I dag har vi feira Bonzo sin 12 års dag. Han har fått sin favorittmiddag vom etterfulgt av vafler, det er ikkje akkurat noko slankekost, men pytt.....I desse dagar har eg hatt Bonzo i ni år, det har for det meste vore gode år fylt av mykje god læring. Bonzo var min første utfordring, vi fekk han av nokre som skulle ta livet av han. Han var så fin og snill, men han hadde med seg mykje ballast, han var blant anna ikkje sosialisert så han bjeffa på alt og alle var redd for alt. Det var vanskeleg å ha ein slik hund, heime med meg og Bjørnar var han kjempesnill men ute var han ein katastrofe... I 2002 fekk eg tilbud om å vere med på eit kurs i regi av Canis på Fjellanger. Eg kasta meg med og eg fekk mange og gode erfaringer, denne ideologien som dei lanserte appelerte både til meg og til Bonzo og sakte men sikkert så begynte Bonzo og stole på dei rundt seg. Vi fekk og muligheten til å begynne med agility noko som stryrka sjølvtilliten hans enormt. Eg og Bonzo kom oss i klasse 3 i agility og hadde utruleg mykje kjekt saman. Då Bonzo var ti år måtte eg trappe ned agilitien på grunn av forkalkninger i ryggen. I dag lever han livets glade dager, han er min vikitgaste ressurs på kvalpekursa med både sosialsering og triks......Verdas beste venn, håpar at han skal vere like sprek i mange år framover. I dag har og eg Og Hilde og Charlotte hatt ei lita agilityøkt, kjempemoro.....Her er dei to løypene eg testa, desverre så ville ikkje videokameraet meir på andre runde så det fekk eg ikkje filma....
1 kommentar:
Gratulerer med vel overstått til ein av dei mest sjarmerande hundane eg nokonsinne har møtt! For meg er Bonzo heilt skjønn, men eg veit at for Stella er han tøff og kul! Eg veit han har det godt, og eg håpar helsa hans held i mange år til!
Legg inn en kommentar