onsdag 5. september 2007

Konsentrasjon..........

Tedden og mammen er konsentrert før dei skal starte i agility.....

Denne veka har eg stort sett hatt Susan Garett si stemme i bakhovudet, ho har skrive boka "Shaping sucess" som handlar om hennar eiga hund Buzz frå han er ein fersk unghund til ein agilitymester av dei store. Susan skriv i boka si mange ting som er særedeles interessante som feks "your dog is a mirror image of your abilities as a trainer". Det er ganske sterkt sagt, men desto meir eg tenkjer over det desto riktigare er det. Vi seier kanskje ofte at "med min neste hund skal eg eg gjere det og det, i staden for å ta seg sammen i nuet med den hunden ein faktisk har.
Denne veka har eg levd etter ein del treningsreglar som nettopp Susan Garett har skissert og som skal effektivisere treninga mi, og om eg må seie det sjølv så er eg veldig godt fornøyd.
1. Arbeid-leik-arbeid-leik-arbeid-leik-pause, det vil seie at eg gjennom ei økt har full konsentrasjon til eg er ferdig. I det eg tar hunden ut av bilen skal alt vere klart, utstyr, kva eg skal trene på og belønning, under økta er det fullstendig fokus på hunden og det ein heldt på med, utruleg effektivt.
2. Positiv trening betyr ikkje at ein ikkje skal setje krav, men det må vere krav som står i forhold til det hunden og fører kan makte.(gode kriterier er ein forutsetnad).
3. All atferd er skapt av konsekvensane det får. Eg hadde nemleg ein episode ute i hagen der eg fekk sjå at Ted gjekk i frå treningssituasjon i lag med meg til å finne ei atferd som var sjølvforsterkande, nemleg å kjefte som ein gal og springe rundt plenklipparen. Eg berre stod som ein mumie. Det er veldig lurt å vere klar over kva som forsterker hunden din, det er utruleg kor mange atferder ein kan få med på lasset som ein ikkje ynskjer.
4.Think-plan-do. Denne er utruleg viktig for at ein treningssekvens skal bli bra, tenkje over kva skal eg trene på, kva mål skal eg ha og korelis skal ein oppnå måla, vanskegrader i miljøet, kva lomme skal forsterkereren vere. Dette er viktig, i agility skal ein alltid belønne med den handa nærast hunden, og då må du absolutt vite at belønningen ligger i den lomma det skal.
5. Tren for å forbedre dine svakheter. Vi mennesker likar godt å trene på det vi får til, men vi lar kanskje vere å trene på det vi ikkje får til, det er ikkje forsterkande. Eit stort mål som eg har er at kvar veke skal eg ta tak i ting som eg enno ikkje er god nok til.
6. Kriterier. Ein kjem aldri unna kriteria, å bruke tid på dei før du skal trene er alfa og omega.
7. Aldri ignorere hunden din når du trener. Det er veldig lett for å miste fokus når ein trener, i det sekundet ein har blikket vekk finn hunden på andre ting, det er utruleg øydeleggjande for treninga.. Ein skal alltid følgje med hunden sin det fortjener den.
Kan vere at ein del tenkjer etter denne oppramsinga at , kva er vitsen med å gjere treninga så komplisert. Men eg har tvert i mot erfart at dette er huskereglar som er viktige og som gjer at treninga blir kjekk for både hund og fører, og det er vel meininga. Vi er raske med å setje krav til hundane våre med det som er endå viktigare er krava vi må setje til oss sjølve.
Eg veit iallefall at desse treningsråda lkjem alltid til å surre i hovudet mitt, og det føles godt når du ser at det git umiddelbart resultat. Så eg seier berre tusen takk til alle der ute som fyller meg med nye tankar og inspirasjon kvar dag............

1 kommentar:

Marianne sa...

Veldig bra skrevet, Bodil. Du har helt rett i at vi må være flinkere til å sette krav til oss selv og ikke bare hundene våre!