mandag 6. oktober 2008

Mot nye mål...


No har vi snart lagt bak oss ein konkurransesesong. Vi har blitt bedre på mange ting, spesielt siste tida har ein del folk komme bort til meg og vore nyskjerrige på korleis eg handler og at det ser fint ut, det er sjølvsagt alltid kjekt med kompliment.
Men eg kjenner det og godt i kroppen at eg er mykje tryggare og eg og Tedden begynner å bli eit sammensveisa team. Eg er veldig imponert over han korleis han har tilpassa seg eit konsekvent handlingssystem.
Når det gjeldt agility så har eg hatt to store vendepunkt, det eine var at Bjørnar brukte nesten 1500 kroner på bursdagspresang til meg, diverse dvd ar " Sucess with one jump", og dei to dvd ane til Greg Derrett, det andre var møte med FAnny i januar. Ho har hatt tru på meg og TEd heile vegen+ at eg har fått komme til Son å gått mange fantastiske kurs. Viss agility var morosamt før så er det ti gongar bedre no.

Det er ikkje så veldig lenge sidan eg gjorde litt av kvart, vi berre sprang og håpa på det beste. Eg kan berre tenke meg til for eit stressnivå TEd har hatt når han ikkje visste kor han skulle hen. Men Tedden min er utruleg justerbar, han lærer veldig fort og det er ein stor fordel når det er så mange ting å ta tak i. Men fordi vi faktisk har gått over til å kjøre konsekvent så har eg ikkje hatt ein flick i ein bane på det eg kan hugse. Eg hadde og problemer med at han alltid stakk til nærmaste tunnel og forsterka seg sjølv. Det har ikkje skjedd ein gong i løpet av heile sesongen.
Eg har vore veldig flink å filme både konkurranser og trening dette gjer at du blir mykje meir bevisst på kva du faktisk gjer.

Vi har to konkurranser igjen i sesongen ein på HAmar i november og ein på Stord, målsetninga er å gå fine feilfrie løp. Eg har faktisk aldri blitt slått av nokon når Ted er feilfri, men det må eg nok rekne med no i klasse 3 at det blir hardare tidsmessig. Siste tida har det blitt jobba mykje med svinger, gode effektive svinger. Eg har rekna på det og funne ut av at berre i startane så stjel Ted opptil 2 sekund på konkurrentane berre ved at han forstår min positional cue, dette er kanskje noko av det som gjer at handlinga vår har blitt 100 prosent meir effefktiv. TEd er rask i utgangspunktet, men når han i tillegg veit kor han skal (positional cue) og har forståelsen for akkselerasjon og deakkselerasjon, og har gode svinger, ja då skal han faktisk ikkje bli lett å slå.
Ambisjonane neste år er høge, og eg har tenkt å konkurrere ein del i Sverige rett og slett for at det er fleire større stevner med mange konkurrenter. Det er viktig å få seg litt konkurranseerfaring.

Vel det er ikkje så lenge igjen av året og heldigvis så starter konkurransane opp igjen i januar Follo er første stevne ut. Eg heldt faktisk på å bearbeide min kjære Bjørnar til å kjøre meg over fjellet på vinterstid. NOkon vil nok meine eg er gal, og det er nok sikkert rett. Eg likar å samanlikne meg med dei som driv med ekstremsport, når du har ein hund som TEd så gir det eit utruleg adrealin kick å gå agility( ein blir nesten avhengig), han er så himla fin.....

Vel no er fri timen min forbi så Kelly får eg skrive litt om seinare......

Ingen kommentarer: