mandag 10. desember 2012

Uoffisiell konkurranse...



Bolt fekk seg heilt ny leike til anledningen, og det var vel fortjent


På lørdag reiste eg , Mathias og hundane til Os og Fjellangerhallen for å delta i årets julecup i agility, ein får både øve seg på å gå konkurranselikt og ein støttar dessutan dyrebeskyttelsen i Bergen. Ein møter mange hyggelige agilityfolk, og ein får gå agility med verdas beste hundar. Bolt skulle få debutere og det er alltid spanande med ny hund. Han oppførte seg utmerket og var kjempeflink både i forhold til forstyrrelsar og vanskegrader ute i banen. Bolt er ein stor hund, men han er veldig smidig og lydhør og gjer alltid sitt beste, gledar meg veldig til vi skal debutere i februar. Fin fine baner med både teknikk og gode linjer. Bolt fekk desseverre ikkje tellande resultat fordi han ikkje enno har debutert offisielt, men eg er veldig fornøyd med han. Eg har lagt med ein film som ikkje var av den beste, men ein kan likevel sjå litt. Kelly og Ted gjorde jobben og i dei vidergåande klassane. Kelly blei nummer 1 sammenlagt og Ted nokre tidelar bak på 2. plass. Veldig kjekk dag, mange erfaringar rikare og best av alt, hadde det topp kjekt med hundane mine. Har du mulighet til å delta på uoffisielle konkurranser så er det noko eg anbefaler, du kan gå inn å prøve ting som du lurer å prøve i ofisielle konkurranser, slik som felter feks. Både mitt og hunden sitt stressnivå blir auka mange hakk så for min del er det veldig  reelt. 

Ingen kommentarer: