torsdag 25. november 2010

Styrketrening....

Å gå agility krever styrke

Rar overskrift tenker du kanskje, vel eg tenker å forklare kvifor eg tenkjer det er så viktig. Eg har alltid vore veldig opptatt av hundane mine, flink til å trene dei på fysisk og psykisk, varme dei opp og gå dei ned. Ein ting eg har tatt veldig mykje tak i siste året og som eg trur gjer at eg har blitt meir stabil er omsynet til mi eiga helse både fysisk og psykisk. Eg har jobba knallhardt med meg sjølv, fokusere på dei rett tinga på konkurranse, for meg er det rutinane mine som gir meg og hundane trygghet, samt at eg alltid sørger for å ha mykje god trening i ryggen. Før eg reiste til nordisk hadde eg nokre baner som for sikkerhets skuld inneheld 42 hinder i ein bane. Vel eg kom meg fint igjennom, men det krever enorm konsentrasjon og kondisjon. Kondisjon er nettopp ein faktor som eg har tatt tak i . Eg begynte for nokre månader sidan å springe, i byrjinga var det utruleg tungt, men eg tenkte som så at yter hundane alt så må eg trene meg slik at eg kan yte 100 %. Eg er ganske sikker på at ein del av løpa mine med fem feil tidlegare har skuldast at eg ikkje er rask nok i posisjon, dette fører til at du trur at du er tidsnok, men i realiteten er du akkurat for sein med å bremse inn. Femten kilo lettare så veit eg at eg hadde rett, ein kjem seg i posisjon og hunden min kjem til sin rett. Å trene meg sjølv kjem eg til å fortsetje med, vi er eit team det hjelper ikkje at hundane mine er dyktige viss eg ikkje sjølv yter alt. Ein annan ting som slår meg veldig er alt pratet om finnane og om offansiv handling .

Dette er heilt rett dei er offansive, men dei er og så profisjonelle på så mange andre områder oppvarming feks. Der meiner eg at det er stort forbetringpotensiale , eg var heilt åleine ute og varma hund i København og eg veit at for min og Ted sin del så er oppvarminga meir enn halve løpet. Eg såg nokre som kasta leiken nokre gongar til hunden og så inn å springe. Då undrar eg meg over veit folk kva skade dårleg oppvarming kan føre til. Vi menneska skal tross alt berre springe rundt banen, men hunden skal bruke langt fleire muskelgrupper.. Tilbake til finnane, det er utruleg kjekt å sjå på dei ikkje berre fordi dei er gode i agility, men dei er og gode på grunntrening, varme hundar og ikkje minst trene seg sjølv, dei er idrettsutøvere. Å gå agility er ein veldig liten bit av helheten, for at hunden skal kunne komme seg gjennom ei bane må grunntrening vere på plass, hunden må ha muskelmasse slik at han lett kan bere si eiga vekt utan å få belastningsskadar ( hoppteknikk er heilt uvurderlig)....og ikkje minst må vi vere fysisk og psykisk tilstede. Eg synes det er alt for mange som gir hunden ansvaret...... Vel til helga er det NM, noko om utfallet skal eg ikkje spå, men det skal satsast alt både av fører og hundar........

1 kommentar:

IKS sa...

Det er utrolig kjekt å lese at du tar oppvarming, hoppeteknikk og i det hele tatt helheten når det gjelder agilitytrening.

Jeg har bare drevet med agility i 2 år riktignok, men ikke før nå har jeg egentlig "oppdaget" hvor viktig det er med oppvarming og hoppeteknikk blant annet. Legger selv merke til hvor lite fokus det egentlig er på hundens helse i forhold til oppvarming og ikke minst å gå hunden ned etter endt løp også. Er glad for min egen del at jeg har sett hvor viktig dette er, og kan i det minste prøve å fortelle andre hvor viktig dette er.

Og forresten, all ære til deg som har trent deg selv såpass mye som du har. Jeg kjenner selv hvor dårlig samvittighet jeg får når det forekommer en feil enten på trening eller stevne rett og slett fordi jeg er for treig og ikke er hvor jeg burde være når hunden min yter absolutt 100%.