mandag 10. mars 2008

Vinn eller forsvinn...

Fine gutten min ventar på tur.......

Då var helga over og vi har vore på stemne på Voss. Eskil Bjørnoe var dommar, og eg må berre seie at banene hans falt veldig i smak. Ei flott blanding av teknikk og fart noko som verkeleg sette oss handlarar på plass.

Vi byrja med agility og der blei det desvsverre ein soleklar disk, han gjekk eit godt løp, men eg vart for sein i eit framforbytte der eg seianre kom på at eg burde ha handla den som ein serpentin då hadde eg kome meg kloss opp i situasjonen( ein av bakdelane med ein rask hund er at du alltid må vere plassert nærast mogeleg neste hinder slik at hunden alltid veit kor han skal videre i banen, positional cue).

PÅ hoppløpet fekk vi litt av ei bane, eg fekk iallefall trimma godt i den løypa, Ted sette opp tempo og det var berre å hengje på. Eg synes nesten at det blir endå vansklegare å handle han når du får lange strekk der du plutseleg skal knekke av i ein anna retning. MEn vi starta kjempeflott og han hadde flyt heilt til fjerde siste hinder som var slalom, der klarer eg det kunststykke og rope til han midt i slalomen, fliiiiiiink gutt........TEd ser på mor og lurer på kva i alle dagar det er som skjer. Der med var dei fem feila eit faktum og ingen napp på oss denne gongen, det var som berre..............

Siste løpet vann han med god margin flinke gutten min.

Ting eg har fått testa i helga som eg er SUPERFORNØYD med :
  • Startane hans, han sit så fint og balansert med vekta på bakparten

  • Gjekk inn i utg.pos både på høgre og venstre side (innsitt på høgre side har han nettopp lært) Det er berre heilt utruleg at eg ikkje har tenkt på å lære han dette før.

  • Feltene, han hadde nydelege og nøyaktige felter, gjekk på fri kommando

  • Flink å lese linjer

  • Veldig lydhør og fin

Sjølv om eg var litt rusten så er eg veldig fornøyd med TEd. Det er mange ting som skal klaffe, det gode er at no får vi berre leggje oss i selen og trene endå meir. Vi må rett og slett skaffe oss litt meir rutine. Neste stemne er 12-13 april her heime, så går turen til Arendal etter det......I dag har eg og TEd sysla litt med burleikar og det begynner sakte men sikkert og ta form. Bjørnar har og hatt ein runde med meg der han har tagga meg for riktig armbruk over hindera, eg slurvar ein del med det. Men det blir betre og betre.

Eg sier som Susan Garrett "you can t have speed without understanding".......Fornuftig dame.....

4 kommentarer:

Siv sa...

Når kommer du til Arendal? :)

Team Bonzo sa...

Siste helga i april

Simen sa...

Kjekt å treffe deg i dag :) Tror Oliver satte stor pris på pølsebitene!

Team Bonzo sa...

Super kjekt å treffe dåke og . Like blide og fornøyde begge to.
We snakes
Bodil