TUNNELHUND !!!!!!
TUNNELHUND !!!!!!
UT PÅ TUR, ALDRI SUR...................
Eg går rundt med litt sommarfuglar i magen når eg tenkjer på at vi snart skal ut å vise andre det vi har trent på i vinter........


Det har blitt mykje trening i dobbelboksen siste tida. Det har gjort sitt til at handlinga og flyten min har blitt mykje betre. Eg blir meir forutsigbar for hunden min og då aukar både farten og sjølvtilliten til Ted. Det er no og heilt minimalt med riv og det synes eg er kjempekjekt. HAdde to nydelege rundar i dag, der eg faktisk ikkje har noko eg kan setje foten på. Ingen riv, kjempegod fart og det til tross at hindera hadde ein av stand på 4 meter, og det er trongt for ein unghund med god framdrift. Eg blir veldig inspirert til å trene når eg ser at vi faktisk får det til.
Eg kan og no gå på god avstand og handle han, han går veldig sjølvstendig og fint.
HAr og trent apportering i dag, og han begynner å bli kjempeflink. I dag har vi jobba med inngangane med apportbukken og det tok han kjempefort. Han griper fint om apportbukken, set seg tilbake i utgangspossjon med den og slepp når eg seier takk. Eg blir meir og meir sugen på lydighet og vi trenar på grunnferdigheter og delmoment kvar einaste dag. Øvelse gjer mester, eg begynner å tru på at det kanskje er sant. No er det snart klikkerinstruktørsamling veit du og då nyttar det ikkje å sluntre unna.
Vel no får det vere nok hundeprat for i dag...................

I dag vart ein av " Supermennene " mine 5 år. HAn hadde invitert til stort bursdagsselskap og dette har vore planlagt lenge. Han har skrive seg ønskelister, og han fekk utruleg mykje fint.
No søv han som ein stein etter alle dagens begivenheter. Det er kjekt med bursdag, men og slitsomt. Når barnet var komen i seng og huset opp igjen rydda reiste eg ein tur ned til hallen for å trene. Dei siste dagane har vore litt keisame for hundane sin del, det har vore mykje jobbing og Ted har halta. Vel i går vart han friskmeldt så då bestemte me i fellesskap at i dag ville vi reise og trene. Denne bana her sette med opp. I dag var slalom første hinder, i dag var banen trang og svingete, ei skikkeleg handlingsbane. Det var ikkje meir enn 4 meter mellom nokre av hindera, Ted har tidlegare hatt problemer med å komme over uten og rive når avstandane er veldig krappe, men i dag gjorde han det med stil. På 16 hinder bomma han på sats to gongar ute i bana og det er kjempebra.. Føringa mi begynner å sitte og Ted får svært få bane feil, eventuelt når eg blir ståande litt i vegen for han. HAn er mykje flinkare no til å av passe farten i forhold til vanskegrad. Idag følte eg at alt klaffa og at det var flyt heile vegen.
HAr og trent litt lydighet i dag og eg må seie at grunnferdigheten holde fast begynner å komme på plass. Men no er eg kjempetrøytt så no skal eg rett og slett leggje meg................
FLINKE VOVVEN !!!!!!!
SKAL VI UT OG TRENE SEIER DU ?
I dag har vi tatt for oss denne bana. Det er ei handlingbane der ein har rikeleg mulighet til å øve på framforbytter. Eg er veldig fornøyd med treningane siste tida. Spesielt Ted viser flott framdrift. Vi har trent mykje handling samt slalominnganger. Eg vart faktisk så imponert over Ted på andre runden at eg blei ståande og glane. Han har ein utruleg fart og sjølvstendighet, samt at det no er veldig lite riv. Litt av problemet med han tidlegare har vore at han berre har hatt eit einaste gir, og ikke heilt har klart å avpasse farten til vanskegraden i bana. Det begynner han å bli flinkare og flinkare på. Det er ei fantastisk kjensle å gå i lag med han. Eg byrja med å gå ut til hinder 3 å plassere meg. I og med at eg har ein veldig rask hund så er det viktig for meg å plassere meg strategisk i bana. Han har ingen trøbbel med ei slik bane, og eg kjenner at byttene våre blir meir og meir automatiske, det er veldig kjekt å få oppleve når det flyt.

I dag har eg trent på litt forskjellige ting. eg har trent ein god del på denne boksen, på å få Ted til å forstå signala mine, kortid han skal bevege seg ut i boksen og kortid han skal komme inn i boksen. Treninga i dag har gått kjempebra, ingen riv i byttene mine heller og det betyr at han begynner så smått om senn og venne seg på det at eg tar bytte framfor han.
Når det gjeld bloggen no så ligg eg vist litt i bakleksa, dei siste dagane har gått fort i svingane.

