mandag 29. november 2010

Stabilitet.....


Ja stabilitet kva er det og korleis kjem ein dit. Eg har nokre teoriar utan at eg heilt veit det...

Forrige helg konkurrerte eg mot nordens beste utøvere ta feks Janita Leionen som med sin låne hund Omie har gått 34 feilfrie løp på 6 mnd...Det er godt gjort og det er ikkje så mange som gjer det etter henne. Kva er det så som gjer at finnane har slik suksess og at vi Noreg knappast aldri går tre feilfrie løp på rad.
Dette meiner eg er viktig for å oppnå stabilitet
- kunnskap om hund og trening
- tid til å trene, jobbar du med andre ting mellom halv åtte og halv fem enn å trene hund vel då er det veldig begrensa kor mykje du får trene
- tilgang til å trene, på vinteren har eg mulighet 1 gong for veka å kjøre kombinasjoner
- ha ein god organisasjon i ryggen, reglar og retningslinjer, gode konkurranser, gode dommere og baner gir utvikling for utøverne.
- tilgang på gode og mange konkurranser slik bygger du opp erfaring og etterkvart stabilitet og vil eg tru
- reising - dette er i allfall noko som tar mykje av min energi, ein går i arbeid heile vekene set seg i bilen etter jobb fredag ettermiddag, framme i Oslo seint på natta opp igjen klokka seks for å konkurrere, dette er slitsomt og det gjer definitivt noko med fokuset ditt.
Eg veit ikkje om eg nokon gong blir stabil, eg føler ofte at eg eg langt vekke frå å nå det fordi deet er så mykje anna heile tida, tenk viss ein hadde hatt eigen hall og ikkje gjorde anna enn å trene, og reise rundt heile Europa for å konkurrere mot dei beste. Men når det er sagt så er vi bedre enn nokon gong, og eg var sanneleg ikkje så langt i frå å slå dei beste... Neste år blir eit satningsår for begge hundane, eg kjem til å ta med meg ein del store utenlandske stevner for å få erfaring og fordi det er veldig moro og inspiererande når mange er med..
I helga var vi ein gjeng frå Bergen på NM. For min del så blei det eigentleg ingen skuffelse at eg ikkje var med til finalen, etter mykje reising siste tida så er eg nesten litt utbrent. Ted vann hoppklassen lørdag og det er eg sjølvsagt fornøgd med. I agilitien sette han sjølvsagt ein pote på møne i staden for å ta tunnel, vel det var det... Takk til Dorte, Simon og Line for eminent reisefølge og til Jan Egil og Jenni som jammen kan meire enn å gå agility deira catering kan absolutt anbefalast.......I dag har eg trent hoppteknikk for å sørge for at dyra fortsatt kan teknikken. Ha ei strålande veke alle saman
Målsetninga mi er heilt

3 kommentarer:

Line sa...

Takk for hyggelig selskap i helgen!:) Satser på et godt agilityår i 2011 med stabilitet!;)

Kristine sa...

Hei Bodil! Det er bare og bøye seg i støvet over finnene, de har tross alt MYE mer treningstid og muligheter enn vi ...Synes du gjorde en super innsats under Nordisk og også under NM, synd d ikke ble finale! Da er det bare å jobbe videre med og bli mer og mer stabil :)

Kristine

Tonje sa...

Hei Bodil, så moro å lese om alle framgangene du gjør her i bloggen. Og kjempe moro å se bilder av deg igjen:) Husker jeg fikk et bilde av deg av din border collie når vi gikk på Hurdal Verk. Husker ikke hva han het, men han var nydelig.
Om det er greit så vil jeg linke til deg på websida, så kan jeg følge med hva du driver med?:)

Ha en fin advent!
Klem, Tonje