mandag 15. februar 2010

Naseprøven....

Eg har lenge tenkt eg skulle leggje ut eit innlegg om naseprøven, som ein finn i lydighetsprogrammet klasse 3 og elite. Slik som eg ser det så deler ein naseprøven inn i to delar sjølve markeringa eller luktdiskrimineringa og apportering av pinne tilbake til fører. På mine to border collies har eg brukt to ulike metodar og fått to vidt forskjellige resultat. Med Ted som er min eldste Border så hadde eg nok litt for lite erfaring og resultatet blei deretter. Ted hadde veldig stor gjenstandsinteresse og dette i kombinasjon med for lite jobbing i forhold til markeringa så endte det opp i kaos, eg har aldri verkeleg klart å få god systematikk i søket med han, pinnane ligg nesten i ein einaste haug når han er ferdig, pluss at han gjerne når han er verkeleg heit berre plukkar ein pinne med. Det som eg ser no er at luktmarkering og apportering er to heilt ulike øvingar som seinare skal setjast saman til ein....Med Kelly så byrja eg med sjølve markeringa, ho hadde jo inne på target på post it lapp og i handa mi, det var derfor veldig enkelt å begynne med nettopp dette. Første kjørte eg berre nokre treningspass med at ho skulle markere handa mi med nasa, kriterie eg hadde var at eg vil kjenne at ho verkeleg trykte meg i handa, så ville eg at ho skulle kunne fryse nasa i handa frå 1 til ca 4 sek.
Når eg hadde dette på plass hadde eg nokre treningpass med at eg klipte ein post it lapp i to og plasserte den først litt i handa og deretter klipte den mindre og festa den på alle mogelege rare plasser på lister og karmer rundt i heile huset. Det vart ein skikkeleg festleg leik, omtrent som
" tampen brenner ". Deretter hadde eg meg ein runde på kjøleskåpet festa seks lappar etter kvarandre på ei rekkje, og flytta rundt på lappane og jobba med å få ho til å markere riktig, dette gjekk veldig fort, samtidig lærte eg ho og eit fast søksmønster som eg ynskte meg at ho skulle ha.
Mitt kriterie for søksmønster var følgjande gå til venstre og søke seg oppover mot høgre, ho skal markere rett med ein gong ho møter rett post it lapp, viss ho gjekk over så begynte eg på ny repetisjon. Dette har gjort at Kelly er veldig nøyaktig når søker, ho rører knapt i ein pinne. Når eg hadde søksmønsteret på plass så veksla eg mellom å ha post it lappane på kjøleskapet og legge dei ned på golvet. Eg gløymte å seie at for å lære ho å gå heilt ned til venstre og begynne å søke seg oppover mot høgre så shejpa eg inn den bevegelsen ut frå fører og ned til første pinne til venstre.
Neste punkt på programmet var å leggje til pinnane, dette var faktisk ingen problem eg testa faktisk å gå frå post it lapp til pinne og det tok ho med ein gong, jobba ei god stund til med sjølve markeringa , begynte då å ta med meg markeringa rundt omkring på ulike underlag og med ulike forstyrrelser, når eg var veldig sikker på at markerte rett pinne så byrja eg å leggje på apporteringa inn til meg sidan kelly har gode grunnferdigheter på apportering så trengte eg ikkje bruke så lang tid på den biten. Når eg skulle få Kelly til å løfte pinnen første gang så holdt eg berre igjen klikket og då tok ho den med seg, alt dette gjorde eg på veldig kort hold i starten , ikkje minst for å kontrollere at kvar repetisjon låg opp til mitt kriterie. Det vi har trent mykje på no siste tida er ein å trene med mange forsyrrelser, ulike underlag, ha naseprøven lagt ut under vanskelege arbeidsforhold, feks i ein pitte liten ring med mange folk og hundar som står bak naseprøven, dette var veldig vanskeleg i starten, har og jobba mykje med å leggje det inn i kjeder, slik som i elite der du først har to apporteringsøvelsar og hunden er heit i toppen så skal den inn på naseprøven å markere rett pinne. Det er då veldig lett for at hunden tenker
" apportering" og berre tar med seg ein vilkårleg pinne. Dette er ein øvelse som det lønner seg å leggje ned god tid i at hunden lærer seg godt å skille di lukt frå andre. Når hunden er sikker på det så kjem dei andre stega veldig fort...... No skal eg og Kelly berre finne oss ein lydighetskonkurranse så vi får prøve det ut......

Det fine med å bruke litt ekstra tid på finne riktig lapp var at den vesle frøkena byrja og bruke NASEN.

1 kommentar:

Sissel og Frost sa...

Dette ser virkelig bra ut. Det er jo, som du sier, ofte vanskelig å få dem til å forstå at det skal roes ned og søkes før det skal apporteres. Spesielt når de kommer fra to apportøvelser hvor vi har bygget opp stress og fart i treningen.
Gleder meg til å se den ferdige øvelsen din! :)