mandag 12. november 2007

Treningsstatus....

Her den alltid blide og trivelege agilityhunden til mammo....
Vel her har typen tatt ein liten rest på sofaen.......


I dag har eg laga meg ei liste på treningsutfordringer framover, og lista vart lang. Døgeret har berre ikkje nok timar. I dag har vi jobba med klasse 3 øvelsar.

Hopp over hinder med treapport :

På denne øvelsen er delmomenta så bra at det berre er til å kjede saman. Ted synes det er kjempkult og fly over hoppet med apporten i munnen, han er faktisk veldig stilig der han kjem svevande.

Metallapporten :

Denne øvelsen er og veldig fin, det hjelper på og ha sånn omtrent 5000 repetisjoner på grepet. HAn heldt kjempefint i eit fast grep, farten er god.

Fri ved foten :

Denne øvelsen har eg ikkje heilt sansen for, så her må det full skerpings til. I dag har eg jobba med lynraske holdter, venstre og høgre vendinger, ser ikkje så aller verst ut.

Flatdekk :

Denne øvelsen har eg foreløpig prioritert å få flyt på inne før eg tar den ut. Foreløpig status er 1 min på 5 meter ( eg har prøvd nokre gonger å skjule meg litt, dette har han tatt kjemperaskt). Det er nesten synd at det er så lenge til neste agility og lydighetskonkurranse for vi er klare. Men eg får nok smøre meg med tolmod.

PÅ onsdag hadde eg gebursdag, vanlegvis når ein har gebursdag så får ein fine dameting hos mannane sine. Gåva frå Bjørnar i år var berre heilt alldeles genial, ei vippe og ein slalom til agilitien. Han har nok jobba ein del overtid for å få råd til det.

Det vil seie at eg og måtte kjøre ei god økt med agility, feltene jobbar eg med kvar dag, det må til for at det skal bli bra på sikt. Startane har vi og jobba med og det begynner å bli riktig fint synes eg. Eg varierer mellom å starte han på hinderet, og å la han gå bak til leike, funker kjempfint..

Nei no skal eg sove, så får eg så i morgon kva vel vel å ta tak i......

3 kommentarer:

Mette sa...

GRATULERER med flotte debut i klasse 2 lydighet, Bodil :) Synd med fellesdekken men det ordnar seg nok til neste gong, tenkjer eg.
Du har no ein snill mann som lagar agilityapparat til deg i bursdagspresang. Heilt topp spør du meg...

Tindra gler seg til neste møte med Ted, Bonzo og Mathias :) Me møtest nok snart på ei agilitytrening når berre ting får roa seg her i heimen. altfor mykje som foregår for tida...

Mette sa...

GRATULERAR med flott debut i lydighet klasse 2, Bodil og Ted :) Supre poeng. Synd med fellesdekken men det ordnar seg nok til neste gong, tenkjer eg.
Du har no forresten ein snill mann som lagar agilityutstyr til deg i bursdagspresang! Heilt topp, spør du meg ...
Me snakkast på agilitytrening når ting roar se litt her. Altfor masse som foregår her hos meg no for tida, men det roar seg vel etterkvart, håpar eg...
Tindra gler seg til neste møte med Ted, Bonzo og Mathias!

Marianne sa...

Herregud Bodil, så bra klasse 2 debut!!!!! Nå må jeg skjerpe meg, du puster meg snart i nakken i eliten..... Grattis med overstått bursdag også:)