torsdag 31. juli 2008

Ei lita treningsøkt....

To kjempegode venner, lurer på og mathias blir rytter når han blir stor eller agilitystjerne, kva om han ikkje blir noko av delane
Gode venner




Denne kombinasjonen øva vi på. Tok ein LOP ved 5, 7-8-9 ein serpentin, tok eit framforbytte frå 11-12 og så ei strak linje i mål....
Det er veldig varmt på Vestlandet om dagen.
Eg og Ted har hatt oss nokre småøkter i dag, spesielt fokuserer vi på slalom om dagen, at han skal gå ferdig sjølv om eg spring alt eg klarer motsatt veg eller langt sideveis. Han begynner å forstå konseptet og er blitt veldig flink.
Denne kombinasjonen har vi øva på i dag.....Først i økta fokusere på Lead out Pivot (innkalling med framforbytte) og eg må seie at TEd no verkeleg har begynt å forstå at han skal sjå framover for å finne linja si. Bjørnar tok det opp på film og det ser veldig bra ut. Han er og blitt flink til å lese alle signaler han får, ikkje slik som før at viss eg stoppar så rusja han berre vidare. Han har blitt veldig lydhør. Dette var noko som Justine minte oss ofte om at la hunden av og til berre drive inn til fører, på den måten får ein og testa at hunden faktisk forstår signala våre og ikkje gjer ting på eiga hand. På 7-8-9 der testa eg både med serpentin, treadle og push through, flott respons på alle. Vi kunne ikkje trene så lenge då gradestokken kraup opp mot 30 varmegrader.
Med Kelly har eg trena One jump og sirkelarbeid, ho er verkeleg dyktig. No kan eg gå i fra henne på 30 meter og ho sitter tilbake. Ho har ein flott respons både når eg støttar farten hennar framover, når eg bremsar, stoppar opp, generelt er ho veldig flink å følgje signala mine. Neste veke då skal vi skifte taket på huset vårt, då skal vi og bytte takrenner. Bjørnar kom då på at eg kunne kappe opp biter av takrenna og bruke det til bumbs til hoppteknikken, han er smart den mannen min.
Ellers har vi og kosa oss med is i varmen. Mathias og mammen avslutta dagen med ein ridetur på Pernille. Derfor blir det eit bilde av Pernillle og Mathias i dag......

1 kommentar:

Simen sa...

Så flink du har blitt å oppdatere! :) Morsomt og spennende å lest hvordan det går med treningen.