tirsdag 2. september 2008

Viktigheten av forståelse......

Den vidunderlege hunden min som alltid gir alt.........

Dei to siste helgene har eg og Ted vore og konkurrert i agility, han vann 3 av dei 4 fire løpa han gjekk.
Farten på siste hoppløpet i helga låg på 5,7 meter i sekundet, det var det ingen som var i nærheten av, i agilitien låg han på 5,4. Det går unna i svingane og dermed set det store krav til både handlinga mi og ikkje minst treninga som eg legg ned i hunden min for å få meir sjølvstendighet og forståelse for mine signaler. Folk har veldig lett for å samanlikne ekvipasjer. Då kjem ein ofte feil ut, hunder og førere er veldig forskjellige, og det tar ei stund å trene opp ein hund til å utføre så mykje så mulig sjølvstendig i ein agilitybane, sjølv om det ser lett ut så er det uttaligge arbeidstimer som ligg bak ein god hund.

No etterkant gjer eg meg ein del viktige refleksjoner om ein hunds forståelse for linjer og signal i ein agilitybane.
For ei stund tilbake vart det mykje disk på oss, vi kom oss sjeldan og aldri gjennom ei bane, no derimot er vi igjennom så godt som alle løpa våre.

Dette skuldast nok mange ting, men den vikitgaste endringa ligg i hundetreninga, vi har tatt tak i mange ting.
Det nyttar faktisk ikkje å tru at du kan føre ein slik hund rundt ei bane på slump.
Denne sommaren takka vera Fanny har eg fått muligheten til å setje meg inn i og forstå viktigheten av eit godt og konsekvent handlingssystem. Når du har gode verktøy blir det mykje enklare å handle, og ikkje minst blir det mykje lettare for hunden å forstå kva som betyr kva ute i ein bane.
Det siste året har vi tatt for oss mykje jobbing med serpentiner, threadles, lop (lead out pivot), push through, akkselerasjon og deakkselerasjon, bakombytter ( som faktisk for min del er eit veldig viktig verktøy, eg trur ikkje eg har gått ein einaste bane siste tida der eg ikkje har hatt bruk for eit bakombytte).
Ted er rask og elskar å springe, men det eg vil fram til er at med den forståelsen som han no har for mine signaler og at han faktisk går sjølvstendig ute i banen det gir meg store fordelar og det gjer og sitt til at han faktisk går ennå raskare fordi han forstår kor han skal videre i banen.
Ein liten oppfordring til slutt ikkje skuld på hunden for at du ikkje tar tak i hundetreninga. Det ser ein mykje av rundt om på alle stevner at føreren gir hunden ansvaret, så gå ut og tren godt og ver ikkje redd for å søke ny kunnskap, det har redda meg og TEdden......

1 kommentar:

Anonym sa...

Grattis till fina resultat! Ni är ju grymma! Är ni uppflyttade till klass III nu?