fredag 8. juni 2012

Om å vere toppidrettsutøver....

Ted 4 mnd
Ted 7 år

Det er ein del ting som eg undrar meg stort over, og 
ein ting som eg sjeldan får heilt utav hovudet er ting som omhandlar agiliy. Når eg heldt kurs eller for den sags skyld trenar får eg alltid innspel når eg jobbar med hoppteknikk og sirkelarbeid, nokre eg berre nyskjerrige og spør fordi dei ikkje veit noko om det og så har du den andre halvpart som hardnakka påstår at DETTE DER HAR INGEN TING FOR SEG. At ikkje alle gjer likt på agilitybanen det synes eg berre er sunt, men å hevde at noko er tull berre for at ein ikkje sjølv driv med det , det er vel å gå for langt. Så eg tenkte eg skulle dele med heile verden kvifor EG SYNES at sirkelarbeid og hoppteknikk ikkje er unødvendig. Sidan eg byrja med agility så har eg ofte fått høyre at anten så hoppar ein hund med god teknikk eller så hoppar den dårleg, ingen mellomting. Når eg begynte med agility så kjøpte eg dette, og eg tenkte med min hund Ted som reiv heile tida at vi ikkje hadde noko stor framtid, han hoppa rett og slett for dårleg. Det som skulle revolusjonere mitt syn på hundetrening var ei dame eg las om på nettet , Fanny Gott. Vi melde oss på eit handlingskurs og eg må seie at eg hadde ikkje så store forhåpningar. Eg hadde ein hund som reiv og som var altfor energisk for meg. Så feil kan man altså ta. For første gong sidan eg fekk Ted så fekk eg nokre innspel på kva som er viktig med den type hund som eg hadde blant anna hoppteknikk. Det har blitt mange kurs hos Fanny, og ho og hundane mine kan eg takke for alt eg kan, ho har alltid hatt trua på oss. Men no til dagens tekst, nokre driv med agility fordi dei synes det er kjempekjekt, dei tenkjer kanskje at dei aldri skal konkurrere andre har heilt klare målsetningar om å nå så langt som mogeleg. Og ingen av måla er dumme. Eg har og ofte fått høyre at å hoppe det er no lett, i frå vår synsvinkel kan det vere riktig, men det er ikkje vi handlere som går gjennom løypa det er det hundane våre som gjer. Det er dei som tar all belastninga i ein bane. Og viss det hadde vore lett å hoppe så hadde vel eg vore friidrettsstjerne for lengst utan å trene på det. Eg synes det rett og slett verkar ulogisk når folk forteller meg at hoppteknikk det har ikkje enkelte hundar bruk for, mitt syn er heilt motsatt. 

  • Korleis skal hundane få utvikle musklar ?
  • Korleis skal hunden få sjølvtillit og fart ute i ein bane ?
  • Korleis unngå belastningen som hunden får rundt ei løype ?
  • Korleis skal ein hund lære seg ikkje å rive ?
Vi vil at hundane våre skal ha ALT, dei skal springe fort, dei skal ikkje rive, dei skal svinge så krapt rundt ei hinderstøtte som det går an, alle signala våre skal dei utføre sjølv om vi slurvar med handlinga vår. Hundane våre er lang bedre på multitasking enn vi forstår. 
Eg får høyre det ofte at Kelly ho har eg vore "heldig " med, det må vere kjekt å ha fått ein slik flink hund. 
Når eg fekk Kelly så var ho absolutt det motsatte av Ted , ho hadde ingen energi, ho leika ikkje og uansett kva eg gjorde så blei ho sliten. Eg som var vant til Ted synes at dette var utruleg frustrerande. Eg holdt på å gi henne opp, det var jo agility eg ville satse på. Men etter kvart begynte ho og leike veldig bra, og ho hadde opprykk til klasse 3 i lydighet når ho var årsgammal, men på agilitybana var ho berre heilt daff. Eg undersøkte ho om det kunne vere noko fysisk gale, men ho var heilt i orden. Eg sende ein video av ein handlingsekvens til Fanny, og ho kunne fortelje at Kelly hoppa skikkeleg ille. Kelly hadde ingen muskaltur, ho var 47 cm på strømpelesten, og ho hadde ingen sjølvtillit. Eg fekk nokre øvelsar der Kelly kunne få øve seg på korleis ho skulle bruke seg riktig, og ho fekk bygge musklatur. Sakte men sikkert kom og så sjølvtilliten. Ted og Kelly starta opp med veldig ulikt utgangspunkt, men Kelly har i aller største grad blitt like dyktig som storebror Ted, og for dei som ikkje veit det så skuldast ikkje det at eg har vore heldig med Kelly det skuldast hoppteknikk og hundetrening. Og om vi vil det eller ikkje så må hundane vere toppidrettsutøvarar ute i ein bane, og når vi tenkjer på kor mykje toppidrettsfolk trenar kan ei kanskje tenkje seg at det ikkje er så dumt at hundane må trene seg. Det er ikkje uvanleg at folk begynner tidleg å hoppe med hundane sine, når dei er 1 år ja då må dei opp på 65 cm. Hundar er ikkje på nokon måte grodd i sammen før dei er 16 -17 mnd, det vil seie at dei får mykje uheldig belastning. Det er ikkje unormalt heller at folk begynner med slalom frå hundane er 6 mnd. Dette er veldig belastande på ein uferdig kropp.
Eg synes at alle hundar hadde hatt godt av å drive med hoppteknikk. Forrige helg kom eg over ei dame som fortalde kor mykje dyktigare små hundane var enn dei store. Dei store river mykje meir kunne ho fortelle og alle som stod rundt var heilt enige i det. På ein avstand på 5 meter skal mine hundar finne riktig avsatspunkt, dei skal klarere hoppet, dei skal lande og satse i samme steg. Viss ikkje hunden er i balanse når den lander så river den kanskje. Små hundar har på samme avstand litt lenger tid og fleire steg på og rebalansere seg etter hoppet, men det er ein veldig interessant diskusjon og eg trur det er mange som går rundt og trur at store hundar er dårlegare enn dei små, fordi at dei river meir
  • Fordelane med hoppteknikk er :
  • Hunden lærer å bruke seg riktig, energien skal komme bak frå og skyve hunden over hinderet, paralelle bein, nakken høgaste punkt
  • Byggjer musklatur, styrker hunden sin kropp
  • Lærer seg å lese avstand, kva må hunden gjere når den skal rett fram og kva skal den gjere når kroppen skal svinge, dette er to vidt forskjellige ting
  • Lære seg å korte og lenge steg, kortid kan hunden leggje inn lange steg og kortid må den korte deg inn for å klarere hoppet.
  • Lære seg viktige handlingsmanøvre og signaler
  • Ta seg effektivt fram i ein bane, lange steg i ein bane i staden for mange korte steg, då sparer du tid
  • Lærer seg å bruke akkurat så mykje energi som den treng for å klarere hoppa
  • Lærer seg først korleis dei skal hoppe, deretter får dei øve seg på våre bevegelser, det er ein vanskegrad som mange ikkje tenker på, at vi spring ved siden av og viftar med hender, dette er ein stor forstyrrelse for hundane.
  • Du minskar skaderisken.
  • Vektforskyvning - hundar er framtunge frå naturen si side, det vil seie at over halvparten av kroppsvekta kviler framme. Det vil seie at veldig mange agilityhunder ikkje skyv seg over med bakbeina, men dei slenger seg over med framparten, og dei er då og i ubalanse når dei hoppar. Du ser der godt på unge large hunder når dei stusser dei riv kanskje ikkje første pinne, men dei får meir og meir vekt framme dette skaper ubalanse hos hunden. På kontaktfeltene har du akkurat det samme, ein hund er ikkje alltid ulydig om den hamnar ned forbi feltet, den er rett og slett så framtung at den klarer ikkje å stoppe, dette må trenast på. Det same er det med slalominnganger, viss ikkje hunden lærer seg å leggje vekta bak så bommer den gjerne på inngangen eller pinn nummer 2.
Eg har holde på med hestar og sprangridning heile livet og hadde du sagt til ein sprangrytter at : Nei hestar kan hoppe, då ville du kanskje fått deg ein overraskelse når du kom opp på ryggen og havna under hesten din fordi den var i ubalanse.Du kan rett og slett bli alvorleg skada. Ein hest som ikkje har lært seg å bedømme avstand, finne rett avsatspunkt, vere i balanse over hoppet , finne balansen igjen når den landar vurdere avstand og vinkel til neste hopp. Dette er ikkje lett og det må lærast...Med hundane våre får det som oftast ingen konsekvensar anna enn at dei er skada i ny og ne.
Eg skal seie noko om sirkelarbeid til slutt. Som ein elev spurde meg om for litt sidan kvifor spring du rundt i ring, blir du ikkje svimmel. 

Fordelen med sirkelarbeid er :

  • Hunden lærer seg å følge skuldrene mine, noko som er viktig i ein bane
  • Eg lærer hunden kva springemønsteret mitt betyr, når eg spring så skal hunden springe, når eg bremsar skal hunden bremse. (Denne forståelsen er veldig viktig til seinare når hunden skal øve seg på hopphindre, lære seg kortid den skal springe frem og kortid hunden på forberede seg på innbremsning.Når eg stoppar skal hunden komme inn i mi belønningssone.
  • Flott oppvarming der ein kan leggje inn framforbytter og lære hunden til å følgje føraren sin, begynner du med hinder først hender det at hunden blir så ivrig at den heller vil ta hinder enn å følgje kroppen vår...
Dette blei eit langt innlegg, og er forventar ikkje at alle skal tenkje likt som eg, men eg fortjener respekt sjølv om dette er noko som du ikkje ser nytten i så er det ikkje dermed sagt at det er dumt.....Eg synes at hoppteknikken er veldig logisk. Ynskjer alle der ute ei god helg....

7 kommentarer:

Karine sa...

Så bra innlegg! Er helt enig med deg, og det er gøy å jobbe med hoppteknikken og se hvordan hundene blir bedre, de går raskere, svinger tightere og river mindre..

Stine og Øystein sa...

Amen!
Du er bare best du, Bodil! Mitt idol!

Ingerid sa...

Godt skrevet!

Nina sa...

Veldig bra Bodil ! :-)

Isabelle sa...

Godt innlegg Bodil! Forhåpentligvis får flere opp øynene hvor viktig det er å trene hunden på alle områder (muskler, utholdenhet, hoppeteknikk osv)

Lise-Irene Hansen sa...

Er så enig ,så enig. vi er altfor raske til å kreve topp resultater fra en ung hund, og vi glemmer ofte å bruke god tid på utdannelsen til hunden som vil gi de resultatene vi higer etter. Bruker man de første årene godt, vil hundene få en flott og lang agility karriere. Så innlegget ditt var så herlig å lese, her er det både sirkel og hoppteknikk trening:))

Iselin sa...

Sykt bra og interessant innlegg!