mandag 19. januar 2009

Lita treningsøkt....med Ted..

Bestevenner...


Ut på tur...



Lille Kelly som har blitt ei stor jente.
Eg og Ted har jobba mykje med med ulike handlingsmanøvre, dette er veldig viktig for dei ulike banene i agility er veldig ulike, nokre gonger må ein gjerne bruke bakombytter i staden for framforbytter, og viss ikkje du når inn i ein serpentin så må du gjerne ta to framforbytter i staden.....
Eg gjekk ein bakombytte kombinasjon dette har eg og TEd veldig behov for å øve på for å få perfekt timing.
Rivet på siste hinder får han nok fordi det stod alt for nære kanten, når Ted ser ein motstand lenger borte så strekker han seg ikkje ut i hoppet, men bremsar ned i staden og då blir det ofte riv. Men det er slike ting som eg må tenkje på å setje opp kombinasjonen slik at avstandane blir gode.
Men eger veldig fornøyd med TEd om dagen han svarer godt på alle siganler. Vi har ein lite bit igjen på dei serpentinene der du får ein push i forkant då er det vanskeleg å vere godt plassert i serpentinen, og for vår del resulterer det ofte med at eg kjem i vegen for han når han skal lande, ergo er rivet eit faktum.
Men alt i alt så går det framover litt etter litt.......



1 kommentar:

Simen sa...

Det ser kjempebra ut! Jeg savner å være på kurs hos seg!!