende solskinn dere har på Vestlandet, Pavlov syntes nesten det ble for varmt for trening;)