

Slalominngangane er han veldig sikker og sjølvstendig på, dette gjer at eg til tider kan ligge på lang avstand i frå han. Det eg måtte passe spesielt på i denne bana var etter slalomen at eg har tid å vente til han er ferdig, det er veldig lett i dei siste pinnane i slalomen å tenkje på neste hinder, dette gjer at hunden kanskje skippar siste pinnen. Det var ei flott treningsøkt, der Ted heile tida prøver å yte sitt beste. Jobba med felta til slutt, eg jobbar fortsatt med at han skal stå igjen på feltet medan eg tar framforbytter frå begge sidene på felta. Felta er Ted utruleg sterk på. Fekk og sjølvsagt trent litt lydighet. Litt fri v/fot samt ein innkalling og tannvisning.
No gledar vi oss ustryrtleg til konkurranse. I lydighet skal vi konkurrere 15 april medan det i agility sikkert ikkje blir før i byrjinga av mai. Gubben har verkeleg sett foten ned og det trur eg er fornuftig. Eg kan ikkje vere med på alt, men klikkerinstruktørutdannninga gledar eg meg veldig til. Håpar at eg kan utvikle meg mykje meir som hundefører.........
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar