mandag 21. januar 2008

Om det å lykkes........

Bonzo forteller mor noe viktig
Midt i ei leikeøkt.........
(Bildene er tatt av Kerstin Røskeland)
God jul og godt nyttår til alle to og firbeinte. Eg er vel lovleg seint ute med slike helsningar, det er allereie ein måned sidan jul. Skal sei at tida flyr.....
Hadde eg vore like dårleg på og trene som eg er til å blogge så hadde vi nok lagt dårleg an, men jeg tilhøyrer gamletypen som heller skriv ned i skriveboka i staden for på dataen. MEn eg har lova meg sjølv å bli betre på blogging, slik at fleire enn meg sjølv kan ta del i treninga vår. Det er alltid kjekt å få innspel frå andre.
I dag har eg sett på den nye dvd en til Greg Derrett "The Winning combination", og som alltid blir ein fylt av vidunderleg ny kunnskap og inspirasjon, samt meir og trene på. Men det slo meg medan eg såg på at det å lykkast med noko ikkje er ein tilfeldighet. Det er ein grunn til at mine to store forbilder Greg Derrett og Susan Garret har blitt så gode som dei er. HArdt, systematisk arbeid mot nye og bedre mål. Det eg synes er det absolutt beste med desse to er at dei aldri sluttar å forsøke seg på nye ting, bli enda bedre, utfordre seg sjølv til å bli enda betre. Dei hadde eigentleg hatt rikeleg anledning til å kvile på sine laubær og tenke at dei er kjempegode.
Det tenkjer eg faktisk veldig mykje på om dagen, det og utfordre meg sjølv til å prøve nye ting. Vi er så redde for å mislukkast at vi ofte blir liggjande på same kriterie alt for lenge. Dette fører ikkje nødvendigvis til framgang.
Forrige helg hadde vi kurs med Fanny Gott, "Grunnkurs for Tavlingshunden". Dette kurset var annerledes enn noko anna kurs eg har vore på. Eg lære utruleg mykje nytt, som eg faktisk ser stor nytte av berre no ei veke seinare. Det at hunden er godt grunntrent, forstår signala våre, og at vi unngår å bevege oss over i grå soner der du får problemer med å oppfylle kriteria dine. Då blir det endå vanskelegare for hundane våre å forstå kva vi vil fram til. Eg anbefaler alle som ikkje har gått på kurs hos denne flinke dama, å invitere henne til å ha kurs. Dyktig, engasjert og veldig opptatt av hunden sitt ve og vel og at faktisk både hund og eigar skal ha det morsomt. Takk for ei kjempeflott kurshelg FAnny.....


1 kommentar:

Kerstin sa...

Veldig bra skrevet Bodil. Det er så utrolig viktig det å være klar og tydelig. Når man klarer det så ser man fremgang med en gang. Kjekt å se du er på nett igjen.