tirsdag 15. mai 2007

Apport og kryp....

Har hatt meg ei lita økt i dag og med handling. Eg har funne ut at til raskare hund du har desto meir må du tilrettelegge ute i banen. Du må finne hunden si linje og du må finne førar si, og sørgje for at du alltid gir hunden plass. Dette har eg hatt litt trøbbel med.
Har og jobba med å tilrettelegge gode svingar, dette har faktisk ført til at flyten blir betre og at riva uteblir. Eg har rett og slett ikkje tenkt på kor mykje dette har å seie for handlinga vår. Eg vil faktisk seie at tilretteleggjing av svinger i banen og å finne gode linjer til hunden i banen, dette gjer at hunden faktisk ikkje river og får feil. Eg trudde ein periode at eg hadde eit rivproblem, men eg innser at det ikkje er det. Eg må alltid passe på å briefe så godt at eg veit nøyaktig kor eg skal setje foten, uansett kor liten kombinasjon eg har. Men det seier seg eigentleg sjølv alt når eg tenkjer over det. Ein rask hund må ha godt tilrettelagte banevalg, ellers blir det feil eller at hunden tar hinder den ikkje skal. Vel noko nytt skal eg visst reflektere over kvar dag..........
Vel vi trener jamnt og trutt kvar dag, eg synes at vi har blitt betre på mange ting, men ein av dei tinga som eg verkeleg har måtta jobbe med er apportering. No går det heldigvis mykje betre.
I dag har vi apportert litt ulike gjenstander ei flaske, ei lommebok, nokre hanskar. Hadde tre korte og vellukka økter. Han vegra seg ikkje på nokre av tinga.
Eg køyrde faktisk innkomsten med apportbukken på hopp over hinder med apport. Dette gjekk kjempefint, god fart inn, godt grep om apporten og ein veldig fin innsitt.


Eg hadde og ei lita økt på kryp, men eg synes det er vanskeleg, nesten kor liten bevegelse eg har i targetsticken får han ein liten bevegelse i rompa. Eg må vel berre terpe til eg får det til og senke kriteria mine ytterlegare.
Men no kryp eg til køys............

Ingen kommentarer: