mandag 5. mars 2007

Metallapport !!!!!!!!!!!!



Vel no tenkjer du vel kva i alle dagar har ei agilitybane med metallapport å gjere, vel ingenting.
Men før agilitytrening i går hadde eg meg ei lydighetsøkt, og så tenkte eg som så at eg måtte ta fram metallapporten og i allefall prøve. Det gjekk over all forventning, eg klikka han nokre gonger for å smake på og gripe over, vips stod han med apporten i munnen som om han aldri skulle ha øva på noko anna. Eg hadde sett for meg at eg verkeleg berre kunne starte heilt på nytt når metallapporten skulle på plass. Det er mykje som gjenstår men vi har kome langt på veg, og eg gir meg ikkje før eg har fått det til !!!!!!!!!Sjekk bilete over vi tok av litt begge to når belønninga kom, eg er veldig glad for at eg ikkje kom med på bilete, det hadde blitt passe teit.
Hadde meg og ei fin økt med fri ved fot. Han går veldig pent og han har blitt mykje flinkare på temposkifte.
Agilitybana var ei hoppbane . Det vart nokre tronge boksar det var ca 4 meter mellom hindera, og det har vore vanskeleg for Ted før men i går løyste han det heilt perfekt. HAn gjekk raskt og effektivt og best av alt utan riv. Han begynner å få ein god hoppteknikk no med bakbeina, og han riv sjeldnare og sjeldnare. Eg tok bana på begge hender. Det er løye med oss mennesker , vi er flinkare å handle på eine sida enn den andre, men eg har bestemt meg for lenge sidan at eg skal handle like mykje på venstre som høgre side. Eg tok nokre framsendningar, ei rett linje fram til tunnel. Eg stod igjen og berre sendte han framover. KJekt å sjå ein så flink hund i aksjon.
Men utruleg nok det eg var aller best fornøyd med var metallapporten....

2 kommentarer:

Marianne sa...

Flott, Bodil!!! Nå får du igjen for alt arbeidet du har lagt ned med apporten:)

Anonym sa...

Hørte at du hadde ein knallrunde med Ted på agilitytreninga i går . Men fekk eg sett det ? Nei , da var eg ute og varma opp Teitur ... Men når AG - treninga var ferdig fekk eg i alle fall sjå kor flink han er i lydighet . Tannvisinga går som ein drøm,"no problem" :o) Ein nydeleg fri ved foten med full fokus på "mor" og for ikkje å snakke om metallapport ... Dette lovar bra Bodil! Men så har han ein dyktig læremeister , berre så det er sagt ! Og så Bonzoen da ...han er i støtet som aldri før .Trur han har lyst på eit napp til i agility :o) De er flinke alle tre og det skal bli spennande å følgja med deko framover ...Eg ønskjer lykke til både med LP og AG !
Sissel