onsdag 28. desember 2011

Hoppteknikk - et nødvendig onde ?

Distance grid :
Basic grid :

Energien skal komme bak ifrå, hunden skyver i frå med bakbeina...
God hoppestil : hunden skyver seg over hinderet(vekta ligger bak) , nakken høgaste punkt og paralelle bein..
(Frå VM i Lievin)
Frå eg var 6 år gammal og til eg blei 20 , så var hest den store interessa. Hest og sprangridning var det eg levde for. Kvar einaste dag året igjennom holdt eg på med hest. Som med alle andre sportar så var det veldig variabelt kor seriøst ein dreiv, men for meg var konkurranse ein veldig viktig bit av dette. Ein av dei viktigaste tinga eg har tatt meg meg frå hesteverden er 1. Kor viktig grunntrening er og 2. Kor viktig det er at dyret er fysisk frisk og god kropp ( riktig bygd, god muskelmasse og elastiske). Eg hugsar trenaren vår alltid sa at å ri konkurransar er ikkje ein tredjedel av jobben. Vi jobba mykje med hestane på bakken, bygde musklar og teknikk utan ryttar. Ein hest som ikkje har musklar og som ikkje har kunnskap om sjølve hoppet er farleg å sitje på, så ein kvar sprangryttar jobbar mykje med å lære hesten avstand, satse riktig, få igjen balansen etter hoppet og avstand og vinkel til neste hopp. I tillegg sit ryttaren oppe på hesten noko som gjer at når ryttaren er i ubalanse så må hesten iallefall vite korleis den skal vere balansert ellers så kan det ende i stygge fall der både hest og ryttar blir skada. Ein openberring som iallefall er vanleg å høyre i agilitymiljøer rundt omkring er at hoppteknikk ikkje er nødvenig, anten kan hunden hoppe eller så kan han det ikkje. Når eg høyrer slik så undrer eg meg over om dei er heilt klar over kor mange hundar som slit med avhopp og å finne igjen balansen etter hoppet, ein ser og mange eksmepler på at hunden fysisk ikkje er sterk nok i kroppen til å hoppe.. Å ikkje kunne noko om hoppteknikk det er ein ting, men å seie at det ikkje er nødvendig det stussar eg veldig på...
Målsetninga med hoppteknikk er at hunden skal lære seg å få rett teknikk slik at den sparer kroppen sin for belastning, spare tid , det hjelper den med å ha lange effektive steg i staden for mange små rundt ein bane, byggjer styrke og spenst og utholdenhet gjennom å bygge opp viktige muskler som hunden treng for å kunne hoppe og bruke seg riktig.
Når hunden hoppar er det fleire ting hunden må tenkje på samtidig
1. Veg
Hunden må bedømme avstand og kor den skal satse. Kor mange steg treng den for å finne riktig punkt for avspranget? Må den korte inn stega eller ta lengre steg?
2. Avhoppet
Kor høgt er neste hinder? Kor langt er det? Kor mye kraft må hunden bruke? Skal hunden svinge eller skal den fortsette rett fram? For å klare å svinge skarpt må hunden vere klar over dette før den skal satse, og allerede ha begynt å svinge når den satser.
3. Vektforskyvning
I avhoppet skal hunden lene seg bakover, og bruke bakbeina. Den skal ikkje kaste seg over hinderne ved å kun bruke frambeina. Nokre raser er bygd slik at dette blir vanskelig. Eksempler på dette er: Hunder som har mykje muskler i forparten iforhold til i bakbeina. Hunder med lang rygg har og større problemer med dette. F.eks. dachs og corgi. Unge hunder av desse rasene har ofte fleksibel rygg, og klarer vektforskyvning då, men får gjerne problem når dei blir eldre.
Viss man får opp maks fart på ein ung hund før den har lært seg å hoppe ordentlig, vil det lett føre til at den får dårlig vektforskyvning.
4. Vinkelen på avspranget
Hvis hunden skal fortsette rett fram kan den ha ganske svak vinkel på opphoppet. Hvis den skal svinge må den ta av nærmere hoppet og har derfor ein skarpere vinkel.
5. Høyde
Hunder er flinke til å vurdere høgden. Utfordre hundane med forskjellig høgde heile tida. Ellers blir høgden raskt ein vane, og hunden hopper utan å sjå på pinnane.
6. Få igjen balansen i landinga
Etter at hunden har landa må den få igjen balansen så fort som mulig. Viss hunden har kasta seg over med frambeina og/eller har (alt) for høg fart, lander den ofte med vekten for langt framover. Då sliter den ofte med å få igjen balansen, og denne måten å lande på sliter mykje på kroppen.
Så det å hoppe er nok meir komplisert enn dei fleste tenkjer over, hundane våre må vere gode på multitasking, i tillegg har dei ein handler som og gjerne gir siganala for seint.
Det er kjempeviktig at hundane er godt fysisk trent. For å klare å hoppe og lande riktig og med minimal slitasje på kroppen, treng hunden både sterke bevegelsesmuskler og sterke stabiliseringsmuskler . Har ein hund problemer i hoppteknikken kan det skuldast at dei rett og slett ikkje har nok muskler. Har hunden lite muskler sliter den gjerne med å ta imot støtet frå ei landing. Har ikke hunden nok stabiliseringsmuskler i ryggen og hofteområdet, blir ofte fråsparka ustøe og hunden kan vegre seg for å sparke hardt ifra fordi den mister balansen. (Og da få problemer med å gjøre ein ordentlig vektoverføring, ta lange steg og hoppe høgt) I tillegg kan hunden legge mest vekt på eitt av bakbeina så hoppet ser skjevt ut bakfra. Hunder som nesten alltid beveger seg i raskt tempo, f.eks. border collier har ofte sterke bevegelsesmuskler, men svake stabiliseringsmuskler. Desse musklene aktiveres ved å gå i skritt i ulendt terreng, balansere på ulike ting som steiner, stokker eller ulike balanseleker, samt endel spesifikke øvelser man enten kan lære hunden å gjere sjølv eller løfte beina for den:- diagonale benløft- løfte ett og ett bein- la hunden stå opp på noko med bakbeina og løfte eitt og eitt forbein (og motsatt)- reise seg opp.
Å strekke hundens ryggrad ein gang om dagen er og bra og gjere..Lokk eller lær hunden å ta nasa mot hoften, og mellom beina. Dette heldt ryggrada fleksibel, den stivner ellers fort til med åra
Ein annan ting som er bra med hoppteknikken er at du får jobbe mykje med gode starter at hunden skal sitte med vekta bak og ikkje med den på framparten. Er hunden for framtung i starten så fører det ofte til dårleg balanse når hunden tar av og du ser det gjerne på at hunden river hinder 1 eller 2. Er hunden framtung er det lett at hundane slenger seg over hoppa i staden for å vektforkskyve slik at det er bakbeina som skyver i frå....
Eg legg med til slutt nokre øvelsar som eg brukar mykje (sjå heilt oppe)
Dette er berre eit lite utdrag frå hoppteknikkens verden, eg meinar iallefall at det er noko vi burde ha kunnskap om i forhold til å ta vare på våre firbeinte....
For dei som er interessert blir det dagskurs i hoppteknikk i Fjellangerhallen søndag 15 januar

3 kommentarer:

katieagility sa...

Interessant lesing! Dette er jeg for dårlig på :/ Har du noen forslag på dvd om temaet?

Karina

Monica sa...

Veldig interessant lesing! Skulle gjerne vært med på det kurset, men er dessverre på jobb da :)

Anonym sa...

Har du tips til super-raske BC som river alt for mange hindre. Vil det hjelpe å variere høydene? (men egentlig får jeg inntrykk av at det er farten som ødelegger...Å få senket farten på en over-ivrig BC er sannelig ikke lett)