torsdag 29. mai 2008

Lille Underbara Kelly


Skal seie tida går fort, no har eg hatt Kelly i snart to veker. Ho er eit lite eventyr, både arbeidsvillig og sosial. Dei to andre gutane i huset har tatt godt i mot henne og det er kjekt. Eg var litt bekymra for Ted men han har tatt det veldig fint. No ho blir for voldsom spring han bort til meg så eg synes han er veldig flink.

Desse tingene har eg jobba mykje med

- Lek ( leke med ulike gjenstander)

- Lekapportering

- Handtouches

- Trening med kloss

- Rygging

- Omvendt lokking (sjølvkontroll)

- Restrained recalls (blir viktig i agilityen seinare)

Lille Kelly er arbeidsvillig, det eg heile tida er opptatt av er at øktene blir korte med god attityde før kvalpen blir trøtt.

Ellers har eg lagt vekt på å oppsøke mange ulike miljø med ulike bakgrunnslyder, ho er i allefall ikkje lett skremt.

Eg har hatt ho med meg på jobb desse dagane ( for dei som ikkje veit det jobbar eg som lærar på ein stor 1-10 skule)ho helst på mange barn og voksne, ho er nesten litt for overbegeistra for mennesker ( det er luksus i forhold til korleis eg hadde det med Ted). Tusen takk Mikaela for fine Kelly, ho sjarmerer alle kor ho enn går.

Eg og Ted trenar agilty for harde livet, no til helga er det Oslo hundeshow, eg gledar meg. Det er 64 hundar påmeldt i Ted sin klasse og vi skal gjere vårt ytterste for å få til gode løp. Eg har stor sjølvtillit når det gjeld hunden min, berre eg klarer å holde meg til min del av planen så blir det knall........

mandag 26. mai 2008

Supergutten.......

Vel no har eg fått masa meg til nytt fotoapparat, dåke ser at det er på høg tid.....


Fine Ted, det er ein flink gutt mammo har....

I helga har vi vore i Ålesund og konkurrert eg og Tedden. Ted vann likegodt 3 av 4 løp, han gjekk kjempebra og handlinga satt som berre det. Eg føler verkelg at ting begynner å løsne for oss to, vi begynner å finne kjemien ute på banen ein tør meir og følger hunden bedre opp. Vi hadde gode og utfordrande baner med alt som det skal vere i ei bane, serpentiner, threadles, lead out pivot. Eg er faktisk veldig stolt over at vi satsa alt vi hadde. Eg briefa godt og holdt meg til planen. Fekk og roa han godt ned i forkant, vi gjekk litt lydighet medan vi venta.
Eg er skikkeleg stolt av Ted, slike agilityhunder fins det ikkje mange av, han gir absolutt alt.......Eg er heldig som får suse rundt ei bane i lag med han, det gir deg eit skikkeleg adrenalinkick. Neste helg står Oslo hundeshow for tur, det blir spennande.
Elles får eg skrive litt om " Underbara "Kelly i eit seinare blogginnlegg. Men vi er godt i gang med det meste. Og den nye frøkna er eit eventyr å jobbe med....
Vi koser oss... God natt

søndag 18. mai 2008

2250 km...

















Ted var nok den som var aller mest fornøyd når bilturen var slutt.....

Denne helga har eg, Bjørnar, Mathias, Bonzo og Ted tilbakelagt 2250 kilometer for å hente heim " underbara " EmenEms Kelly.
Reisa gjekk kjempebra og Mikalea tok godt i mot oss tidlig på 17 mai med frokost og kaffe. Ho viste oss rundt, og vi fekk sjå nokre lovande unghundar samt Kellys søster Kate som ho skulle beholde sjølv.
Eg er heilt utslitt så resten av historia får eg skrive i morgon. No har roen senka seg i huset og det er godt.
Legg ut nokre bilder som eg har tatt med det elendige kameraet mitt. (det er nok det neste eg må investere i). Eg kom forresten til å tenke på noko anna kjekt i dag, eg og Bjørnar har vore mann og kone i 10 gode år. Det er ikkje mange som hadde køyrd kona over 2000 km for å hente ein hund, som mamma så treffeleg så det ; "dette er galskap ", kanskje har ho rett !!!!!! Bjørnar er nok spesiell som heldt ut med så mykje hundegalskap...