mandag 2. mai 2011

Hektisk periode...







Våren har meldt sin ankomst og tida berre fyk avgårde...

I påska var eg og Bjørnar i Sverige ein tur i vakre Skåne for å gå Gasahoppet. Med Ted hadde eg mange gode resultat, men høgdepunktet var lørdag då Ted blei svensk agilitychampion, det kjennes bra og slå ut 120 ekvipasjer i sin klasse, det er ikkje kvar dag ein gjer. Han holdt på å gjere det same i hoppen men et trakk på lengden gjorde at han fekk ein femmar.Eit kjempeflott arrangement som eg håpar fleire nordmenn drar til . Høgdepunktet var no å sjå Fanny igjen og Cecilia så klart, og ikkje minst verdas vakraste Epic, eg skulle ønske eg kunne stjele han med meg heim, verkeleg ein hund etter mitt hjarte. Vi hadde i allefall ein nydeleg tur og koste oss verkeleg. For Kelly blei det rett og slett for mykje stress, ho klarte glimtvis å vise seg fram, ho er ein riktig god hund, men vi sliter litt med å tilpasse oss den nye farta som ho har det går litt på bekostning av presisjon kan du seie. Når vi kom heim fekk vi med oss ein uoffisiell på Varden fine tekniske baner som Simon hadde laga, han er kjempeflink og eg gledar meg til han blir dommar....På den uofisielle fekk eg testa begge hundane mine i forhold til feltene og elles var eg godt fornøyd med handlinga....

Denne helga har vi vore i Arendal og besøkt Siv ein av mine favoritt personar i verden alltid blid, løysningorientert og god vertinne, heime ho Siv budde og Ingrid. Kjekt å snakkast med gode vener....Banene i Arendal var verdt heile turen, tekniske, raske baner der både du og hunden må ha kunnskap..Med Ted synes eg at eg berre gjorde gode løp eit feilfritt ag løp og resten av løpa med fem feil, eg er veldig uheldig og kjem borti ei støtte og pinnen detter ned i hoppen i ag løpet får eg feil på mønet ned noko som viser seg etterpå at er feil veldig dumt men slik er livet. Eg og Ted er eit godt team han les meg så utruleg bra eg er berre alldeles så fornøyd med han...

Med Kelly er det eg som rotar det vekk ho har hatt ei fantastisk fin helg med gode felter først av alt, vi konsentrerer oss veldig om nasedyttane i helga noko som gjer at handlinga enkelte plassar blir litt krampaktig.. Når eg slappar av for feltene så kjem alt til løsne. I hoppen får ho ein femte og ein sjuande plass med eit riv i kvar.....Kelly er på gang men ho er ung og ganske urutinert, men ho hadde iallefall ikkje trøbbel med noko av det tekniske i banene....No blir det å trene og fokusere framover på det som trengs så blir det fleire konkurransar etterkvart........

1 kommentar:

Ingerid Margrete sa...

Takk for en hyggelig helg! Det er så herlig å være sammen med dere :-)