fredag 24. oktober 2008

Hjelp eg har fått meg ein retriever....


Det var ikkje så lett å sjå denne kombinasjonen dessverre. Men det viste seg å vere ein veldig god kombinasjon til det meste. Målet med treninga var eigentleg bruk av TA (treadle arm)for å få han i motsatt tunnelinngang. Fekk og til litt serpentinhandling, threadles. Super treningsøkt, det beste av alt var at Tedden ikkje reiv ein pinne. Det kjennes veldig bra ut og handle TEd no, han har veldig fin forståelse for alle signala mine.
No er det berre å gjere seg klar til Hamar, det skal bli veldig kjekt .....

Kellyen min er ei skikkleleg badenymfe.....



Her er ho på veg opp i vannkulpen...











Med Kelly har eg jobba jamnt og trutt heile veka.
Desse tinga har vi vore igjennom :
- Apportering :
Har jobba mest med metall og få eit fint grep, eg er ganske fornøyd med intensiteten.
- Innkalling med stå :
I og med at eg jobbar mest åleine så har eg brukt buret til denne øvelsen, det viste seg å fungere utmerket.
Føreløpig har eg forsøkt med rygging og med musematte. Synes ho viser ein fin progresjon, ho er iallfall ivrig.
- Fri ved foten :
Denne veka har vi gradvis jobba oss lenger og lenger, vi har langt inn eindel forstyrrelser som ho skal gå over.
- Vendinger :
Har jobba eindel med rygging og vendinger, har først brukt kloss, deretter tatt vekk klossen, og det ser veldig
fint ut både i venstre og høgrevendigner og helt om.
- Ruta :
Dette har vore eit festeleg ekspriment, Kelly er så flink, det viser at ho har jobba mykje med sjølvkontroll
og doggie Zen. HO er så kul , tar ting veldig fort. Eg har no begynt å ta vekk sider, ho går fint inn i midten av
når eg berre har ei side liggjande. Kan faktisk no sende ho frå ganske langt hold. Det blir bra. Eg har og denne
veka vore rundt og trent fellesdekk og sitt, har begynt å gå i skjul og setje på forstyrrelser men mennesker som går rundt ho, det helst hardt for ein slik sosial voff som Kelly, men ho sitter fint. Vel treninga går sin gang, men no i helga er det siste helga på trenerutdannelsen, Tvi, tvi det har iallefall vore kjekt, utruleg mange flinke hundeførere.





Ingen kommentarer: