mandag 8. desember 2008

Jobbing med forstyrrelser....

Mathias+Kelly er lik bestevenner....
Kelly og mammo jobbar med å ha god fokus og attityde når vi jobbar og sjølvsagt i leiken.....


Denne helga er det forstyrrelser i treninga som står i sentrum, sjølvsagt har eg jobba med forstyrrelser i forhold til trening sidan eg fekk Kelly, men det er likevel ein del ting i livet som bort i mot er uimotståeleg slik som Mathias og Ted. Kelly elskar desse to av den enkle grunn av dei verkeleg KAN leike, det skjer alltid noko morosamt rundt dei. Så i staden for å gå å irritere meg over øydelagte treningsøkter når dei er tilstades, så tenkte eg å hoppe i det og lære Kelly kortid han får leike med dei og kortid ein skal jobbe med mor.

Dette innebær jo først og fremst at ho får begrensa tilgang på å herje saman med bestevennane.
Eg har trent to ting paralelt i helga fellesdekk med forstyrrelser og starten i agility, i begge tilfelle er det viktig å holde posisjon til fri signal er gitt. Kelly begynner å bli flink til det, ho har hundrede gongar bedre startprosedyre enn Ted nokon gang har hatt, vel det er berre ein ting å seie om det og det er at ein lærer av sine feil både mennesker og dyr. Eg legg opp øktene slik at ho stort sett skal lykkast, men det ligg og ein del utfordringar der ho verkeleg må vere ettertenksom.

Eg brukte Mathias først :

- han fekk ta ein leike å dra rett framfor ho.

- springe fort vekk frå ho (Kelly skulle sitte tilbake).

- spele litt fotball rundt ho.

- kaste leiker rundt ho på plenen.
Det vanskelegaste var når Mathias begynte å trille ball, Kelly er tross alt veldig glad i fotballar + at Mathias er ein bestevenn, så første gongen så braut ho sitten. Gjekk då over til at Mathias kasta den forsiktig i lufta då gjekk det bedre, etter ei stund så så satt ho og fint når Mathias spelte.
1 premien for denne økta var å få være med Mathias og spele, det er frydefult å sjå på dei to i aksjon.
Eg gjorde ganske tilsvarande med fellesdekken. Nå eg brukte Ted som forstyrrelse så blei det vanskelgaste når eg kallte Ted til meg og ho skulle sitte tilbake, men det tok ikkje lange tida før ho var med på den og.

Elles i helga har eg jobba mest agility med begge to, Tedden sin naseduttar er veldig fine no så eg har ein stor forventning om at det no skal bli gode og stabile felter framover.
Elles har vi jobba ein del med serpentiner og Lead out, Kelly finn linja umiddelbart medan Ted ser litt fram og litt på meg, men det har blitt mykje bedre . Men eg merkar veldig godt på begge to at mykje tørrhandling gir resultater, dei er utruleg lydhøre og går kjempefint. Med Kelly prøver eg no å variere mellom 180 sving, threadle og å ta ein serpentin, ho les dei ulike signala kjempefint.
Elles har eg tatt nokre små økter med stå under marsj for å få den påliteleg, eg er veldig fornøyd med stoppen ho sklir fint inn og stoppar momentant.
Apportering har eg jobba mykje med , Kelly har no eit flott grep og har veldig fint driv ut mot apportbukken går bak og plukker opp. Eg har veksla mellom metall og tre. Metallapporten er vanlegvis vanskelegare å holde, men ho er faktisk meir glad i metall apporten enn den i tre.
I går hadde eg og ei artig slalomøkt med Ted. Susan Garrett kjem ut med ein ny dvd i desse dagar som handler om slalom med 2 gonger to metoden, etter tips frå e- boka eg fekk hos ho så prøvdeeg følgande på TEd.

Eg stod med ryggen til slalomen på ulike avstander, Ted skulle ikkje ha retning slalomen (skulle ikkje sjå mot slalomen når eg gav kommando). HAn tok absolutt alle innganger, sende han til og med frå trappa og bort i slalomen som ligg bak huset. Veldig morsom øvelse som absolutt testar hunden sin forståelse for å finne rett inngang.......

Vel resten av veka blir det lite hundetrening, no er det diverse juleavsluttninger som står for tur.

Ha ei god veke alle saman. Til slutt to gode julegåvetips Greg Derrett sin nye dvd og Susan Garrett sin dvd om slalom, geldar meg ustyrteleg til dei kjem i posten....

Ingen kommentarer: