mandag 18. oktober 2010

Du og jåg Ted,du og jåg......



Jippi VI SKAL TIL NORDISK.........

mandag 4. oktober 2010

Mot nye mål.....

Ted tar seg ein liten kvil
Kelly på veg heim 9 veker gammal....Ei lita stjerne


Heile gjengen min ,vi er eit samensveisa team





Verdas beste treningskompis, han blir aldri lei av å henge saman med meg...






Når ein får seg ny hund har ein ofte mange planer for den og for framtida men ein anar ikkje korleis det vil ende (heldigvis). Min målsetning er å bli veldig god i agility, i ein nokså travel kvardag er det ikkje lett å få tid til alt, men som det heiter " alle munnar drar" og er det noko eg føler at eg har fått bevist så er det at det er bedre å trene litt å ha kvalitet i treningen enn mykje og ikkje vite kva du vil ha. Eg har mange gode støttespelarar rundt meg så god åleine har eg ikkje blitt. Men endeleg har ting løsna litt for oss . Kelly har gått ti feilfire hoppløp på rad , så no har eg flytta ho opp i klasse 3 eg har bekymra meg veldig over hoppteknikken men det ser ut som om det har løsna no. Kelly er ein suveren hund å gå med uansett kva vinkel ho får på eit hopp er ho like elegant over ho er utruleg førarvar og stoppar som ein gud på feltene. I ho har eg ein hund for dei store mesterskap, målet er å stille i Vm uttak med ho neste år. Ho fekk dessverre akkurat ikkje vere med i NM i år då ho manglar eit napp i agility, men berre vent til neste år...Kelly gir meg ein enorm sjølvtillit, eg vil anta at den mentale biten i agility tel iallefall over halvparten. Eg føler og at eg og Ted er på hogget, han har godt jevne og fine løp siste tida, han har blitt norsk hopp champion og om ei veke skal vi vere med på uttak til nordisk. Det blir veldig spanande, eg veit at Ted er ein hund som er rask nok til å gjere det store men vi må gå for null og det er ikkje alltid like lett. Utfallet av uttaket veit ein ingenting om , men kjempe ja det skal vi eg og verdas beste Ted.. Gledar meg til neste veke då er det husmorferie og agilitytrening i lag med Couchereon og Nåtas alltid like lærerikt og inspirerande,
Ha ein suveren fredagskveld.............