lørdag 26. februar 2011

Hei igjen...


Ja kva kan ein seie godt nyttår berre to mnd etter at jula har passert... Eg har fått mange henvendelsar om ikkje eg kan leggje ut litt baner som vi trener på, og det er sjølvsagt ikkje vanskeleg å få til. I går var vi på trening på Stend, Dorthe, meg , Tine, Lene, Mette og Mari. Som alltid mange interessante diskusjoner. Dette er banen som vi trente på, synes den var kjekk og gå fordi den utfordra meg på ein del gode ting. Eg har dessverre ikkje tid til å skrive meir i dag. Vi lærarar har nemleg vinterferie og eg skal på skiferie av alle ting.....God helg