søndag 28. februar 2010

Ein dag i bilder av verdas finaste familie.....

Verdas finaste og beste mann.....
Det blei mykje snø for gamle mann....


Her einliten gjeng som buser i snøen...


Finaste gutten........
Gode kompisar...
To fine bestevenner...
Finaste Tedden..

Ut på tur aldri sur, mammo med ein superfin gjeng..

NYDELEGE......
I farta...

































fredag 26. februar 2010

Gregorianer....

Dette ordet har eg grunna over siste tida, gregorianer. Eg og har vel fått med meg at det handler om dei menneska som kjører Greg Derrett sitt system Vel rundt omkring i Noreg blir det formeleg brukt som eit skjellsord. På dei siste konkurransane eg har gått har eg høyrd mykje rart. feks " denne bana blir ikkje lett å løyse viss du er gregorianer " ( dette var under briefing klasse 3 ). Ein annan god som eg høyrer ofte er at grunnen til at eg ofte får 5 feil med Ted er at eg bruker feil system, hadde eg skifta system så ville til og med eg fått det til. Det meste av tida ler eg berre av desse utsagna, men eg berre undrar meg slik over kvifor andre ser dette systemet som ein trussel. Viss eg er så håplaus på agilitybana og det er systemet eg brukar som gjer det så er vel det verdas beste nyhet for alle konkurrentane mine, då er jo eg bokstaveleg talt ut av spelet. Så undrar eg meg ein annan ting, veit folk kva Greg sitt system handler om eller berre trur dei at det er sånn og sånn....For meg handler det ikkje om kven som bruker kva system, men å finne noko som fungerer for deg, det er jo veldig uheldig at du skal gå rundt å bli uglesett fordi du tilfeldigvis har tru på noko...For meg er det heile ganske enkelt, kvar og ein får bestemme for seg sjølv det er ikkje noko som eg skal blande meg i. Men i allefall veit eg at Greg sitt system er godt og konsekvent, eg har hundar som forstår mine signaler ute i bana og det tenkjer eg må vere hovudmålet........Ikkje bruk tida til å kritisere andre det blir ein ikkje bedre av

mandag 15. februar 2010

Naseprøven....

Eg har lenge tenkt eg skulle leggje ut eit innlegg om naseprøven, som ein finn i lydighetsprogrammet klasse 3 og elite. Slik som eg ser det så deler ein naseprøven inn i to delar sjølve markeringa eller luktdiskrimineringa og apportering av pinne tilbake til fører. På mine to border collies har eg brukt to ulike metodar og fått to vidt forskjellige resultat. Med Ted som er min eldste Border så hadde eg nok litt for lite erfaring og resultatet blei deretter. Ted hadde veldig stor gjenstandsinteresse og dette i kombinasjon med for lite jobbing i forhold til markeringa så endte det opp i kaos, eg har aldri verkeleg klart å få god systematikk i søket med han, pinnane ligg nesten i ein einaste haug når han er ferdig, pluss at han gjerne når han er verkeleg heit berre plukkar ein pinne med. Det som eg ser no er at luktmarkering og apportering er to heilt ulike øvingar som seinare skal setjast saman til ein....Med Kelly så byrja eg med sjølve markeringa, ho hadde jo inne på target på post it lapp og i handa mi, det var derfor veldig enkelt å begynne med nettopp dette. Første kjørte eg berre nokre treningspass med at ho skulle markere handa mi med nasa, kriterie eg hadde var at eg vil kjenne at ho verkeleg trykte meg i handa, så ville eg at ho skulle kunne fryse nasa i handa frå 1 til ca 4 sek.
Når eg hadde dette på plass hadde eg nokre treningpass med at eg klipte ein post it lapp i to og plasserte den først litt i handa og deretter klipte den mindre og festa den på alle mogelege rare plasser på lister og karmer rundt i heile huset. Det vart ein skikkeleg festleg leik, omtrent som
" tampen brenner ". Deretter hadde eg meg ein runde på kjøleskåpet festa seks lappar etter kvarandre på ei rekkje, og flytta rundt på lappane og jobba med å få ho til å markere riktig, dette gjekk veldig fort, samtidig lærte eg ho og eit fast søksmønster som eg ynskte meg at ho skulle ha.
Mitt kriterie for søksmønster var følgjande gå til venstre og søke seg oppover mot høgre, ho skal markere rett med ein gong ho møter rett post it lapp, viss ho gjekk over så begynte eg på ny repetisjon. Dette har gjort at Kelly er veldig nøyaktig når søker, ho rører knapt i ein pinne. Når eg hadde søksmønsteret på plass så veksla eg mellom å ha post it lappane på kjøleskapet og legge dei ned på golvet. Eg gløymte å seie at for å lære ho å gå heilt ned til venstre og begynne å søke seg oppover mot høgre så shejpa eg inn den bevegelsen ut frå fører og ned til første pinne til venstre.
Neste punkt på programmet var å leggje til pinnane, dette var faktisk ingen problem eg testa faktisk å gå frå post it lapp til pinne og det tok ho med ein gong, jobba ei god stund til med sjølve markeringa , begynte då å ta med meg markeringa rundt omkring på ulike underlag og med ulike forstyrrelser, når eg var veldig sikker på at markerte rett pinne så byrja eg å leggje på apporteringa inn til meg sidan kelly har gode grunnferdigheter på apportering så trengte eg ikkje bruke så lang tid på den biten. Når eg skulle få Kelly til å løfte pinnen første gang så holdt eg berre igjen klikket og då tok ho den med seg, alt dette gjorde eg på veldig kort hold i starten , ikkje minst for å kontrollere at kvar repetisjon låg opp til mitt kriterie. Det vi har trent mykje på no siste tida er ein å trene med mange forsyrrelser, ulike underlag, ha naseprøven lagt ut under vanskelege arbeidsforhold, feks i ein pitte liten ring med mange folk og hundar som står bak naseprøven, dette var veldig vanskeleg i starten, har og jobba mykje med å leggje det inn i kjeder, slik som i elite der du først har to apporteringsøvelsar og hunden er heit i toppen så skal den inn på naseprøven å markere rett pinne. Det er då veldig lett for at hunden tenker
" apportering" og berre tar med seg ein vilkårleg pinne. Dette er ein øvelse som det lønner seg å leggje ned god tid i at hunden lærer seg godt å skille di lukt frå andre. Når hunden er sikker på det så kjem dei andre stega veldig fort...... No skal eg og Kelly berre finne oss ein lydighetskonkurranse så vi får prøve det ut......

Det fine med å bruke litt ekstra tid på finne riktig lapp var at den vesle frøkena byrja og bruke NASEN.

søndag 14. februar 2010

Forståelse = fart



Når eg reiser rundt på agilitystevner er det ein del folk som kjem bort og undrer seg over hundane mine at dei springer fort og har gode tider. Eg tenker at med god trening så kan ein god hund bli mange hakk bedre. Kelly er eit godt eksempel på ein hund som har brukt lang tid på å bli bekvem med å hoppe. Kelly er 46 cm på strømpelesten det vil seie at ho må hoppe ca 65 cm nesten 20 cm meir enn sin eigen høgde, ei lita stund holdt eg på og gi opp heile hunden når det gjaldt agility,når ho hoppa på høge hinder var ho totalt i ubalanse ho kasta seg over hinder og det lyste lang veg at ho var usikker på korleis ho skulle hoppe.
Eit vanleg hopphinder er det hinderet på agilitybanen som hunden møter mest, mange har den oppfatning av at eit hopp det er eit hopp og det må no hunden kunne, det er lett. Eg veit som tidlegare sprangryttar at dette slettes ikkje er tilfelle, det er klart at på hesteryggen får det ein heilt anna konsekvens når hesten er i ubalanse, du kan dette av og slå deg stygt. Det vil i realiteten seie at alle sprangryttere som har livet kjært trener hoppteknikk med hesten sin.
I hundeverden er dette heilt annaleis , det er akkurat som at folk ikkje tenker over at det med hund er like viktig, for å få ein rask og smidig hund og ikkje minst for helsa til hunden din. Ein hund som er konstant i ubalanse vil ikkje bli så smidig og ta seg så effektivt framover den vil og gjerne begynne å bruke seg feil belaste andre muskelgrupper, noko som kan føre til skader på sikt....Hunden sin hoppteknikk er avhengig av hunden sin psyke, kroppsbygning og tidligare læring som hunden har hatt i forhold til hoppning. En hund som hopper med bra teknikk legg vekta bakover og er balansert når den tar av. Hunden bør hoppe med lavt hovud og i utgangspunktet bør frambein og bakbein vere paralelle når hunden hoppar. Nakken på hunden bør vere høgaste punkt når hunden kjem over bommen. Det er likevel veldig viktig å tenkje på at og hundar som menneske har ulike stilar det er ikkje dermed sagt at det blir feil. Men eg er av den oppfatning av at hundar helst vil gjere rett. Hundane våre river ikkje med vilje, men dei må vite kva som blir krevd av dei. I eit hopp er det mange ting ein hund må lære seg å bedømme ; 1.veien , hunden må bedømme avstand og vite kor den skal satse før hinderet, kor mange steg trenger hunden for å finne riktig punkt for avspranget. 2. avhoppet, kor høgt er neste hinder, kor mange steg og kor mykje energi må hunden bruke i hoppet, er det ei rett linje eller skal hunden svinge. Viss hunden feks skal svinge er dette informasjon som hunden må ha før avsats på hinderet, hunden må då leggje inn eit ekstra steg. 3.vektforskyvning, i avhoppet skal hunden lene seg bakover og bruke bakbeina, det er realtivt vanlig at hundane blir tunge på forparten, at dei berre slenger seg over hinderet. All energi skal komme fra bakbeina, skyve hunden fram over hinderet. 4. vinkel på avspranget og 5. høgde, hunder er flinke til å rekne ut høgde, viktig å variere til ulike høgder slik at hunden lærer seg kor den skal ta av. 6. få balansen igjen etter landingen, etter at hunden har landa må den få igjen balansen så fort som mogeleg, ein hund som lander på forparten får ofte problem med å gjenvinne balansen, dette kan føre til riv og til at hunden bruker feil muskelgrupper... Som sagt med Kelly har hoppteknikken vore den viktigaste ingrediensen for at ho i dag utstråler stor sjølvtillit på agilitybana, ho hoppar 65 cm så lett så berre det....Ergo har hunden din forstålelse for korleis den skal gjere ting så kjem sjølvtilliten og med den kjem FARTEN og den er du avhengig av om du skal vinne på agilitybanen. Eg skal leggje ut ein filmsnutt med ulike hoppteknikk øvingar......