fredag 23. februar 2007

AG+LP = SANT

UT PÅ TUR, ALDRI SUR...................


Kanskje litt teit overskrift i dag men det er no eingong slik kvardagen har vorte, ikkje berre agility men og lydighet.

VEl i dag har eg hatt ein av mine store gjennombrudd. Ted fann ut i det verste snøværet i mann minne at APPORTERING ER GØY....... Eg vart heilt sjokkert av han, plutseleg har det dotte på plass dette som vi har trent på lenge, og når ein først får det til er det verdt alt strevet.
Så sjølvtilliten er ganske høg, i allefall resten av kvelden så får vi sjå i morgon om det berre var eit slump av flaks..
Vi har og trent agility i dag, nærare bestemt slalominnganger og Ted har blitt heilt rå( sjå den amatørmessige teikninga mi). No kan han gå i frå alle mogelege sider og innganger, eg er faktisk riktig stolt av han. Eg ser at til meir sjølvtillit han får desto fortare går det. HAn tør verkeleg å prøve. Det er kjempekjekt å sjå på han. Om ei stund så treng han vel ikkje meg til å handle han eingong, ( berre tulla). Eg kan og gå med lang avstand til han i slalomen utan at eg dreg han ut. Konkurrentar rundt om i det norske land må berre passe på til våren, vi blir ikkje gode og slå, (nei no får eg nesten gi meg før eg blir endå høgare på pæra). Men å trene hund er gøy..............

Eg går rundt med litt sommarfuglar i magen når eg tenkjer på at vi snart skal ut å vise andre det vi har trent på i vinter........

1 kommentar:

Marianne sa...

Er ikke i tvil om at du kommer til å feie de fleste av banen.....:D