onsdag 10. mars 2010

Refleksjon og tilbakemelding

Verdas finaste Kelly....

" Think - Plan - Do " er et veldig kjent sitat av den legendariske Bob Bailey.

Det er ingen som har trent hund ei stund som ikkje er enige.. Dette er kan faktisk langt på veg vere skilnaden på dårleg og god trening......Det eg vil fram til er at det er stor skilnad på øving og læring. Sjølv om du trenar hunden din mykje er det ikkje sikkert at du får den store læringa ut av det, viss ikkje du tenkjer over det som skjer. Akkurat derfor er det å refektere over eiga trening noko av det viktigaste som finst. Eg har opplevd mange gonger at når du er på fellestreninger på klubben og der alt skal gå fort unna er dett ikkje alltide det same rommet for refleksjon. Det eg i hovedsak alltid tenkjer over i forkant er kva eg skal trene på , hvilke belønningsformer skal eg bruke, kor lenge skal eg holde på ( ein god regel på det er å ikkje holde på lenger at du veit at du klarer å holde på fokus og konsentrasjon, viss ikkje du sjølv klarer å konsentrere deg ein liten bit så skal du ikkje heller kreve det av din firbeinte venn), kva holdning skal hunden min ha ( aktiv, passiv....)I etterkant av ei lita treningsøkt går eg igjennom kva som gjekk etter planen , deretter viss det var noko som ikkje var bra så spør eg meg kvifor blei det slik og kva kan eg gjere i neste økt slik at det ikkje skjer igjen. Når eg har reflektert over alle desse vikitge tinga, ja då skjer det læring....Feks i konkurranse kan vi lære ein heil del av løpa våre, viss ikkje ein refelkterer over kvifor det gjekk som det gjekk er det lett å gå inn på banen neste gang å gjere akkurat det samme, ergo ingen ny læring..Refleksjon rundt konkurransen gir meg gode indikasjoner på kva som funkar bra og kva eg rett og slett på må øve meir på til neste gang...Ein anna ting som slår meg veldig både som lærar, instruktør, mor og fotballtrener er tilbakemelding. For alle som driv ein form for idrett veit dei kor viktig det er med tilbakemelding på godt og VONDT..Det morsomme er at både på konkurranser, kurs og elles i livet tenderer folk til å sjå det negative , der reiv du eit hinder, hunden din tjuvstarta, du blei berre nr 2 , det var ikkje eit heilt optimalt løp. Sjølvsagt skal vi tenke over kva som gjekk gale, men det viktigaste av alt er å fokusere påd et som er bra, det er det som skal hjelpe deg og hunden din til videre å finne motivasjon.....Tilbakemelding på det ein driv på med er kjempeviktig, men det er ikkje uvesentleg korleis du gir dine tilbakemeldinger.
Eg har som fast regel , gode tilbakemeldinger skal vere :
  1. Tydelege, ikkje til å misforstå
  2. Vær spesifikk - ein av mine definitivt favoritt tilbakemeldinger er " dette var ikkje så verst ", og då kan du vel tenke deg til kva eg seier tilbake kva då var ikkje så verst ?
  3. Objektiv, utal deg om det du kan sjå
  4. Positiv -finn noko som var bra med økta
  5. Konstruktivt - tilbakemeldingar skal vere kontruktive altså skal ein seie noko om kva ein kanskje kunne gjort annerledes, men på ein skikkeleg måte.
  6. Video er og ein av dei beste former for tilbakemelding som finnes
  7. Ikkje dømmande i dine uttalelser

Eg har meir enn ein gong sett treningsøkter som har vore prega av den som trener misser lysten til å trene på grunn av tilbakemeldinga ein får frå dei ein trener saman med....Så tenk deg om når du skal gi ein tilbakemelding. For ikkje så lenge sidan blei eg oppringt av ei jente som hadde fått beskjed om på eit kurs ho gjekk på å finne seg noko anna å holde på med enn agility. No håper eg at dette høyrer med til sjeldenhetene. Men hundetrening er så med all anna trening, skal du bli flink så må du trene, du må hente deg kunnskap, kanskje snakke med folk som veit, gå kurs og trene enno meir. Men det å sammenlikne ekvipasjer som nett har begynt å folka som har holde på med hund i mange år, det sier seg sjølv at det ikkje blir riktig å sammenlikne.... Det tar tid før ein blir flink til noko, i tillegg til seg sjølv har ein og ein hund som skal trenes, forhold og kjemi mellom deg og hunden skal og trenes. Så eg trur nok at dei som får suksess med dei gjer er at dei reflekterer mykje rundt eiga trening, dei trener hundane sine godt, dei trener seg sjølv både fysisk og mentalt og ikkje minst har dei TRU på det dei heldt på med, du kan og vere ganske sikker på at dei har eit apparat rundt seg som nettopp er flinke til å gi dei tilbakemeldinger...For å skape ein atmosfære mennesker og dyr kan lære er det livsviktig at dei føler seg trygge til å prøve ulike ting, utan frykt for sarkasme, stygge blikk eller at du føler seg utilpass...Det er heilt normalt å vere ueinge om ting men eg synes at alle ueing heter og bør kunne luftes på eit konstruktivt plan........Så i staden for å skylde på omgivelsene så sjå kva du sjølv må gjere, ha fokus på deg sjølv og ikkje kva andre seier og gjer.......

2 kommentarer:

siv og kry sa...

Du skriver så bra!
Kanskje jeg kan booke meg inn hos dere under nkk stevne i april?

TeamBonzo sa...

Klart du skal booke deg inn hos oss. Det er ikkje kvar dag eg har besøk av ei lydighetsstjerne