onsdag 5. mars 2008

Kaos....




I dag når eg vakna var eg særdeles lykkeleg; det var ganske mange ting som gleda meg, men ein av tinga som eg såg stort fram til var at i dag har Kerstin endeleg hatt fri så det såg ut som vi skulle få oss ei god treningsøkt ut på ettermiddagen. Eg reiste på arbeid i god tru, men NEI..


I løpet av dagen kom det iallefall 30 cm med vååååt SNØ, la det vere sagt EG LIKAR IKKJE VÅT SNØ...For å gjere ei lang historie kort, det vart umogeleg å komme seg fram på vegen, eg kom meg nett så vidt hiem igejn i snøværet, ingen tur til Bergen for å trene med Kerstin og ingen One Jump som eg hadde tenkt då eg kom heim.
Og som Bjørnar så klokt uttalte det "Været er det ingen som kan gjere noko med", så sant så sant...
Men i staden har eg trena inne med min lille sirkushund Ted. Mathias har ein leikekasse full i bamsar som han hadde slengt ut over golvet, så eg tenkte like godt eg kunne lære Ted å rydde bamsar. Etter ei lita stund tok han poenget og kom og slepte bamsar opp i kassen, kjekt å kunne.

Eg har og jobba med å få ein god innsitt på høgresida, begynner no å bli veldig bra, og eg gledar meg stort til å få nytte akkurat dette i agilityen.
På laurdag er første agilitykonkurranse for sesongen. Det vert spanade, vi har hatt ei god oppkjøring til sesongen. Eg har lenge jobba med å lage meg gode rutiner med Ted på konkurranser. Ein er veldig avhengig av at hunden har rett stressnivå, noko som er litt vanskeleg med han for han girer seg veldig opp og blir forventningsfull. Eg gledar meg til burleikane sit på plass( hos Ted har buret alltid vore skummelt), så det var heilt nødvendig å ta tak i dette. Men uansett kor det går på lørdag så gledar vi oss, Ted har vorte så flink....
HAr og bedrive litt tørrhandling i dag, sirkelarbeid på høgre og venstre utside, men eg fekk meir trøbbel når eg skulle prøve dei same sirklane innvendig, men eg gir meg ikkje så lett.
Ted har no begynt å få skikkeleg sving på rygginga si, i dag har vi kjørd ein ny øvelse som heiter rygg over mønet. Han var veldig flink.

Tusen hjarteleg takk til Fanny, Siv, Marianne, Kerstin og alle dei andre flinke bloggarane som stadig kjem med oppsiktvekkjande gode poeng og som inspirerer med i det daglege arbeidet, og tusen takk for grunnferdighetsskjema i agility, det var godt som gull Fanny.......
Valpen, ja det blir nok spanande trur eg. Vi har bestemt oss for å prøve eit svenskt oppdrett Kennel EmenEm, det er av same oppdrett som Anna har ( eg var ganske begeistra for hunden hennar Fonzie) fin type, med godt gemytt og bruksegenskaper. Dette er viktig i ein hund. Valpane er vel venta rundt veke 12, så det er ei stund til vi får babyen i hus... (Ligg forresten eit flott bilde av FAn, mora til kvalpane på hovudsida til kennel Emenem). Den hunden er altså nesten heilt lik min første hund Dumbo, rett og slett VAKKER.....
Men no er det senga neste.......



Ingen kommentarer: