fredag 1. august 2008

Bakdelskontroll....

Lille Kelly som snart ikkje er liten lenger. Det er ein fantastisk fin og ivrig hund.

I dag har eg og den godaste Kelly lagt agility på hylla, det var altfor varmt i dag 29 grader.
I staden har vi trent på litt andre grunnferdigheter, feks bakdelskontroll.
Kelly har hundre gongar bedre bakdelskontroll enn Ted, sjølv om eg faktisk synes at Ted er flink. I alle hundegrener har ein bruk for at hunden engasjerer bakparten.
Frå eg fekk Kelly 8 veker gammal har vi trent bakpartskontroll i form av jobbing med klossen på venstre og høgre hand, vi har og trent på vektforskyvning i leik. Her har eg rett og slett klikka og belønna Kelly for å legge vekta godt bakover.
Dette har eg jobba med paralellt :
- Få ho til å rygge rett bak når ho står framfor meg, dette er ein grunnferdighet som er særdeles viktig både i agility og lydighet, og ein grunnferdighet som sammen med andre grunnferdigheter blir veldig viktig i mange lydighetsøvleser, stå under marsj feks.
- Rygge ved siden min, ho rygger veldig lett rett bakover og i baklengsfrikant, skal ein nokon gong konkurrere i høgare klasser i lydighet så er rygging og vendingar noko av det som hunden må kunne. Eg har lært det inn med å ta pittesmå steg. Med Kelly har eg i grunn aldri brukt nokon vegg, men eg har vore veldig påpasseleg med at det blir skikkeleg, altså veldig små steg.
Går du i for store steg havner hunden fort bak deg. Det som har vore kjekt med rygginga er at ho fekk og veldig fort ein fin fri ved foten, der Bjørnar filma slik at eg fekk sjå at ho ikkje gjekk på to spor, altså beint og eg fekk og sjå at ho hadde god attityde (holdning). HO går flott fri ved foten både på venstre og høgre side noko som er ein stor fordel for agilitien og tørrhandlinga. Eg ser at Ted har blant anna større problrm med sirkelarbeid på høgre side av den enkle grunn av at han ikkje er vant til å være der. Dette har heldigvis vorte mykje bedre, når ein berre blir klar over ting og får trent på det så blir det bra til slutt.
- Sidelengsbakpartskontroll, venstresvinger og innganger.
Kelly har blitt kjempeflink på sideforflyttninger både til høgre og venstre og på inngangene sine har ho like god flyt på venstre side som på høgre.
I dag har vi eigentleg mest tatt for oss venstre og høgre vendinger og ho føl kjempefint. Har begynt å sette det sammen med litt rett strekk og så nokre vendiger til høgre og så til venstre, i økta i dag veksla eg på høgre og venstre vendinger. det er viktig å holde øktene korte og intensive, mykje gode leikeøkter.
Ein annan ting eg er veldig påpasseleg med er min eigen bevegelse, det er veldig lett for å få ein liten skuldervridning eller bevegelse som vil oppleves som hjelp på sikt og hunden blir avhengig av denne spesifikke bevegelsen. Dette er forfredeleg viktig i agility, men og i lydighet.
Der har eg fått ein del gratis i forhold til lydighet at eg har trent agility. Passer eg ikkje skuldre, hofter og tær så går hunden i ein annen retning enn eg kunne tenke meg, så pass på det er lett for å få pittesmå bevegelser som ein ikkje er klar over.
oooooppppsss klokka er visst langt forbi leggetid.....

Ingen kommentarer: