søndag 30. mars 2008

Attityde.....

I agility har Ted ein upåklageleg attityde......alltid like ivrig..
Denne veka har snøen lege tjukk over Vestlandet. Bonzo er alltid like blid og han elskar snø...

Ted er midt i ei leikeøkt..


Ny øvelse....apportering av DZ skål....

Dagens blogginnlegg omhandler litt om korleis vi ser ut når vi trener(attityde). Dette er utruleg viktig i praktisk hundtrening. Eg har hatt ein del øvelser i lydighet som eg har slite med, spesielt øvelser der det er mykje presisjon, sånn som fri ved foten som har vore min topp 10 verst øvelse. Eg har belønna både meg sjølv og hunden for dårleg attityde og ting blir i allefall ikkje bedre av den grunn det er no heilt sikkert. Så ved hjelp av min gode medsammensvorne treningskompis Kerstin bestemte eg meg for å få til fri ved foten ein gong for alle.
Det første eg gjorde var å setje meg ned å finne ut av korleis eg ville det skulle sjå ut.Høg hale, stolt, energisk holdning. Byrja først med å gå bakover fordi det då er mykje lettare å sjå at du held kriteria og at hunden faktisk har slik holdning du har bestemt deg for. Eg har hatt ein tendens til å leggje fri ved foten sist i øktene mine. Dette har eg no snudd, og tar det først i staden. Så tenkte eg at på denne øvelsen måtte eg kunne bruke buret. No fjorten dagar etterpå hadde Kerstin berre ein kommentar WOw...Det som er rart er at når ein verkeleg tar seg i saman, så får ein det til, men det krevst ein innsats. Vi er langt i fra i mål, men no har eg i allefall ein hund som går i rett posisjon og som flyter bortover. Eg har kunne jobba på rette strekk i alle gangarter og heilt om holdt. Vi får sjå , men det kjennes i allefall mykje betre ut.
Fartsøvelsane våre blir bedre og bedre, diverse apporteringsøvelser, utsending til rute..
Fart og intensitet er noko som har vore omtala på ein del bloggar siste veka, det er veldig interessant tykkjer eg å ha slike diskusjoner der alle kjem med sine innspel og erfaringar.
For min del funker det slik at viss momenta i ein øvelse er godt innlært med ein god attityde (at hunden er heilt dønn sikker på kva den skal gjere til ei kvar tid), og det etterpå er godt baklenskjeda då er mi erfaring at farten kjem med på kjøpet. Men det trenger ikkje vere slik for andre. Eg ser at med ein gong hunden min blir usikker på eit moment så senkar han farten. Feks i starten med apporteringa før grepet var godt nok var intensitetn for lav. Men då er eg derimot tok ut momentet opptaket og jobba med det så vart det og ein heilt anna fart når eg sette det saman.
I går var eg på Bønes og såg på lydighet elite. Det var 17 ekvipajser påmeldt og heile noregseliten var der. Det var kjempemoro. Eg og Synnøve og Kerstin hadde ein strålande dag. Desse to damene er glimrande og konstruktivt selskap. Det var faktisk mykje bra lydighet og sjå. Ein god dommar og ringsekretær som fungerte utmerket i lag. Eg sette ein knapp på Øystein Ødegård, han fekk til slutt ein andre plass 0,5 poeng bak vinnaren. Men han hadde eit veldig godt og gjennomført programm. Det var mykje godt å sjå og vi storkoste oss og fekk mykje god inspirasjon. Ein ting som drar ned er at absolutt INGEN av dei har er bakpartskontroll, det hadde vore siste prikken over i en. To skritt bak og to til høgre var det ingen som klarte. Men dei fekk likevel 10 på fri ved foten.
Eg og Ted utnytta sjansen til å trene i alt dette sirkuset. Vi trente fri ved fot, dekk og stå under marsj og inn¨kalling med stå. Til min store forbauselse fungerte han kjempebra, han reagerte nesten ikkje på nokon av lydane, mykje klapping, høgtaalerannlegg, mykje bjeffing, hundar som passerte i alle størrelser. Dette var utruleg god trening for han som reagerer mykje på lydar...
Som sagt eit utmerka dag. Trefte og Eva og Simen som går på Trenerkurset, alltid like blide og trivelege. Som sagt superdupert..... Det som ikkj er så supert, er at eg i dag må vaske hus når eg berre var på rakkadeis i går. Ha ein god dag alle håpefulle........

2 kommentarer:

Marianne sa...

Ja, er det ikke helt utrolig hvor lite fokus det har vært på bakpartskontrol hos mange av de aller beste ekvipasjene???

Mitt hvite hus sa...

Takk for en flott helg selv Bodil:=)Det var mye bra å se i helgen. Takk for flott treningsøkt igjen i går. Vi snakkes.