fredag 31. juli 2009

Ein fin ferie .....




Vel så fort kan ein ferie gå , dagane berre driv avgarde med alle slags gjeremål. Eg ser jo og at viss eg skal oppatere for dei to siste månadane så blir det rett og slett for mykje og skrive om.

Vi har vore mykje på besøk i ferien og riktig kost oss. Vi har gått ein del agility med både opp og nedturar. Eg føler eg har mykje og bevise, at eg og Ted er eit godt team og kan gå god agility, men dessverre går det ikkje alltid vår veg om eg aldri så mykje ønsker meg det. Men nok om det eg håper at det kan løsne framover og at eg kan slappe litt av framover og kose meg med agilitien så tenker eg og at resultata kjem. Eg og Ted har mange gode resultater denne sesongen, men vi presterer for ujevnt og det irriterer meg. Eg har ein god hund og meir enn nok både kunnskap og handling i kroppen til å kunne klare det....Men eg får berre vere flinkt til å fokusere på nye oppgåver framover..
I dag har eg trent hoppteknikk med begge hundane, Ted er ein utruleg balansert og flink hoppar, medan Kelly fortsatt strever, men eg synes at ho har blitt mykje betre. Vi får berre stå på så blir det nok bra.
Har og kjørt igjennom ei agilitybane som funka veldig bra, Ted var igjennom på første forsøk, må nok bli flink til det framover og kjøre mykje konkurransetrening for å øve opp fokus og øve på ulike overganger både når det gjeld handling og fart.
Kelly har eg trent ein del rute med har tatt film som eg skal legge ut det ser veldig fint ut..

1 kommentar:

Anonym sa...

Det var så lenge sidan eg hadde sjekka bloggen din - og tenk, så hadde du akkurat skrive innlegg! No har eg lagt til feeden din, så no får eg beskjed kvar gong du skriv. Det ser ut som om du og Ted har gjort det utruleg bra, i vår/sommar, gratulerer med alle resultata. For meg, som har utruleg svake konkurranseinstinkt, er det vanskeleg å forstå at du ikkje er 100% fornøgd, men det er vel difor du har så gode hundar, fordi du alltid jobbar vidare og har større mål?

Vi putlar på med vårt, og har etterkvart fått ei vaksen dame i huset, som taklar meir og meir av livet rundt seg, sjølv om enkelte ting framleis er vanskelege. Ho er meir tolmodig med både hundar og folk, men det skal helst føregå på hennar premissar. Men det er vel det vi likar best vi også? ;-)

Mange helsingar til deg og alle to og firbeinte!