tirsdag 22. januar 2008

Serpentiner......

Får ikkje til å å overføre banene frå teikenprogrammet til bloggen, derfor blir det skikkelege amatørteikningar i dagens blogginnlegg......

Vi har stort sett jobba med denne kombinasjonen i dag.








Ted på vei inn i ein 270 graders sving....

I dag er det serpentiner som har stått i fokus i treningsøktene mine.
Serpentiner : 3 hinder der du kan gjere eit framforbytte på begge sider av hinderet i midten. Serpentiner kommer i alle mulige formasjoner og vanskegrader.
Den mest vanlige serpentinen er grinden med tre hinder ( sjå teikning over nr.1).
Serpentiner sniker seg inn over alt i ei agilitybane og det er noko som fører og hund må lære seg å sjå i ei agilitybane. Før brukte eg å løyse ei serpentine med å ta to raske framforbytter. Det går for så vidt greitt heilt til du får ei vanskeleg serpentin, då er det ofte vanskelegare sette gode framforbytter med god timing. Det eg har slite med ein del er at eg kom meg ikkje fort nok i posisjon til framforbyttene mine, timinga blir då dårleg og ein har gjerne ikkje kroppen i den retningen som hunden skal, det blir då veldig lett feil, ikkje minst får hunden feil informasjon om kor han skal henne på neste hinder ( unngå gråsoner, i ei agilitybane er det utruleg mange gråsoner viss ikkje fører gjer jobben sin skikkeleg). No har eg lært Ted at i staden for to raske framforbytter ein på kvar side av serpentinen, så jobber eg no heile serpentinen på same side, men i staden for å foreta eit framforbytte skifter eg arm, noko som for min hund betyr skift linje.( sjå den øverste figuren) Dette blir veldig effektivt og det fører til å ein stort sett allitd er i rett posisjon.,

Det eg og Ted har jobba mest med i dag er at han ikkje skal skifte linje før eg bytter arm.
Ted har blitt ganske god på i enkelte sammenhenger å oversjå mine signal og bestemme veien vidare sjølv. Dette fører ofte til disk ute i konkurranse fordi han tar hinder han ikkje skal.
Derfor har vi jobba med i dag at han får belønning når han venter til signal er gitt. I dag har dette gått veldig greitt, han er blitt veldig flink til å følgje mine signal, dette fører jo til at vi får gode økter med fin progresjon.
Eg kan i allefall ikkje klage på arbeidslysten til gutten, han er med på alt som inneber fart og spenning. Av og til blir det nesten for mykje av det gode, det koker litt over for gutten inni mellom.
Men vi er på rett vei det er iallefall sikkert, det føles faktisk veldig bra og gå ut i ein bane og handle, når ein saman med hunden har lært inn viktige verktøy for å få ting til å fungere i stor fart. Kommunikasjon og samhandling mellom hund og fører, det er det agility handler om......




Ingen kommentarer: