mandag 26. februar 2007

Teambonzo i farta....

TUNNELHUND !!!!!!


Søndag 25 februar.

GAdd ikkje å skrive inn i bloggen etter trening i går, så datoane i bloggen min går vist i sus og dus, men det gjer jo ingenting.
Før eg reiste på ag-trening i går trente eg litt lydighet rundt hestane på Aase. Av ein eller annan grunn likar ikkje Ted hestar sjølv om eg har to av dei. Derfor var det ypparelg med hestar og ei "gardabikkje" som for rundt å gøydde ustoppeleg. Eg får nesten tårer i augene når han kjem på innkalling, rask og fine innsitt. Trente og litt apportering med forstyrringar i går. No kan han holde fast framfor førar både sittande og ståande, i utgposisjon, under bevegelse, gripe i frå bakken og setje seg tilbake i utgangspossjon. Det eg ser er at eg har alle desse variantane heime, men eg er nødt til no og reise rundt å jobbe mykje med forstyrringar slik at han gjer det alle plassar. Tok meg ei økt med fri v/fot og no begynner det verkeleg å løysne, fokuset hans er kjempebra no, men det eg må passe på er at han ikkje hamnar for langt framme det gjer han av og til når han blir litt ivrig. Audun ; Sissel, Bodhild, Gunnar, Arve og Kristian tok tannvisning med Kristine lagde litt forstyrringar rundt med Timmie. TAnnvisninga gjekk kjempeflott. Det er supert med gode treningskameratar.
Vi sette opp ei handlingsbane nok ein gong. Før eg starta tok eg og baklengskjeda inngangen på slalomen, det var ein vanskeleg inngang, så eg ville gjerne forsikre meg om han kunne treffe inngangen sjølvstendig før eg sette på resten av kombinasjonen.Kriteria mine er at han skal treffe på første forsøk og han skal ikkje legge av farten for å treffe inngangen. Dette gjekk akkurat så bra som eg hadde håpa på. Det er faktisk 10 treningar sidan han bomma på ein inngang.HAn drønna inn i slalomen, han bomma ikkje ein einaste gong i heile går, (7 repetisjoner)han begynner verkelg å få påliteleg atferd når det gjeld slalom.
Handlingssekvensen før slalomen gjekk som ein røyk, han reiv 1 pinne på hinder 5 , fordi eg drog litt for tidleg av til neste hinder, ellers ingen riv. Det begynner å bli bra. Trente litt felter til slutt.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hallo . Kul side !!!