fredag 12. september 2008

Bruk av Threadle arm (false turn)

" And the winner is......"
Kelly har blitt ei fin ung dame....

Mykje trening på dobbelboks fortida.....alle slags variasjoner av dobbeltboksen, både framforbytter og bakombytter...



Push- through framforbytter og diagonale framforbytter har eg og brukt mykje tid på. Eg kjenner at byttene min er mykje meir presise og at eg har ein mykje betre automatikk på det eg gjer.
Denne veka har eg og Ted trent på mange ting blant anna bruk av threadle arm. Dei siste hoppbanene eg har gått siste tida har det vore mykje rett fram og at hunden på slutten av eit rettstrekk skal i motsatt tunnelinngang.
Eg ser at mange førere prøver å løyse det med å legge inn eit framforbytte ( som ofte blir på ei rett linje, aldri framforbytter på rake linjer). Framforbytter og bakombytter betyr faktisk at hunden skal skifte side, hunden SKAL reagere på armskifte. Bytter du på rette linjer så ber du hunden om å oversjå armsignala dine, så du gjer ikkje deg sjølv ei tjeneste som handler med å ta bytter på rette linjer ( kun i sving).
Men tilbake til saken, bruk av threadle arm gjer at eg faktisk kan ligge ganske langt bak og likevel reagerer han på ein threadlearm. Ein av våre svakheter har nettopp vore 25 meter rett frem og i motsatt tunnelinngang ( det forstår nok dei som har ein tunnel maniac til ein hund). Dette har vi øvd mykje på og blitt rimeleg gode på.
Eg trener mykje på å veksle mellom ulike signal slik som serpentiner, springe inn i framforbytter, bakombytter, threadles and push througs, samt akkselerere på ei linje for så å deakkselerere inn ein trang kombinasjon. Dette gir resultater og bedre forståelse.
Eg har planar om å få lagt ut nokre filmer om dette, viss eg ein gong får tid......

Ingen kommentarer: